Dunedin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dunedin
Horisonten til Dunedin Ōtepoti
Horisonten til Dunedin
Ōtepoti
Kallenamn
«Edinburgh of the South[1]
Dunners (i daglegtale)[2]
»
Styresmakter
Land New Zealand New Zealand
Region: Otago
Grunnlagd 1848
Mayor Aaron Hawkins
Geografi
Flatevidd 3 286,2 km²
Flatevidd
 - City
 - Urbant

3314 km²
255 km²
Innbyggjarar
 - City (6. mars 2018; 30. juni 2020)
   - folketettleik
 - Byområde

123 700
  37,3/km²
115 700
Koordinatar 45°52′″S 170°30′″EKoordinatar: 45°52′″S 170°30′″E
Høgd over havet 0 m
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 9010, 9011, 9012, 9013, 9014, 9016, 9018, 9022, 9023
Telefon-retningsnummer 03
Nettstad: www.dunedin.govt.nz
Plassering
Dunedin is located in New Zealand
Dunedin

Dunedin (uttale), maori Ōtepoti, er den nest største byen på SørøyaNew Zealand, og den viktigaste byen i regionen Otago. Byen har eit folketal på 123 700 menneske.[3] Han er det sjuande største urbane området på New Zealand, og var fram til 2010, då Auckland Council vart danna, byen med den største flatevidda i landet. Både historisk, kulturelt og geografisk er Dunedin rekna mellom dei fire største bysentera på New Zealand.

Det urbane området i Dunedin ligg sentralt på austkysten i Otago, kring Otago Harbour. Hamna og høgdedraga kring Dunedin er restar etter ein utsløkt vulkan. Forstadane til byen strekkjer seg ut i dalane og åsane omkring, til eidethalvøya Otago Peninsula, og langs breiddene til Otago Harbour og Stillehavet.

Den største verksemda i byen er høgare utdanning – Dunedin hyser University of Otago, det første universitetet på New Zealand (frå 1869), og Otago Polytechnic. Universitetet står for om lag 20 prosent av innbyggjartalet i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maori-busetnadar[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn tyder på at den første maori-innvandringa til New Zealand fann stad mellom år 1250 og 1300,[4] og at busetnaden var konsentrert i det søraustlege kystområdet.[5] Ein leirstad ved Kaikai's Beach, nær Otago Heads, har vorte tidfesta til om lag denne tida.[6] Der er talrike gamle fangststadar etter moajegerar i det som no er Dunedin, fleire av dei har vore store og permanent busette, særleg gjennom 1300-talet.[7] Folketalet gjekk attende, men auka att med utviklinga av den klassiske kulturen då det vart bygd fleire , forskansa busetnadar, til dømes Pukekura ved Taiaroa Head, kring 1650.[8] Der var ein busetnad i det som no er sentralt i Dunedin (Ōtepoti) så seint som kring 1785, men som var fråflytta i 1826.[9]

Maorioverleveringar fortel at først budde eit folk, kalla Kahui Tipua, i dette området, deretter Te Rapuwai, ei halvlegendarisk ætt, men sett på som historisk. Dei neste som kom var Waitaha, følgde av Kāti Mamoe seint på 1500-talet, og deretter Kai Tahu (Ngai Tahu i moderne standard maori), som kom midt på 1600-talet.[10] Desse migrasjonsbølgjene har ofte vorte kalla «invasjonar» i europeiske nedteikningar, men moderne vitskap har sett fram tvil om dette var rett. Dei var truleg migrasjonar, liksom dei frå Europa, som av og til kunne føra til kamphandlingar.[11]

Selfangaren John Boultbee noterte på 1820-talet at Kaika Otargo (busetnadar kring og nær Otago Harbour) var dei eldste og største i sør.[12]

Europeisk busetnad[endre | endre wikiteksten]

James Cook segla langs det som no er kysten av Dunedin mellom 25. februar og 5. mars 1770. Han namngav Cape SaundersOtago-halvøya og Saddle Hill. I rapportane hans står det om selar og pingvinar i nærleiken, og det førte til at selfangarar byrja å koma hit frå først på 1800-talet.[13] I dei første åra med selfangst var det ei rekkje kamphandlingar mellom selfangarane og lokale maoriar, frå 1810 til 1823, «Selfangarkrigen», som vart sett i gang etter ei hending (tjuveri) ved Otago Harbour. Likevel busette William Tucker, som den første europearen, seg i området i 1815.[14] Den faste europeiske busetjinga går attende til 1831 då brørne Weller grunnla kvalfangststasjonen sin ved Otago (dagens Otakou), ved Otago Harbour. Epidemiar førte til stor nedgang i maoripopulasjonen. Sist på 1830-talet hadde hamna vorte til ei internasjonal hamn for kvalfangst. Nybyggjaren Johnny Jones grunnla ei jordbruksbusetjing og ein misjonsstasjon, den første på Sørøya, i Waikouaiti i 1840.[15]

