Dugong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dugong

Status i verda: VU Sårbar[1]

Dugong med kalv
Dugong med kalv

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Infraklasse: Theria
Orden: Sjøkyr
Familie: Dugongidae
Slekt: Dugong
Art: Dugong
Vitskapleg namn
Dugong dugon

Dugongen (Dugong dugon) er den minste arten av sjøkyrne. Eit fullvakse dyr er som regel under 3 meter. Dugongar lever av å beita på sjøgras i tropiske kystområde i Afrika, Asia og Oseania. Bestanden har gått ned eller forsvunne frå mange område der det tidlegare levde mange dugongar. Sidan 1982 har dei vore rekna som sårbare av IUCN.[1]

Leveområdet til dugongen.

Leveområde[endre | endre wikiteksten]

Dugongane fanst ein gong i heile Stillehavet og Det indiske havet, men bestanden er gått kraftig ned. Det finst grupper på ti tusen dyr eller meir rundt Det store barriererevet og Shark Bay i Australia og i Torressundet sør for Ny-Guinea. Det fanst truleg eit stort tal dugongar ved kysten i Mosambik og Kenya før 1970, men desse har no minka. Det finst òg ei mindre gruppe ved Palau. I januar 2003 vart ein dugong på 2 meter og 300 kg fanga utanfor Tanzania. Det var den første på 70 år.

Beitande dugong ved Marsa Alam i Egypt.

Skildring og levevis[endre | endre wikiteksten]

Dugongen har stor, sylindrisk forma kropp som smalnar i begge endar. Han kan bli 2,5–3 meter lang og vega 150–250 kg. Han har ein flat hale med to flikar, som kvalar. Som andre sjøkyr har han to framlemmer, sveivar, som dei bruker til å bevega seg rundt med. Dyret har ein kort snute som vender nedover slik at det lett kan beita på havbotnen. Nasebora har kraftige opne- og lukkemusklar. Dugongane har små, sirkelrunde auge og svært små øyreopningar.

Ofte lever dyra i par, i nokre høve i mindre grupper. Kalven følgjer mora til han er heilt utvaksen. Dugonghoer får få kalvar i løpet av livet, og bruker mykje tid og innsats på å fostra dei opp. Dyra kan bli fleire tiår gamle, men den seine reproduksjonsraten gjer at bestanden vanskeleg kan ta seg opp igjen etter drap eller dødsfall av mange dyr på grunn av svolt eller sjukdom.

Dugongar kan berre leva der dei har god tilgang på sjøgras. Dei held seg dermed ved kystar der dette veks. Tap av sjøgras gjennom utbygging eller ekstremvêr er dermed eitt av fleire trugsmål mot arten.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.