Det sørlege triangelet

Koordinatar: Sky map 16h 00m 00s, −65° 00′ 00″
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det sørlege triangelet
Det sørlege triangelet
Det sørlege triangelet
Latinsk namn Triangulum Australe
Forkorting TrA
Genitivsform Trianguli Australis
Symbologi Namngitt av Bayer
Rektasensjon 16 h
Deklinasjon -65°
Areal 110 kvadratgrader
nr. 83 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne α TrA (Atria) (1,91. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +25° og −90°

Det sørlege triangelet (frå latin Triangulum Australe) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart første gongen avbilda på himmelkula som Triangulus Antarcticus av Petrus Plancius i 1589, og seinare meir nøyaktig og med det noverande namnet av Johann Bayer i hans Uranometria frå 1603. Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille kartla og gav dei lysare stjernene Bayernemning i 1756.

Alfa Trianguli Australis, kalla Atria, har 2. storleiksklasse og ei oransje kjempe og den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, i tillegg til den 42. mest lyssterke på nattehimmelen. Dei andre to stjernene i trekanten er to kvite hovudseriestjerne Beta og Gamma Trianguli Australis. Sjølv om stjernebiletet liigg i Mjølkevegen og har mange stjerner, er det ikkje mange kjende djupromsobjekt. Kjende objekt er mellom andre den opne hopen NGC 6025 og den planetariske tåka NGC 5979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Det sørlege triangelet