Perugia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perugia
Toits Perouse.JPG
Byvåpenet til Perugia
Byvåpenet til Perugia


Plassering
Perugia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Umbria
Perugia
Borgarmeister Renato Locchi
Geografi
Flatevidd
 - By

449 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

161 390
  359/km²
Koordinatar 43°6′″N 12°23′″EKoordinatar: 43°6′″N 12°23′″E
Høgd over havet 493 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 06121-06135
Telefon-retningsnummer 075
Nettstad: www.comune.perugia.it

Perugia er ein by i Italia i nærleiken av Tiber. Han er hovudstad i provinsen Perugia i regionen Umbria og har om lag 160 000 innbyggjarar.

Perugia er eit kjend kunstnerisk senter i Italia. Den kjende målaren Pietro Vannucci, med kallenamnet Perugino, kom frå Perugia. Han var læraren til Rafael. Ein annan kjend målar frå Perugia er Pinturicchio og det same gjorde arkitekten Galeazzo Alessi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein boge etter etruskarane

Perugia var ein umbrisk bustnead, men dukkar først opp i dei skriftlege kjeldene som Perusia, ein av dei tolv byane i Etruria. I 216 og 205 fvt. støtta han Roma i den andre punarkrigen. Han vart først ein romersk koloni i 251-253 evt. under keisar Trebonianus Gallus.

Perugia var den einaste som gjorde motstand mot Totila, som erobra han og la han aude i 547 etter ei lang omleiring. Under langobardane var Perugia ein av dei viktigaste byane i Tuscia. På 800-talet, etter samtykke frå Karl den store og Ludvig den fromme, kom byen inn under paven. På 1000-talet vart han derimot meir eller mindre sjølvstyrt, noko han var dei neste hundreåra. Dei var i stadig strid Foligno, Assisi, Spoleto, Todi, Siena, Arezzo med fleire.

Pavane vitja ofte byen og han var møtestad for fem pavekonklavar, inkludert dei som valde Honorius III (1216), Clement IV (1285), Celestine V (1294) og Clement V (1305) til pavar. Byen var derimot ikkje interessert i å la seg styre av pavane og styrte over prestestanden i byen. I 1282 vart Perugia bannlyst på grunn av ein militær konflikt mot ghibellinarane trass i at paven hadde gjeve forbod mot dette. Trass i dette var Perugia lojale mot guelfarane i kampane mellom guelfarar og ghibellinarar. På andre halvdel av 1300-talet erklærte Bartholus av Sassoferrato at Perugia verken av underlagt paven eller keisaren. I 1347, då Cola di Rienzi prøvde å gjenoppretta Den romerske republikken, sende Perugia ti ambassadørar for å prise han. Paven sende då soldatane sine til byen for tvinge dei under seg, men møtte hard motstand. Det braut ut full strid med pave Urban V i 1369. I 1370 kom adelen til avtale i Bologna og Perugia vart tvungen til å godta paven sine krav. Generalvikaren til Kyrkjestaten, Gérard du Puy, abbed av Marmoutier og nevøen til Gregor IX, vart kasta ut av innbyggjarane i 1375, og festningsverka hans i Porta Sole vart rive ned.

Det var stadig uro i byen på 1300-talet på grunn av indre stridar mellom partiet som representerte folket (Raspanti) og adelen (Beccherini). Etter at Biordo Michelotti, som hadde gjort seg sjølv til herre av Perugia vart myrda i 1389 vart byen ei brikke i dei italienske krigane. Han gjekk då til Gian Galeazzo Visconti i 1400, til pave Boniface IX i 1403 og så til Ladislas av Napoli i 1408-14 før han kom inn under condottiero Braccio da Montone (1416-24), som kom til semje med pavedømet. Etter harde kampar mellom familiane Oddi og Baglioni hamna makta til slutt hos Baglioni, men den interne kranglinga deira enda med ein massakre 14. juli 1500. Gian Paolo Baglioni var lokka til Roma i 1520 og vart halshogd av Leo X. I 1540 vart Rodolfo, som hadde drepe ein pavelegat, slått av Pier Luigi Farnese og byen vart fanga og plyndra av soldatane hans og fråtatt alle privilegia. Det vart bygd ei festning kalla Rocca Paolina, etter pave Paul III.

I 1797 vart byen erobra av franske troppar og Republikken Tiberina vart oppretta med Perugia som hovudstad. I 1799 vart denne republikken slått saman med Den romerske republikken.

I 1832, 1838, 1854 og 1997 vart Perugia råka av jordskjelv. Då Den romerske republikken i 1848-1849 kollapsa vart Perugia tatt av Austerrike i mai 1849. I juni 1859 gjorde innbyggjarane opprør mot det midlertidige styret til paven og oppretta ei sjølvstyre. Dette vart hardt slått ned på av Pius IX sine troppar. I september 1860 vart byen i lag med resten av Umbria til slutt innlemma i Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perugia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Perugia» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.
    • en oppgav desse kjeldene:
  • Giancarlo Conestabile della Staffa (1855) I Monumenti di Perugia etrusca e romana – Perugia.
  • Romeo Adriano Gallenga Stuart (1905) Perugia – Istituto italiano d'arti grafiche Editore, Bergamo.
  • William Heywood (1910) A history of Perugia – Methuen & Co, London.
  • Francesco Federico Mancini og =Giovanna Casagrande ({{{utgjeve}}}) Perugia - guida storico-artistica – Italcards, Perugia. ISBN 88-7193-746-5.
  • Sarah Rubin Blanshei (1976) Perugia, 1260-1340: Conflict and Change in a Medieval Italian Urban Society – American Philosophical Society, Philadelphia.
  • Raffaele Rossi og andre (1993) Perugia – Elio Sellino Editore, Milan. ISBN 88-236-0051-0.
  • Margaret Symonds og Lina Duff Gordon (1898) The Story of Perugia – J.M. Dent & Co, London.