Kompasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kompasset
Kompasset
Kompasset
Latinsk namn Pyxis
Forkorting Pyx
Genitivsform Pyxidis
Symbologi Frå skipet Argo Navis
Rektasensjon 9 h
Deklinasjon −30°
Areal 221 kvadratgrader
nr. 65 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Pyx (3,68. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +50° og −90°

Kompasset (frå latin Pyxis) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Kompasset er heilt synleg frå breiddegrader sør for 53 grader nord og er best synleg på kveldshimmelen frå januar til mars. Den mest lyssterke stjerna er Alfa Pyxidis med storleiksklasse 3,68.

Kompasset vart innført av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet. Han kalla det Pyxis Nautica, men namnet vart forkorta. Stjernebiletet ligg nær dei som danna det gamle stjernebiletet Argo Navis.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Kompasset er eit lite stjernebilete som grensar til Vasslangen i nord, Akterstamnen i vest, Seglet i sør og Luftpumpa i aust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart sett av Eugène Delporte i 1930.

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 3,68, er Alfa Pyxidis den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Ho er ei blåkvit stjerne med spektralklasse B1.5III som ligg kring 880 lysår unna.[1] Den nest mest lyssterke stjerna har stprleiksklasse 3,97 er Beta Pyxidis, ei gul lyssterk kjempe eller superkjempe med spektralklasse G7Ib-II kring 420 lysår unna.[2] Ho har ei følgjestjerne med storleiksklasse 12,5 skild av 9 bogesekund.[3] Gamma Pyxidis er ei oransje kjempe med spektralklasse K3III som ligg kring 207 lysår unna. Den tilsynelatande storleiksklassen er 4,03.[4] Kappa Pyxidis vart katalogisert, men fekk ikkje Bayernemning (gresk bokstav) av Lacaille, men Gould følte at stjerna var lyssterk nok til å få ein bokstav.[5] Kappa er eit fleirstjernesystem med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,58 og ligg 500 lysår unna. Hovudkomponenten er ei oransje kjempe med spektralklasse K4/K5III.[6] Theta Pyxidis er ei raud kjempe med spektralklasse M1III og halvregulær variabel med to målte periodar på 13 og 98,3 dagar, og har ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,71 i snitt. Ho ligg 500 lysår unna.[7]

4 grader nordaust for Alfa ligg T Pyxidis,[8] ei dobbeltstjerne som ligg kring 3 300 lysår frå jorda. Ho er ein periodisk nova og vart så lys som 7. storleiksklasse i 1890, 1902, 1920, 1944, 1966 og 2011, medan ho vanlegvis har 14. storleiksklasse.

TY Pyxidis er ei formørkande dobbeltstjerne med ein samla tilsynelatande storleiksklasse 6,9. Dei to komponentane har begge spektralklasse G5IV,[9] og ein masse på 1,2 solmassar og ein diameter på 2,2 gonger sola vår. Dei krinsar rundt kvarandre kvar 3,2 dagar.[10] Systemet er klassifisert som ein RS Canum Venaticorum-variabel og ligg kring 184 lysår unna.[9] RZ Pyxidis er ei anna formørkande dobbeltstjerne, med to unge stjerner som er mindre enn 200 000 år gamle. Begge er varme, blåkvit stmerner med spektralklasse B7V og er kring 2,5 gonger så store som sola våre. Den eine er fem gonger så lsyserk som sola og den andre kring fire gonger så lyssterk.[11] Systemet er klassifisert som ein Beta Lyrae-variabel, med ein midla tilsynelatande storleiksklasse på 9,1 og ligg kring 1220 lysår unna.[12] AK Pyxidis er ei raud kjempe med spektralklasse M5III og er ein halvregulær variabel med ein midla tilsynelatande storleiksklasse på 6,42.[7] VY Pyxidis er ein BL Herculis-variabel (kefeide), som varierer mellom tilsynelatande storleik 7,13 og 7,40 over ein periode på 1,23995 dagar.[13]

Den nærmaste stjerna til jorda i stjernebiletet er Gliese 318, ein kvit dverg med spektralklasse DA5 og tilsynelatande storleiksklasse 12,00,[14] som ligg 26 lysår unna.[15] WISEPC J083641.12-185947.2 er ein brun dverg som ligg kring 72 lysår frå jorda og vart oppdaga med infraraud astronomi i 2011.

Kompasset har tre stjerner med stadfesta planetsystem: HD 73256 er ei gul stjerne med spektralklasse G9V og ein varm jupiter, HD 73256 b, som har ei omlaupstid på 2,55 dagar. Ho ligg 119 lysår unna. HD 73267 er ei stjerne med ein planet HD 73267 b som har ei omlaupstid på 1260 dagar. Gliese 317 er ein raud dverg kring 50 lysår unna som har to gasskjemper i omlaup. Systemet er ein god kandidat for framtidig leiting etter framtidige jordaktige planetar.[16]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Kompasset ligg i planet til Mjølkevegen, men ein del av den austlege delen som er mørk, med materie som dekkar galaksearmen vår der. NGC 2818 er ei planetarisk tåke som ligg innafor ein lyssvak open hop med storleiksklasse 8,2.[17] NGC 2613 er ein spiralgalakse med storleiksklasse 10,5 som er spindelforma sett frå jorda.[18]

Henize 2-10 er ein dverggalakse som ligg kring 30 million lysår unna. Han er kjend for å ha eit svart hòl på kring ein million solmassar i sentrum. Han er ein starburstgalakse på grunn av særs hyppig stjernedanning og har ein blåaktig farge på grunn av mange unge stjerner.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Online-kjelder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kompasset

Koordinatar: Sky map 09h 00m 00s, −30° 00′ 00″