Ernst Håkon Jahr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Håkon Jahr

Fødd4. mars 1948
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Universitetet i Agder
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Kungliga Vetenskaps- och Vitterhetssamhället i Göteborg
Academia Europaea
Det polske vitenskapsakademi

Ernst Håkon Jahr (fødd 4. mars 1948) er ein norsk språkforskar med rundt 300 vitskaplege publikasjonar innan språkhistorie, språksosiologi, språkkontakt, språkplanlegging og historia til lingvistikken.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jahr tok examen artium i 1967 ved Borgheim ungdomsskule og gymnas på Nøtterøy, vart cand.philol. 1976 ved Universitetet i Oslo. Han vart dr.philos. 1984 ved Universitetet i Tromsø, dr. honoris causa (æresdoktor) i Poznań i Polen 1995 og i Uppsala i 2009.

Jahr var vitskapleg assistent ved Universitetet i Oslo i perioden 1973–1976, 1976–1998 amanuensis, seinare førsteamanuensis (1981) ogprofessor ved Universitetet i Tromsø i 1986, frå 1999 professor ved Høgskulen i Agder, Kristiansand, 2000–2007 (vald) rektor. Som rektor leidde han arbeidet med å byggja høgskulen opp til Universitetet i Agder, som fekk universitetsstatus frå 1. september 2007. Frå august 2011 til ut desember 2015 var han dekan for Fakultet for humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder. Han leidde 1987-88 utval under universitetsstyret ved Universitetet i Tromsø som planla og greidde ut organiseringa av Roald Amundsens senter for arktisk forsking. Han leidde 1989-92 Det norske universitetsråds Utvalg for arktisk forskning og undervisning, som i denne perioden initierte og planla Universitetssenteret på Svalbard (UNIs, opna 1993).

Som formann i Nordisk publiseringsnemnd for humanistiske tidsskrift (NOP-H) 1985-90 stod han bak innføringa av ordninga med fagfellevurdering (refereesystem) i nordiske humanistiske tidsskrift. I 1985 tok han initiativ til konferanseserien Møte om norsk språk (MONS), som sidan er arrangert i november kvart anna år. Jahr var 1984, 1986 og 1988 domar i den populære TV-serien (NRK) Har det på tunga, ein gjettekonkurranse om norske dialektar.

Jahr har hatt forskingsopphald i Reading i England i 1986, Santa Barbara i USA (1997–1998), og var gjesteprofessor ved Universitetet i Hamburg i Tyskland i 1990

Han fekk Jöran Sahlgrens pris 2006 frå Kungl. Gustav Adolfs Akademien, Svenska Akademiens Nordiska Pris 2011, Fridtjof Nansens belønning for fremragende forsking innan humaniora og samfunnsvitenskap av Det Norske Videnskaps-Akademi i 2012, Gunnerusmedaljen av Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab 2016, og Tvedestrands Kulturblome for 2019. Han er medlem av Det norske språk- og litteraturselskap (frå 1992), Det Norske Videnskaps-Akademi (frå 1994) og av Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab (frå 1994), Kungl. Gustav Adolfs Akademien (Uppsala, frå 2007), Academia Europaea (frå 2008), Kungliga Vetenskaps- och Vitterhets-Samhället i Göteborg (frå 2009), Kungliga Skytteanska Samfundet (Umeå, frå 2010), Kungliga Humanistiska Vetenskapssamfundet i Lund (frå 2013), Polish Academy of Sciences (frå 2013), Kungliga Humanistiska Vetenskapssamfundet i Uppsala (frå 2014). Jahr er det einaste norske medlemmen av det polske vitskapsakademiet. Han var preses i Agder Vitskapsakademi (2002-19). Jahr har grunnlagt tre tidsskrift og tre bokseriar innan språkvitskap.

Kongen utnemnde 25. november 2008 Jahr til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans innsats som forsker og institusjonsbygger.»[1]

Jahr er gift og har tre barn, og tre barnebarn.

Bibliografi (utval av bøkar)[endre | endre wikiteksten]

  • Østlandsmåla fram! Ei bok om rørsla Østlandsk reisning. Universitetsforlaget, 1978
  • Russenorsk – et pidginspråk i Norge, Novus 1981, 2. utg. 1984 (med Ingvild Broch)
  • Talemålet i skolen (dr.avh.). Novus, 1984
  • Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814. Novus, 1989, 2. utg. 1994
  • Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Novus, 1992
  • Language Conflict and Language Planning. Trends in Linguistics, Studies and Monographs 72. Berlin & New York: Mouton de Gruyter, 1993
  • Clara Holst – kvinnelig pionér i akademia i Norge. Novus, 2006
  • Språkhistorie og språkkontakt. Language history and language contact. Novus, 2008
  • Language Planning as a Sociolinguistic Experiment: the Case of Modern Norwegian. Edinburgh University Press, 2014
  • Språkplanlegging og språkstrid. Novus 2015
  • Andreas M. Feragen – Skolemesternes konge. Novus 2018
  • Holt seminar 180 år. Lærerutdanninga i Holt 1839–1877. Novus 2019 (red. med Jan Kløvstad)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Utnevnelser til St. Olavs Orden», Kongehuset.