Erler og piplerker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erler og piplerker


Linerle, hannfugl, underart svartryggerle, Motacilla alba yarrellii
Linerle, hannfugl, underart svartryggerle,
Motacilla alba yarrellii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Motacillidae
Slekter

Erler og piplerker utgjer erlefamilien og har vitskapleg namn Motacillidae. Dette er rundt 65 artar i seks slekter av små sporvefuglar med middels til lang stjert. Slekta Motacilla, typiske erler, lever i Europa, Afrika og Asia, med to artar som migrerer for hekking i Alaska. Slektene Macronyx og Hemimacronyx er heilt avgrensa til tropisk Afrika, dei andre piplerkene har den mest kosmopolitisk utbreiing, og finst over det meste av «den gamle verda», men finst òg i Amerika, dessutan på øyar som New Zealand og Falklandsøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Erler og piplerker er slanke, små til middels store sporvefuglar, mellom 14 og 17 centimeter lange, med kort hals og lange stjertar[1]. Dei syner ingen kjønnsdimorfisme i storleik. Dei har lange, bleike bein med lange tær og klør, ei spesiell baktå som kan vere opp til 4 cm i lengd hos nokre piplerker. Artane i slekta Macronyx har namnet 'longclows' på engelsk. Macronyx-artane er generelt meir robuste og større enn erler og andre piplerker og kan vege så mykje som 64 gram. Erler og andre piplerker har vektvariasjonar frå 15 til 31 gram. Fjørdrakta til dei fleste piplerker er typisk kjedeleg brun, desse piplerkene minner om lerker, sjølv om nokre artar har tydelegare farga drakter, spesielt gullpiplerke i Nordaust-Afrika. Vaksne hannar av Macronyx har sterke fargar på undersida. Erler har ofte ei slåande fjørdrakt som inkluderer fargene grå, svart, kvit og gul.

Dei fleste erler er bakkelevande insektetarar[1] på nokså ope land. Dei okkuperer nesten alle tilgjengelege habitat, frå kysten til høgfjellet. Erler føretrekkjer fuktigare habitat enn piplerker. Nokre artar brukar skog, inkludert skogerle, og andre artar brukar elvar slik som gulerle og bergerle.

Erler tar eit breitt spekter av virvellause byttedyr, særleg er insekt mykje brukte, men dietten inkluderer òg kongroer, ormar og små virvellause blautdyr og leddyr. Alle artane i familien ser ut til å vere ganske katolske i kosthaldet, det som er mest vanlege bytte for ein bestemt art eller populasjon reflekterer vanlegvis lokal tilgang på næring.

Med unntak av skogerle, hekkar artane i denne familien på bakken[1] og legg opp til seks flekkete egg.

Sibirpiplerke, Anthus hodgsoni
Skogerle, Dendronanthus indicus
Gulstrupepiplerke, Macronyx croceus

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Erler og piplerker i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Motacilla

  • Gulerle, Motacilla flava, Western Yellow Wagtail, LC, Linné, 1758
  • Austgulerle, Motacilla tschutschensis, Eastern Yellow Wagtail
  • Sitronerle, Motacilla citreola, Citrine Wagtail, LC, Pallas, 1776
  • Oskeerle, Motacilla capensis, Cape Wagtail, LC, Linné, 1766
  • Gulbukerle, Motacilla flaviventris, Madagascar Wagtail, LC, Hartlaub, 1860
  • Vintererle, Motacilla cinerea, Gray Wagtail, LC, Tunstall, 1771
  • Bergerle, Motacilla clara, Mountain Wagtail, LC, Sharpe, 1908
  • Linerle, Motacilla alba, White Wagtail, LC, Linné, 1758
  • Skjorerle, Motacilla madaraspatensis, White-browed Wagtail, LC, Gmelin, 1789
  • Japanerle, Motacilla grandis, Japanese Wagtail, LC, Sharpe, 1885
  • Mekongerle, Motacilla samveasnae, Mekong Wagtail, NT, Duckworth, Alström, Davidson, Evans, et al., 2001
  • Afrikaerle, Motacilla aguimp, African Pied Wagtail, LC, Dumont, 1821

Slekt Anthus

Slekt Tmetothylacus

  • Gullpiplerke, Tmetothylacus tenellus, Golden Pipit, LC, Cabanis, 1878

Slekt Hemimacronyx

Slekt Macronyx

  • Eldpiplerke, Macronyx capensis, Orange-throated Longclaw, LC, Linné, 1766
  • Gulstrupepiplerke, Macronyx croceus, Yellow-throated Longclaw, LC, Vieillot, 1816
  • Svovelpiplerke, Macronyx fuelleborni, Fuelleborn's Longclaw
  • Etiopiapiplerke, Macronyx flavicollis, Abyssinian Longclaw, NT, Rüppell, 1840
  • Tornpiplerke, Macronyx aurantiigula, Pangani Longclaw, LC, Reichenow, 1891
  • Skarlakspiplerke, Macronyx ameliae, Rosy-throated Longclaw, LC, de Tarragon, 1845
  • Angolapiplerke, Macronyx grimwoodi, Grimwood's Longclaw, DD, Benson, 1955

Slekt Dendronanthus

  • Skogerle, Dendronanthus indicus, Forest Wagtail, LC, Gmelin, 1789

Slekt Amaurocichla

  • Saotomésongar, Amaurocichla bocagii, Sao Tome Short-tail, VU, Sharpe, 1892

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Clancey, P.A. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 172–173. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]