I 1844 segla skipet «Deborah» under kaptein Thomas Wing sørover, og hadde med mellom andre kona hans, Lucy, og ein representant frå New Zealand Company, Frederick Tuckett, for å finna ein stad til ein frikyrkjeleg busetnad.[16] Etter å ha sett på fleire stadar langs austkysten på Sørøya, valde Tuckett staden som skulle verta kjend som Dunedin.[17]

Den leke samanslutninga i den skotske frikyrkja grunnla Dunedin ved Otago Harbour i 1848 som hovudsetet til sin spesielle busetnad. Namnet kjem frå Dùn Èideann, det skotsk-gæliske namnet på Edinburgh, hovudstaden i Skottland.[10] Charles Kettle, landmålaren i byen, bestemte seg for å innpassa karakteristiske trekk frå Edinburgh i byen, noko som fekk fram ein slåande «romantisk» utsjånad.[18] Resultatet vart både storslegne og kronglete gater etter som utbyggjarane streva — og stundom mislukkast — i å gjennomføra denne denne visjonen i det utfordrande terrenget. Kaptein William Cargill, ein veteran frå krigane mot Napoleon, var den sekulære leiaren, presten Thomas Burns, ein nevø av diktaren Robert Burns, den andelege.

Gullrushtida[endre | endre wikiteksten]

I 1852 vart Dunedin hovudstad i provinsen Otago som omfatta alt av New Zealand som låg sør for elva Waitaki. I 1861 vart det funne gull ved Gabriel's Gully i sørvest, og dette førte til ein snøgg auke i folketalet, og Dunedin var i 1865 den største byen på New Zealand på grunn av folketilveksten. Av dei nye innbyggjarane fanst det mange irar, og i tillegg italienarar, franskmenn, tyskarar, jødar og kinesarar.[19] Den sørlege gravplassen i byen vart opna i 1858, den nordlege i 1872.[20]

Jarnvegsstasjonen i Dunedin, bygd i 1906.
360° panorama: Jarnvegsstasjonen frå innsida.

Dunedin og regionen vart industrialisert og utvikla, og gjennom Main South Line fekk byen jarnvegssamband med Christchurch i 1878 og Invercargill i 1879. University of Otago, det eldste universitetet på New Zealand, vart grunnlagt i Dunedin i 1869.[21] Otago Girls' High School vart grunnlagd i 1871. Mellom 1881 og 1957 hadde Dunedin kabelsporveg, denne var både ein av dei første av sitt slag og ein av dei siste i drift i verda. Tidleg i 1880-åra vart innleiinga av produksjonen av frose kjøt, med den første utskipinga frå Port Chalmers i 1882, byrjinga på ein etter kvart stor industri i landet.[22]

Etter ti år med utvinning av gull flata økonomien ut, men statsminister Julius Vogel si tilrettelegging for innvandring og utvikling bringa fleire tusen menneske hit, særleg til til Dunedin og Otago, før nedgangstidene kom i 1880-åra. I desse første velstandsåra vart mange institusjonar og verksemder grunnlagde, den første dagsavisa på New Zealand, kunstskule, medisinarutdanning og offentleg kunstgalleri, Dunedin Public Art Gallery mellom dei.[23] Der kom òg ei arkitektonisk oppblomstring som er verd å leggja merke til, og som førte til bygging av fleire større og ornamentale bygningar. Arkitekten Robert Lawson bygde kyrkjene First Church of Otago og Knox Church som er gode døme på dette, likeeins bygningar skapte av Maxwell Bury og Francis Petre. Andre visuelle kunstartar blømde også under leiing av kunstmålaren W. M. Hodgkins.[24] Landskapa i byen og framvoksteren av busetnaden vart levande portrettert av målaren George O'Brien.[25] Frå midten av 1890-åra tok økonomien seg opp att. Institusjonar som Otago Settlers Museum og bibliotek- og kunstsamlingane Hocken Collections – dei første i sitt slag på New Zealand – vart grunnlagde. Meir storfelte bygningar som jarnvegsstasjonen Dunedin Railway Station og rikmannshuset Olveston – no eit museum – vart reiste. Kunstmålaren G.P. Nerli gav ny energi til visuelle kunstartar, og dette kuliminerte i karriæren til målaren Frances Hodgkins.[26]

