Fønikisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fønikisk
Klassifisering: Afroasiatisk
 Semittisk
  Vestsemittisk
   Sentralt
    Nordvestsemittisk
     Kanaanittisk
      Fønikisk
Bruk
Område: Fønikia
Språkkodar
ISO 639-2: phn
ISO 639-3: phn

Fønikisk var eit språk som opphavleg vart snakka i kystregionen av den austlege delen av Middelhavet i det området av Midtausten som den gongen vart kalla for Kanaan på fønikisk, arabisk, hebraisk og arameisk. «Fønikia» på gresk og latin, og «Pūt» i Egypt. Fønikisk er eit semittisk språk i den kanaanittiske undergruppa, med hebraisk som næraste slektning, vidare arameisk og arabisk.

Området der fønikisk vart talt omfattar dagens Libanon, kysten av Syria, Palestina, nordlege Israel, forutan òg delar av Kypros (saman med gresk), og, i det minste som eit prestisjespråk, i ein del tilstøytande område av Anatolia. [1] Det vart etter kvart òg snakka i dei områda som fønikarane dreiv handel og oppretta handelspostar og koloniar utover Middelhavet, hovudsakleg langs den afrikanske kysten, og særleg i dagens Tunisia og Algerie, forutan òg Malta, den vestlege sida av Sicilia, Sardinia, Korsika og den sørlegaste delen av Spania.

Fønikisk er i dag berre kjent frå korte og lite varierte inskripsjonar av offisiell og religiøs karakter, og tidvis ordlister i bøker skrivne på andre språk. Romerske forfattarar som Sallustius kan vise til ein del bøker skrivne på punisk (fønikisk i Kartago), men ingen av desse er bevarte til vår tid, anna enn i omsetjingar eller i fragmentariske bitar, som i Plautus' skodespel. Cippi av Melqart, oppdaga på Malta i 1694, var skrive på to språk, antikk gresk og punisk. Det gjorde det mogleg for den franske lingvisten Abbé Barthelemy å dechiffrere og rekonstruere punisk (fønikisk) alfabet.

I 1964 vart det funne ein handelsavtale mellom etruskarar og ei gruppe fønikarar, og såleis har begge språk vorte betre dokumenterte.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lipiński, Edward (2004): Itineraria Phoenicia. P.139-141 inter alia
  2. The Maltese Language
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.