Lemen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lemen

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Lemming on rock.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Infraklasse: Theria
Orden: Gnagarar
Underorden: Myomorpha
Overfamilie: Muroidea
Familie: Hamsterfamilien
Slekt: Lemmus
Art: Lemen
Vitskapleg namn
Lemmus lemmus

Lemen (Lemmus lemmus), òg kalla lomhund, er ein gnagar som høyrer hamsterfamilien til. Han er mest vanleg i fjellstrøk, men finst til ein viss grad òg i låglandet, spesielt i nord. Lemen utgjer ei svært viktig næringskjelde for fjellrev og ulike rovfuglartar. Mellom folk flest er lemenet kjend som ein evig hardhaus og ein skikkeleg hissigpropp.