DS «Jupiter» (1916)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karriere  Noreg
Namn: DS «Jupiter»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: A/B. Lindholmen Varv, Gøteborg, Sverige
Byggekostnad: 1 177 503 kr[1]
Verftsnummer: 423
Jomfrutur: Januar 1916
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: MLPJ - MSTR - LEBA
Lagnad: Opphogd 1960
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 2 557 brt, 1 439 nrt
Daudvekt: 1 750 tdw.
Lengd: 305,2 fot (93,0 m)
Breidd: 41,7 fot (12,7 m)
Djupgang: 18,5 fot (5,6 m)
Installert effekt : 485 nHk, 1 030 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Lindholmens Verkstad, Gøteborg)
Fart: 15,5 knop
Passasjerar: 1916-1940: 170
etter 1940: 150 passasjerar
Karriere  Hellas
Namn: DS «Hermes»
Eigar: Epirotiki Steamship Nav. Co
Heimehamn: Pireus
Lagnad: Opphogd 1960

DS «Jupiter» (kallesignal MLPJ - MSTR - LEBA) var eit dampskip bygt i 1916 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Lindholmens Varv i Gøteborg og kosta 1 177 503 kroner[1] då det vart levert i januar 1916. [2] 26. januar vart ho sett inn i ruta til reiarlaget mellom Bergen og Newcastle i England.

Under første verdskrigen vart skipet i mars 1918 rekvirert av britiske styresmakter under The Shipping Controller i London, operert av Union Castle Line under britisk flagg. I januar 1919 vart det ført attende til Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen, og gjekk inn att i ruta Bergen-Newcastle.

2. juni 1923 fekk «Jupiter» motorhavari på veg til Newcastle. TS «Leda» vart kontakta telegrafisk og slepte «Jupiter» til munningen av Tyne. For berginga vart «Leda» i sjøretten tilkjent 120 000 kroner i bergingsløn, trass i at begge fartøya var eigd av BDS. 25 % av bergingsløna måtte betalast av kaskoassurandøren A/S Polaris og 24 % av A/S Norske Alliance.[3]

I 1933 var det brann i forrommet i skipet. Skipet vart ombygd for ruta Trondheim - Bergen - Rotterdam i 1937. DS «Vega» tok då over ruta til England.

Under det tyske åtaket på Norge 9. april 1940 låg «Jupiter» i Bergen. Skipet vart rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta og frå 16. april brukt som losjiskip for norske krigsfangar ved Eidsvågneset i Bergen, saman med den andre englandsbåten til BDS, TS «Leda». I august 1940 vart «Jupiter» nytta av tyskarane som troppetransportskip langs norskekysten, men skipet segla med norsk besetning og norsk flagg. I 1940 havarerte skipet nordpå og vart reparert i Trondheim. I 1941 kolliderte skipet nordpå og vart reparert i Kristiansund. Året etter, i 1942, kolliderte skipet nok ein gong, denne gongen med Thv. Halvorsens kai i Oslo. Skipet vart reparert i Oslo. På grunn av ein uoppdaga materialfeil brann propellakselen fast og aksel og hylse vart fornya.[1]

I oktober 1944 vart skipet overteke av tyskarane, og selga med tysk mannskap og tysk flagg. Ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945 låg «Jupiter» i København, og 15. juni ble skipet levert tilbake til Det Bergenske Dampskibsselskab. Ho gjekk til Lindholmens Verkstad i Göteborg for reparasjon og ombygging, og i februar 1946 var skipet attende i ruta Bergen – Newcastle. I 1953 vart «Jupiter» erstatta i Englandsruten av det nybygde dampturbinskipet TS «Leda». Sommaren 1953 gjekk «Jupiter» nokre rundturar i Hurtigruten. Frå april til august 1955 gjekk ho som avløyserskip i Hurtigruta etter at DS «Nordstjernen» forliste i Raftsundet 22. september året før.

Skipet fekk eit stort havari i juni 1948 og vart reparert i Antwerpen. Det vart då ombygd til oljefyring.

Skipet vart delvis brukt i Hurtigruten i 1953.

2. september 1955 vart skipet selt til Epirotiki Steamship Nav. Co i Pireus i Hellas. Skipet vart ombygd til cruiseskip og det fekk namnet «Hermes». 4. mars 1960 braut det ut brann medan skipet låg i Pireus for innreiingsarbeid. Det vart totalskadd og sett på standa i Sileniaibukta på øya Salamis. Den 8. mars vart det sett på sjøen att, og i desember slept til Perama i Italia for opphogging.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 2 557 brt, 1 439 nrt og lasteevna var 1 750 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 686 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Lindholmen. Oppgjeven yting var 1 030 iHk (indikerte hestekrefter) og 485 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 15,5 knop.[1] I 1916 var det rom til 88 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og 82 på 3. plass. I 1940 var det 70 passasjerar på 1. plass og 8 på 3. plass.[1]

I 1923 fekk skipet installert contrapropellar, og i 1928 nytt contraror. I 1938 fekk skipet ny radio og i 1939 vart det sett inn ekkolodd.

I 1931 vart det bygd kjøleanlegg i lasteromma, med ein kapasitet på 1 120 m³.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Jupiter». Sjøhistorie.no. Henta 26. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 26. april 2020. 
  3. «Da "Leda" berget "Jupiter"». Bergens Tidende. 10. november 1925. s. 7. Henta 28. april 2020.