Tidleg moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Ved året 1900 var ikkje lenger Dunedin den største byen i landet. Samfunnstyngde og aktivitet flytta nordover til andre sentera («the drift north»), ein trend som heldt fram gjennom mykje av det følgjande hundreåret. Trass dette ekspanderte universitetet, og eit studentsenter vart oppretta. På denne tida byrja mange å leggja merke til mogninga av Dunedin som hadde funne stad, til dømes aldringa av dei storfelte bygningane, og forfattarar som E.H. McCormick peika på byen si sjarmerande atmosfære.[27] På 1930- og tidleg på 1940-talet voks det fram ein ny generasjon kunstnarar, mellom dei kunstmålarane M.T. (Toss) Woollaston, Doris Lusk, Anne Hamblett, Colin McCahon og Patrick Hayman, som på nytt representerte det beste av talent i landet. Under krigsåra vart mange av desse målarane spreidde, men ikkje før McCahon hadde møtt ein svært ungdommeleg poet, James K. Baxter, i eit studio sentralt i byen.

Talrike store verksemder har vorte grunnlagde i Dunedin, mange av desse var og er leiande i sitt slag i landet. Av dei siste blant dei var bygg- og anleggsfirmaet Fletcher Construction, grunnlagt av Sir James Fletcher tidleg på 1900-talet. Kempthorne Prosser, grunnlagt i 1879 i Stafford, var den største produsenten av gjødsel og kjemikalium i landet i meir enn 100 år. Viktige verksemder innanfor jarn- og metallindustri vart starta opp, likeeins tekstilverksemder, shippingindusti, og bankar og forsikringsverksemder.

Utviklinga etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Dunedin botaniske hage

Etter den andre verdskrigen gjekk velstand og folketal på nytt fram, sjølv om byen vart hengande etter som «det fjerde sentrum». Ein generasjon som ville bort frå victoriatida starta med å riva bygningar frå den tida, og mange gjekk tapt, mellom dei arkitekten William Mason sin børsbygning som fall i 1969. Sjølv om universitetet heldt fram å veksa, gjekk folketilveksten i byen ned, og til sist attende, særleg mellom 1976 og 1981. Kulturelt var dette likevel ei levande tid i byen, og evnerike kunstnarar som poeten James K. Baxter, målaren Ralph Hotere, forfattaren Janet Frame og māoripoeten Hone Tuwhare kom til byen.

Kring 1990 heldt nedgangen i folketalet opp, og Dunedin hadde gjort seg om til ein historisk by med fleire av hovudgatene fornya i viktoriansk stil,[28] og Dunedin Town Hall på Octagonen var vakkert restaurert. Byen hadde også fått eit framifrå skussmål som senter for høgare og vidaregåande utdanning og forsking. Veksten til universitetet og i polyteknisk utdanning tiltok. Dunedin har halde fram med å fornya seg, til dømes gjennom utvikling av Dunedin art gallery, jarnvegsstasjonen og Otago Settlers Museum.

Byen har blømande nisjeindustriar som ingeniørvitskap, progamvareutvikling, bioteknologi og moteindustri. Port ChalmersOtago Harbour er djupvasshamna til Dunedin. Hit går ei sidegrein (Port Chalmers Branch) frå jarnvegslinja Main South Line som går frå Christchurch gjennom Dunedin til Invercargill.

Dunedin er òg eit sentrum for økoturisme. Den einaste fastlandskolonien av nordleg kongealbatross (Diomedea sanfordi) og fleire tilhaldsstadar for pingvinar og selar ligg innanfor bygrensene på Otago Peninsula. I sør, på vestsida av Lake Waihola, ligg våtmarksområdet Sinclair Wetlands.

Den aukande studentmengda har ført med seg ein livleg ungdomskultur, og i seinare tid ein aukande moteindustri.[29][30] Grupper som arbeider med biletkunst finst òg i Dunedin og området kring, særleg i Port Chalmers og dei andre busetnadane langs kysten av Otago Harbour, i tillegg til andre busetnadar,som til dømes Waitati.

St Clair Beach i Dunedin.

Det er gode tilhøve for sport i Dunedin med arenaer for rugby, cricket fotball og friidrett, i tillegg til ei rekkje golf- og travbanar. St Clair Beach er ei velkjend surfestrand, og hamnebassenget er populært mellom vind- og kitesurfarar. Dunedin har fire offentlege symjebasseng.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dunedin (det grå området nede mot venstre) ligg nær eidet til Otago Peninsula, ved enden av Otago Harbour.

Dunedin City har eit landareal på 3314,8 km², litt mindre enn den amerikanske staten Rhode Island og litt mindre enn Cornwall i England. Grensene til Dunedin City Council har sidan 1989 vorte utvida til Middlemarch i vest, Waikouaiti i nord, til Stillehavet i aust og søraust, og til Waipori/Taieri River og busetnaden Henley i sørvest.

Dunedin er den byen i verda som ligg lengst frå London med 19 100 km, 90 km lenger enn Invercargill, og 100 km lenger enn Christchurch, og lengst frå Berlin med 18 200 km. Antipoden til Dunedin ligg om lag 300 km nord for den spanske byen A Coruña i Biscayabukta.

