Frostating lagmannsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frostating lagmannsrett held til i Tronheim tinghus.
Frostating lagmannsrett sine tidlegare lokale på Kalvskinnet i Trondheim.

Frostating lagmannsrett er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg og har sete i Trondheim.

Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.

Jurisdiksjon[endre | endre wikiteksten]

Lagdømmet omfattar fylka Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, jamfør oversikta nedst på sida over tingrettar som høyrer til Frostating lagdømme.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Domstolen held til i Trondheim tinghus og har faste rettsstader på Molde, i Kristiansund og i Ålesund. Den blir leidd av ein førstelagmann og har i tillegg to lagmenn og 15 fast utnemnde lagdommarar. Den har vidare ein administrasjonssjef og elleve funksjonærar. Retten har 17 dommerembete og 9 sakshandsamarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet har domstolen fått frå det gamle Frostatinget som vart halde på halvøya Frosta i Trondheimsfjorden. Rettsdistriktet femner stort sett same området som høyrde under (Frostatinget) i seinare tid.

Førstelagmenn i Frostating lagmannsrett[endre | endre wikiteksten]

  • Sverre Dragsten, 1991 til 2001
  • Aage Rundberget

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]