Thomas Jefferson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Jefferson
Thomas Jefferson rev.jpg
President i USA
Regjeringstid 4. mars 18014. mars 1809
Fødd 13. april 1743 i Shadwell i Virginia
Død 4. juli 1826 i Montecello i Virginia
Føregjengar John Adams
Gift med Martha Wayles Skelton Jefferson

Thomas Jefferson (13. april 17434. juli 1826) var ein amerikansk statsmann og den tredje presidenten i USA (1801-1809). Jefferson var hovudforfattaren til den amerikanske sjølvstendeerklæringa og ein av dei mest innflytelsesrike av grunnlovsfedrene i USA, som ein sterk pådrivar for ei republikansk amerikansk nasjon.

Thomas Jefferson var med på å skipe, og var leiar av, Det demokratisk republikanske partiet i USA, som var dominerande i amerikansk politikk i 25 år og forløparen til Det demokratiske partiet. Han stilte til presidentvalet i USA i 1796, som motkandidat til dåverande visepresident John Adams (føderalist). Han tapte valet, men vart utnemnd til visepresident. I 1800 stilte han til val mot Adams nok ein gong, og vann. Dette vert rekna for det første demokratiske valet der makta vart overført frå eit parti til eit anna.

Thomas Jeffersen døydde på same dag som forgjengaren sin, John Adams.

Nokre hendingar i tida som president[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.