Dei indre bydelane[endre | endre wikiteksten]

Hjarta i byen ligg på den relativt flate sletta vest for det indre av Otago Harbour. Her ligg The Octagon – ein gong ei erosjonskløft, som midt på 1800-talet vart fylt opp for å danna den noverande plassen. Den første busetjingan fann stad i sør, på den motsette sida av Bell Hill, ein stor utløpar som seinare vart gjort mindre for å få lettare samband mellom dei to delane av busetnaden. Den sentrale delen av byen strekkjer seg frå dette punktet i stort sett nordaustleg-sørvestleg retning, der hovudgatene, George Street og Princes Street møtest på The Octagon. Her møter dei Stuart Street, som går vinkelrett på dei, frå jarnvegsstasjonen i søraust, og vidare bratt opp til forstaden Roslyn i nordvest. Mange av dei kjende gamle bygningane i byen ligg i den sørlege delen av dette området og på den indre ringen av låge åsar som ligg kring dei sentrale bydelane.

Stigninga på Baldwin Street i Dunedin i høve til eit hus i gata (som ligg horisontalt).

I Dunedin ligg gata Baldwin Street, som, i følgje Guinness Book of Records, er den brattaste gata i verda. Den brattaste gradienten er 1:2,9.[31] Den for lengst nedlagde kabelsporvegen gjennom Maryhill, hadde ein tilsvarande gradient nær endestasjonen i Mornington.

Utanfor den indre åsrekkja ligg dei ytre forstadane til Dunedin, især utanfor Roslyn. I denne retninga ligg Taieri Road og Three Mile Hill, mellom desse gjekk den første vegen til Taieri Plains. Den noverande State Highway 1 følgjer ei anna rute, og går gjennom Caversham i vest og forbi Saddle Hill. Mellom Saddle Hill og Caversham ligg forstadane Green Island og Abbotsford. Mellom Green Island og Roslyn går den tronge elvedalen til Kaikorai Stream, som i dag er bustads- og lett industriområde. Forstadsbusetnadar — for det meste sett på som separate småbyar — ligg også langs begge sider av Otago Harbour. Dei viktigaste av desse er Portobello og Macandrew Bay, på kysten til Otago Peninsula, og Port Chalmers på motsett side av hamna. Port Chalmers er djupvasshamna til Dunedin og er også containerhamna til byen.

Horisonten kring Dunedin er dominert av ein ring av (tradisjonelt sju) åsar som er restane etter eit vulkankrater. Dei mest kjende av desse er Mount Cargill (700 m.o.h.), Flagstaff (680 moh.), Saddle Hill (480 m.o.h.), Signal Hill (390 moh.), og Harbour Cone (320 moh.).[32]

Omland[endre | endre wikiteksten]

Omlandet kring Dunedin city består av ei rekkje ulike landskapsformer. I sørvest ligg Taieri Plains, dei vide, grøderike elveslettene til Taieri River og den største tiførsleelva, Waipori. Området er moderat tett busett, her ligg byane Mosgiel, East Taieri og Allanton.[32] Dei er skilde frå kysten av ei rekkje låge åsar som når ei høgde på om lag 300 m.o.h. Innanfor Taieri Plain er eit ulendt åslandskap, mykje av dette er skogkledd nær slettene, særleg kring Berwick og Lake Mahinerangi, og også kring Silverpeaks Range som ligg nordvest for det urbane området i Dunedin.[33] Bortanfor dette vert landet turrare og vidar seg ut til grassletter og område med tussokgras (Poa flabellata). Eit breitt dalføre, Strath-Taieri, ligg heilt nordaust i Dunedin, her ligg byen Middlemarch, ein av dei få busetnadskonsentrasjonane i området.

Nord for dei urbane delane av byen ligg eit bølgjande åslandskap med mange små busetnadar, for ein stor del langs kysten, av desse kan nemnast Waitati, Warrington, Seacliff og Waikouaiti. Riksvegen State Highway 1 snor seg bratt oppetter ei rekkje lier her, den mest kjende er The Kilmog.[32] Ein kan sjå på desse åsane som ei utstrekning mot kysten av Silverpeaks Range.

Mot aust omfattar Dunedin City heile halvøya Otago Peninsula, eit langt, fingerforma stykke land som var den søraustlege kanten av Dunedinvulkanen.[32] Halvøya er spreidd busett, vesentleg langs kysten inn mot hamna, og mykje av området vert handsama som eit verna habitat av Otago Peninsula Trust. Halvøya rommar fleire fine strender, og er heim til eit stort tal sjeldne arter, som pingvinar, selar og skarvar. Det viktigaste er at halvøya har verdas einaste koloni av kongealbatross som hekkar på eit fastland ved Taiaroa Head, på den nordaustlege spissen til halvøya.

