Otto Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otto Sverdrup
Foto: Fridtjof Nansen

Otto Neumann Knoph Sverdrup (31. oktober 185426. november 1930) var ein norsk polarforskar og sjømann.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Otto Sverdrup var fødd på garden Horstad gård i Åbygda i Bindal kommune som nest eldst i ein syskenflokk på 10. Han tok skipsførareksamen i 1877 etter å ha arbeidd som sjømann frå 17-årsalderen. Foreldra Ulrik Fredrik Suhm Sverdrtup og Petrika (Petra) Knoph flytta med familien til Steinkjer omkring 1874, og dette vart då plassen Otto Sverdrup kalla heime for ei tid.

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup deltok i 1888 på Fridtjof Nansen sin ekspedisjon på ski over Grønland. Nansen og Sverdrup vart nære vener og fekk stor respekt for kvarandre under ferda. Under bygginga av polarskuta «Fram» hjå Colin Archer i Larvik 1891–1892 var Sverdrup med som skipsinspektør og det var han som hadde ideen til korleis riggen skulle vere. Nansen sette han til å vere skipper på «Fram» og nestkommanderande for ekspedisjonen der skuta skulle drivast med isen over Polhavet. Ekspedisjonen varte frå 1893 til 1896 og etter at Nansen og Hjalmar Johansen hadde lagt ut frå skuta for å prøve å nå Nordpolen med ski og hundesledar var det Otto Sverdrup som leida resten av ekspedisjonen og førde skuta heimatt.

Sverdrupøyane. (Kjelde: NASA)

Mellom 1898 og 1902 leidde han sin eigen «Fram»-ekspedisjon der han freista å sigle så langt nord som det lét seg gjere på vestsida av Grønland før dei skulle fortsetje turen rundt nordenden av øya med hundesledar. Ekspedisjonen måtte gje opp dette, dei klarte ikkje å forsere Kennedykanalen og i staden gav dei seg mot vest og overvintra fire år på Ellesmereøya og gjorde der mykje forsking. Dei kartla mellom anna flora og fauna og gjorde oseanografiske observasjonar.

Ekspedisjonen kartla også nytt land. Dei vestre og sørlege delane av Ellesmereøya var ikkje tidlegare kartlagd og fjordarar og annan topografi vart dokumentert og namngjeve. Ekspedisjonen kartla også ei øygruppe vestom Ellesmereøya, øyane fekk namnwt Sverdrupøyane. Dei tre største øyane vart kalla opp etter tre av sponsorane av ekspedisjonen; Axel Heibergs land, Ellef Ringnes' øy og Amund Ringnes' øy. Tilsaman kartla ekspedisjonen mellom 150 000 og 200 000 km² land. Då «Fram» kom attende til Noreg i 1902 og sigla inn til Kristiania 28. september var mellom 60 000 og 100 000 møtt fram for å ta dei imot.

Otto Sverdrup leia sidan bergingsoperasjonar i nordhavet i 1914 og 1920 og han deltok i søka etter Umberto Nobile i 1928. I 1923 leia han ein ekspedisjon til Svalbard.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Den 27. september 1902 vart Sverdrup vart tildelt storkross av St. Olavs Orden for innsatsen sin under «Fram»-ferdene. Då hadde han allereie i 1896 vorte utnemnt til kommandør med stjerne av same orden. Frå 1926 mottok han statsstipend som ei nasjonalgåve; ei ordning som berre har vorte gitt til han og Roald Amundsen. Han har i ettertid fått kalla opp etter seg gater, vegar og plassar i fleire norske byar. I Sandvika i Bærum er det sett opp ein statue av han. Utanfor Bindal Rådhus i Terråk sentrum står det ei byste av han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]