James A. Garfield
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| James Abram Garfield | |
| President i USA | |
| Regjeringstid | 4. mars 1881–19. september 1881 |
|---|---|
| Fødd | 19. november 1831 i Moreland Hills i Ohio |
| Død | 19. september 1881 i Long Branch i New Jersey |
| Føregjengar | Rutherford B. Hayes |
| Gift med | Lucretia Garfield |
James Abram Garfield (19. november 1831–19. september 1881) var ein politikar i USA. Han var president i USA frå 4. mars til 19. september 1881. Han var nummer 20 i rekkja over presidentar.
Garfield vart skoten i eit attentat den 2. juli 1881. Den 19. september 1881 døydde han av skadane. Han fekk dermed den til no nest kortaste tida som president i USA, etter William Henry Harrison.
| Føregjengar Rutherford B. Hayes |
President i USA 1881–1881 |
Etterfylgjar Chester A. Arthur |