Busetnadar innanfor bygrensene[endre | endre wikiteksten]

(med klokka frå bysentrum med start i nord)
Waitati, Waikouaiti, Karitane, Seacliff, Warrington, Purakanui, Long Beach, Aramoana, Deborah Bay, Careys Bay, Port Chalmers, Sawyers Bay, Roseneath, Otakou, Portobello, Brighton, Taieri Mouth, Henley, Allanton, East Taieri, Momona, Outram, Mosgiel, West Taieri, Waipori, Middlemarch, Hyde.

Etter at lokalstyreeiningane vart reorganiserte sist på 1980-talet er desse forstadar, men busetnadane vert enno for det meste sett på som byar eller småbyar. Dei har ofte heller ikkje dei funksjonane ein reknar med at forstadar skal ha, som helseinstitusjonar, lærestadar, bibliotek, kjøpesentera og liknande. Dei fleste er skilde frå bysentrum av større distansar ope lende.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Dunedin er generelt temperert, men byen er kjend for å ha ei mengd mikroklima, og vêret er ofte ulikt forstadane i mellom, mest på grunn av dei ulike topografiske tilhøva. Klimaet er også sterkt påverka av nærleiken til havet. Dette fører til varme sumrar og kjølige vintrar. Det kan vera frost om vintrane, men større snøfall er uvanlege, utanom i dei høgareliggjande forstadane inne i landet, som Halfway Bush og Wakari, der det vanlegvis kjem snø nokre få dagar kvar vinter. Om vårane kan ein oppleva vêret som «fire årstider på ein dag», men frå november til april er det stort sett stabilt og mildt. Om sumrane kan temperaturane gå opp i 30°C, men temperaturar høgt oppe på 20-talet er sjeldne.

Dunedin har høvesvis lite nedbør samanlikna med mange andre byar på New Zealand, med berre om lag 750 mm i året. Trass i dette ser mange på byen som ein fuktig stad, truleg fordi nedbøren her kjem som duskregn over eit lengre tidsrom, medan nedbøren i nordlegare byar, slike som Auckland og Wellington får meir nedbør gjennom kraftige regnvêr på færre dagar. Dunedin er eit av dei mest overskya sentera i landet med om lag 1650 solskinnstimar årleg.[34] Dei dominerande vindane i byen kjem frå to retningar, sørvestlege, kjølige og fuktige vindar skifter med nordaustlege[35]. Varmare, turre nordvestlege fønvindar er også karakteristiske i området og vert kalla Nor'west arch. Sirkelen av åsar som omsluttar den indre bykjernen, skjermar han frå mykje av dei dominerande vêrtilhøva i Otago, og ofte fører dette til at dei urbane stroka kan ha eit heilt anna vêr enn resten av Otago.

Inne i landet, bak byen sitt sentrum, er klimaet subkontinentalt, vintrane er heller kalde og turre, somrane varme og turre. Frostrøyk er vanleg om vinteren i dei øvre delane av elvedalen til Taieri River ved Middlemarch, og om sommaren når temperaturane ofte opp til midt på 30-talet.

Klimatabell: Dunedin
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 18,9°C
66°F
18,9 °C
66 °F
17,5 °C
64 °F
15,3 °C
60 °F
12,6 °C
55 °F
10,4 °C
51 °F
10,0 °C
50 °F
11,1 °C
52 °F
13,2 °C
56 °F
14,9 °C
59 °F
16,3 °C
61 °F
17,5 °C
64 °F
14,7°C
58°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 11,3°C
52°F
11,2 °C
52 °F
10,2 °C
50 °F
8,0 °C
46 °F
5,7 °C
42 °F
3,6 °C
38 °F
3,0 °C
37 °F
3,9 °C
39 °F
5,5 °C
42 °F
7,1 °C
45 °F
8,5 °C
47 °F
10,3 °C
51 °F
7,4°C
45°F
Gjennomsnittleg total nedbør 72,9 mm
2,87 "
58,7 mm
2,31 "
70,2 mm
2,76 "
61,6 mm
2,43 "
67,1 mm
2,64 "
68,1 mm
2,68 "
60,8 mm
2,39 "
55,2 mm
2,17 "
47,8 mm
1,88 "
63,7 mm
2,51 "
66,9 mm
2,63 "
75,8 mm
2,98 "
768,8 mm
30,27 "
Kjelde:NIWA CliFlo data Musselburgh[36]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med New Zealand under eitt synest demografien i Dunedin å visa trekk frå utdanningssektoren på New Zealand, mest på grunn av den høge populasjonen av høgskule- og universitetsstudentar i byen. Desse trekka viser seg i form av eit høgare tal på kvinner samanlikna med menn, ein gjennomsnittsalder lågare enn gjennomsnittet, ein høg andel menneske under 25 år, høgare del menneske med europeisk og asiatisk avstamming og ein lågare del maoriar og menneske frå Stillehavsøyene, høgare arbeidsløyse, lågare gjennomsnittsinntekt, og ein større del menneske med vidaregåande og høgare utdanning.[37]

