Fabeldyr og hvor de er å finne
Fabeldyr og hvor de er å finne, (originaltittel: Fantastic Beasts and Where to Find Them), er ei bok som er skriven av den britiske forfattaren J.K. Rowling. Boka er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei av hovudpersonen Harry Potter sine skulebøker frå Galtvort. Tilsynelatande er boka skriven av Salmander Fisle, og ho har føreord av Albus Humlesnurr, rektor ved Galtvort.
Inntektene frå salet av boka vart gjeve til Comic Relief, ein velgjerande organisasjon. Boka vart utgjeven i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad.
Boka omhandler dei fleste magiske dyreartane som vert omtala i Harry Potter-serien, i tillegg til noko om korleis trollmenn skjuler desse for «gompane» (vanlege folk / dei umagiske). Ho inneheld òg ein tekst om tilhøvet mellom gompar og magiske dyr gjennom tidene.