Dwight D. Eisenhower
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dwight David Eisenhower | |
| President i USA | |
| Regjeringstid | 20. januar 1953–20. januar 1961 |
|---|---|
| Fødd | 14. oktober 1890 i Denison i Texas |
| Død | 28. mars 1969 i Washington D.C. |
| Føregjengar | Harry S. Truman |
| Gift med | Mamie Eisenhower |
| Born | Doud Dwight Eisenhower (1917–1921)
|
Dwight David Eisenhower (20. januar 1890–28. mars 1969) var ein politikar og president i USA. Han gjorde karrière som offiser i hæren, heilt til han vart general og øvste sjef for USA sine militære styrkar i 1942. I 1944 var han den overorderna sjefen for dei allierte si krigføring på vestfronten mot slutten av andre verdskrig. Mellom anna var han øvstkommanderande under Invasjonen i Normandie. Han vann presidentvalet i 1952 over demokraten Adlai Stevenson, og vart attvald i 1956.