Ved folketeljinga i 2006 hadde Dunedin City eit folketal på 118 683, ein auke på 4 341, eller 3,8 prosent, sidan teljinga i 2001. Der var 45 072 busette husvære, 3 615 ubrukte husvære, og 240 husvære under bygging.[37]

Av folketalet var 56 931 (48,0 %) menn, mot 48,8 % for heile landet, og 61 752 (52,0 %) kvinner, mot 51,2 % i heile landet. Innbyggjarane i byen hadde ein median alder på 35,0 år, 0,9 under den nasjonale medianen på 35,9 år. Personar på 65 år og over utgjorde 13,4 % av populasjonen, det nasjonale talet var 12,3 %, og born og ungdom under 15 år stod for 16,8 %, mot 21,5 % nasjonalt. På grunn av den store sektoren for høgare utdanning, utgjorde personar mellom 15 og 24 år om lag 22 % av innbyggjarane i byen.[37]

Den etniske samansetjinga i Dunedin består av (nasjonale tal i parentes): 78,7 % europearar (67,6 %), 6,4 % maoriar (14,7 %), 5,3 % asiatar (9,2 %), 2,2 % frå Stillehavsøyene (6,9 %), 0,7 % frå Midtausten/Latinamerika/Afrika (0,9 %), 13,6 % 'New Zealanders' (11,1 %), og 0,04 % andre (0,04 %).[37]

Dunedin hadde 6,1 % arbeidslause av personar på 15 år og eldre, samanlikna med 5,1 % i heile landet. Middels årleg inntekt for alle over 15 år var 19 400 nrwzealandske dollar, i høve til 24 400 dollar på landsbasis. Av desse tente 51,2 % under 20 000 dollar, samanlikna med 43,2 % nasjonalt, medan 13,4 % tente meir enn 50 000 dollar, med 18,0 % som det nasjonale talet [37].

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Dunedin og St Paul's Cathedral.

Dunedin City Council (DCC) styrer Dunedin City territorial authority. Styret består av ein vald ordførar (mayor), ein varaordførar/rådsmedlem, og 13 andre rådsmedlemmer. Dei er valde under valordninga Single Transferable Vote (der veljaren kan rangera kandidatar etter eigen preferanse, og med høve til å sjå bort frå partitilknyting) med val kvart tredje år.

Ordføraren i Dunedin er vald av heile distriktet, medan dei fjorten rådsmedlemmene vert valde krinsvis.

Media[endre | endre wikiteksten]

Den største dagsavisa er Otago Daily Times, som òg er den eldste dagsavisa i landet. Lokalnytt som kjem ut kvar eller annankvar veke er The Star, Taieri Herald, D Scene, f*INK og studentmagasinet Critic.

Byen er dekt av alle nasjonale fjernsyns- og radiostasjonar med sendarar på Mount Cargill, nord for byen. Lokale radiostasjonar er Radio Dunedin og universitetsradioen, Radio One. Dunedin har òg ein lokal fjernsynsstasjon.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Dunedin har den sørlegaste motorvegen i verda, den elleve km lange Dunedin Southern Motorway mellom forstadane Caversham og Mosgiel. Dunedin er det nordaustlege endepunktet på turistvegen Southern Scenic Route til The Catlins, Invercargill og Fiordland.

Sjølv om Dunedin sin jarnvegsstasjon, ein gong den mest trafikkerte i landet, ikkje lenger er i bruk av vanlege passasjertog, vert han brukt av lokal turisttogtrafikk. Det mest kjende er Taieri Gorge Limited, ei populær og velkjent togrute driven av Taieri Gorge Railway langs det tidlegare sporet til Otago Central Railway gjennom den vakre Taieri Gorge. Taieri Gorge Railway har òg rute til Palmerston ein gong i veka. Stasjonen vert også stundom vitja av utflukter frå andre veterantogklubbar, og av tog som vert chartra av cruiseskip som ligg ved Port Chalmers.

Dunedin International Airport ligg sørvest for byen på Taieri Plains ved Momona. Dette er i hovudsak ein innanlands flyplass med regulære ruter til og frå Auckland, Christchurch, Wellington, Rotorua og Palmerston North, og sesongflygingar til og frå Queenstown, Wanaka og Fiordland, men han har også internasjonale ruter til og frå Brisbane heile året, og i turistsesongen til Sydney og Melbourne.

