Drive My Car
|
Baby, you can drive my car, |
«Drive My Car» er ein song skrive av Paul McCartney og John Lennon, gjeve ut av The Beatles på albumet Rubber Soul i 1965. Den livlege og muntre songen er opningssporet på dette albumet.
Innhaldsliste |
[endre] Tekst
Forteljaren i songen vert fortald av ei kvinne at ho kjem til å bli ei kjend filmstjerne og ho tilbyr han å verte sjåføren hennar, og legg til «and maybe I’ll love you.» Då han svarar med at «prospects are good», så svarar ho at «working for peanuts is all very fine/but I can show you a better time». Han godtar forslaget hennar, men ho innrømmer at ho ikkje har bil, men «found a driver and that’s a start».[1]
I følgje McCartney var «Drive my car» ein gammal eufemisme i blues for sex.[2]
[endre] Komposisjon
McCartney og Lennon skreiv songen heime hos Lennon etter at McCartney kom til Lennon med delar av melodien.[3] Det opphavlege refrenget starta med «You can buy me diamond rings», ein setning som hadde vorte nytta i liknande form to gonger før i «Can’t Buy Me Love» og «I Feel Fine».[4] Lennon likte ikkje teksten.[5] Dei valde å skrive teksten på ny og etter ei lang stund kom dei fram til «drive my car»-temaet.[6]
[endre] Innspeling
«Drive My Car» vart spelt inn ved Abbey Road Studios den 13. oktober 1965 i det som vart den første innspelingsdagen til the Beatles som strekte seg over midnatt.[7] McCartney arbeida tett med George Harrison og la ned det grunnleggande rytmesporet og dei spelte dei same linjene på bass og gitar, etter forslag frå Harrison. Harrison hadde lytta til Otis Redding sin «Respect» på denne tida og som følgje av dette hadde meir «Drive My Car» botn enn tidlegare Beatles-songar med ein tung bass liknande Memphis-stilen.[4]
McCartney spelte òg gitarsoloen, sjølv om Harrison komponerte riffet som underbygger versa.[4]
[endre] Medverkande
- Paul McCartney: Solovokal, piano, sologitar og bass
- John Lennon: Solovokal og kubjølle.
- George Harrison: Rytmegitar og støttevokal
- Ringo Starr: Trommer og tamburin
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles' Song, Harper, New York: 1994, ISBN 0-06-095065-X
- ↑ Alan Aldridge, Ed. (1990) The Beatles Illustrated Lyrics, s. 24 – Houghton Mifflin / Seymour Lawrence. ISBN 0-395-59426-X.
- ↑ Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 270 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
- ↑ Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 269 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Ian MacDonald (1994) Revolution in the Head: the Beatles' Records and the Sixties, s. 132-133 – Henry Holt and Company, New York. ISBN 0-8050-2780-7.
- ↑ Bob Spitz (2005) The Beatles: The Biography, s. 586 – Little, Brown, Boston. ISBN 0-316-80352-9.
- ↑ The Beatles (2000) The Beatles Anthology, s. 194 – Chronicle Books, San Francisco. ISBN 0-8118-2684-8.
- ↑ Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 63 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.