Ferjeruter gjekk mellom Port Chalmers og Portobello seint i på 1800- og tidleg på 1900-talet.[38] Fleire gonger har det vore på tale å ta opp att rutene, og ein ideell organisasjon, Otago ferries Inc., er danna for å granska utvegar for å restaurera ei av dei originale ferjene og på nytt bruka henne i denne ruta.[39]

I 1866 vart det planlagt ei bru over Otago Harbour mellom Port Chalmers og Portobello,[40] men desse storslåtte planane for bygging av ei 1140 m bru vart det aldri noko av. I 1870-åra vart det også diskutert å byggja ein kanal mellom stillehavskysten ved Tomahawk og Andersons Bay, nær det indre av hamna.[41] Desse planane vart heller aldri realiserte.

Panorama[endre | endre wikiteksten]

180° utsyn over Dunedin sett frå åsane i vest. Mount Cargill ligg heilt til venstre i biletet, og Otago-halvøya bakanfor hamna midt i biletet.
Panorama frå like aust for toppen til Mount Cargill. Hamna strekkjer seg frå innløpet nær sentrum på biletet til bysentrum til høgre, med halvøya bakom.
Utsyn frå toppen av Mount Cargill. Ein ser basis til ei TV-mast til venstre, med hamna og halvøya bakanfor. Bysentrum er midt i biletet.
Utsikt frå toppen av Flagstaff. Bysentrum ligg til høgre, Mosgiel til venstre. Mount Cargill ligg like til høgre for midten.
Utsikt frå toppen av Signal Hill. Det sentrale forretningsstroket i Dunedin ligg midt i biletet. Otago-halvøya strekkjer seg mot venstre.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historikk frå dunedinnz.com. Henta 16. mai 2010 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. oktober 2008, henta 16. oktober 2008 
  2. «Supersport's Good Week / Bad Week: An unhappy spectator». The New Zealand Herald. 1. mai 2009. Henta 16. mai 2010. 
  3. Estimat 30. oktober 2009. Arkivert 2011-08-28 ved Wayback Machine., Statistics New Zealand
  4. Geoff Irwin; Walrond, Carl (4. mars 2009). «When was New Zealand first settled? - The date debate». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 16. mai 2010. 
  5. (Hamel 2001); (Anderson, Allingham & Smith 1996); (Anderson 1998)
  6. (Anderson 1983)
  7. (Anderson, Allingham & Smith 1996) & (Hamel 2001)
  8. (Anderson 1998)
  9. Turton, Hanson "Introductory"in (Bathgate 1890); (Entwisle 2005)
  10. 10,0 10,1 (McLintock 1949)
  11. (Anderson 1983) & (Anderson 1998)
  12. Boultbee, J i (Begg & Begg 1979)
  13. Cook, James in (Beaglehole (ed) 1955–67)
  14. (Entwisle 2005)
  15. (Entwisle 1998)
  16. Byrne, T. B. «Wing, Thomas 1810–1888». Dictionary of New Zealand Biography. Henta 17. mars 2009. 
  17. Somerville, Ross. «Tuckett, Frederick 1807? – 1876». Dictionary of New Zealand Biography. Henta 17. mars 2009. 
  18. (Hocken 1898)
  19. (McLintock 1949); (McDonald 1965)
  20. Betteridge, Chris (28. juli 2004). «Landscapes of Memory – breathing new life into old cemeteries» (PDF). NZ Historic Places Trust. s. 2. Arkivert frå originalen (PDF) 23. november 2004. Henta 14. mai 2008. 
  21. (Morrell 1969)
  22. (McLintock 1951)
  23. (McLintock 1949); (McDonald 1965); (Entwisle 1984)
  24. (Entwisle 1984)
  25. (Collins & Entwisle 1986)
  26. (McCormick 1954); (Entwisle 1984); (Entwisle, Dunn & Collins 1988); (Dunn 2005)
  27. (McCormick 1959)
  28. Vevside frå Dunedin City Council, arkivert frå originalen 3. juni 2010, henta 11. juli 2010 
  29. Thread fashion magazine article, arkivert frå originalen 19. mai 2008, henta 11. juli 2010 
  30. Artikkel i New Zealand Herald
  31. «Baldwin Street, the steepest street in the world». Henta 19. mai 2010. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 (Dann & Peat 1989)
  33. (Bishop & Hamel 1993)
  34. Lambert, M. (ed.) (1988) Air New Zealand almanac. Wellington, NZ: New Zealand Press Association, p. 394-5. Long-term average, 1951–1980.
  35. A Descriptive Atlas of New Zealand, A.H. McLintock (ed), New Zealand Government Printer, 1959 (see Map 8)
  36. «CliFlo data Musselburgh (5402, 15752)». NIWA. Henta 18. mai 2010.  |dato = 1947-02-01 til 2007-09-30
  37. 37,0 37,1 37,2 37,3 37,4 NZ Quickstats|2000071|Dunedin City - frå Statistics New Zealand
  38. Community archive. Henta 11. juli 2010
  39. Otago Ferries Inc. Arkivert 2010-05-25 ved Wayback Machine. Henta 11. juli 2010
  40. Hayward 1998, s. 65
  41. Hayward 1998, s. 66
  42. «Edinburgh – Twin and Partner Cities». © 2008 The City of Edinburgh Council, City Chambers, High Street, Edinburgh, EH1 1YJ Scotland. Arkivert frå originalen 28. mars 2008. Henta 21. desember 2008. 
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  • Anderson, Atholl (1983), When All the Moa-Ovens Grew Cold: nine centuries of changing fortune for the southern Maori, Dunedin, NZ: Otago Heritage Books 
  • Anderson, Atholl (1998), The Welcome of Strangers: an ethnohistory of southern Maori A.D. 1650–1850, Dunedin, NZ: University of Otago Press with Dunedin City Council, ISBN 1-877133-41-8 
  • Anderson, Atholl; Allingham, Brian; Smith, Ian W G (1996), Shag River Mouth: the archaeology of an early southern Maori village, Canberra, Australia: Australian National University, OCLC 34751263, Mal:Listed Invalid ISBN 
  • Bathgate, Alexander, red. (1890), Picturesque Dunedin, Dunedin, NZ: Mills, Dick & Co., OCLC 154535977 
  • Beaglehole, J C, red. (1955–67), The Journals of Captain James Cook, London, UK: The Hakluyt Society 
  • Begg, A. Charles; Begg, Neil Colquhoun (1979), The world of John Boultbee: including an account of sealing in Australia and New Zealand, Christchurch, NZ: Whitcoulls, ISBN 0-7233-0604-4 
  • Bishop, Graham; Hamel, Antony (1993), From sea to silver peaks, Dunedin: John McIndoe, ISBN 0-86868-149-0 
  • Collins, Roger; Entwisle, Peter (1986), Pavilioned in Splendour, George O'Brien's Vision of Colonial New Zealand, Dunedin, NZ: Dunedin Public Art Gallery, ISBN 0-9597758-1-1 
  • Dann, Christine; Peat, Neville (1989), Dunedin, North and South Otago, Wellington: GP Books, ISBN 0-477-01438-0 
  • Dunn, Michael (2005), Nerli an Italian Painter in the South Pacific, Auckland University Press., ISBN 1-86940-335-5 
  • Entwisle, Peter (1984), William Mathew Hodgkins & his Circle, Dunedin, NZ: Dunedin Public Art Gallery, ISBN 0-473-00263-9 
  • Entwisle, Peter (1998), Behold the Moon, the European Occupation of the Dunedin District 1770–1848, Dunedin, NZ: Port Daniel Press., ISBN 0-473-05591-0 
  • Entwisle, Peter (2005), Taka, a Vignette Life of William Tucker 1784–1817, Dunedin, NZ: Port Daniel Press., ISBN 0-473-10098-3 
  • Entwisle, Peter; Dunn, Michael; Collins, Roger (1988), Nerli An Exhibition of Paintings & Drawings, Dunedin, NZ: Dunedin Public Art Gallery, ISBN 0-9597758-4-6 
  • Hamel, J (2001), The Archaeology of Otago, Wellington, NZ: Department of Conservation, ISBN 0-478-22016-2 
  • Hayward, Paul (1998), Intriguing Dunedin Street Walks, Dunedin, NZ: Express Office Services 
  • Hocken, Thomas Moreland (1898), Contributions to the Early History of New Zealand (Settlement of Otago), London, UK: Sampson Low, Marston and Company, OCLC 3804372 
  • McCormick, E H (1954), The Expatriate, a Study of Frances Hodgkins, Wellington, NZ: New Zealand University Press., OCLC 6276263 
  • McCormick, E H (1959), The Inland Eye, a Sketch in Visual Autobiography, Auckland, NZ: Auckland Gallery Associates, OCLC 11777388 
  • McDonald, K C (1965), City of Dunedin, a Century of Civic Enterprise, Dunedin, NZ: Dunedin City Corporation, OCLC 10563910 
  • McLintock, A H (1949), The History of Otago; the origins and growth of a Wakefield class settlement, Dunedin, NZ: Otago Centennial Historical Publications, OCLC 154645934 
  • McLintock, A H (1951), The Port of Otago, Dunedin, NZ: Otago Harbour Board 
  • Morrell, W P (1969), The University of Otago, a Centennial History, Dunedin, NZ: University of Otago Press., OCLC 71676 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dunedin
Reiseguide for Dunedin frå Wikivoyage