Foreigner av Cat Stevens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foreigner
Studioalbum av Cat Stevens
Utgjeve 25. juli 1973
Innspelt Mars 1973
Studio Dynamic Studios i Kingston på Jamaica
Atlantic Studios i New York
Sjanger Softrock, blue-eyed soul, folkrock, kunstrock, progressiv rock
Lengd 36:09
Selskap Island (UK/Europe)
A&M (US/Canada)
Produsent Cat Stevens
Cat Stevens-kronologi 
Catch Bull at Four
(1972)
Foreigner Buddha and the Chocolate Box
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

Foreigner er det sjuande studioalbumet til den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens, gitt ut i juli 1973. I tillegg til den mindre hitten «The Hurt», som vart spelt ein del på radio, inkluderte Foreigner òg songar som «100 I Dream» og den 18 minutt lange «Foreigner Suite», som tok opp heile side éin.

Det er det første albumet skrive og produsert eine og åleine av Stevens.

I Canada vart albumet rangert som nr. 100 dei første tre vekene før det hoppa til nr. 48. Det nådde toppen sin, ein femteplass, i den 9. veka.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På toppen av suksessen til Stevens med fire platina- og gullalbum på rad: Mona Bone Jakon, Tea for the Tillerman, Teaser and the Firecat og Catch Bull at Four, hadde Stevens eit dedikert publikum og ein fanskare som ville ha meir. Likevel syntest han sjølv at musikken hans var for føreseieleg, noko som gjorde at han kjende seg i ein rutineprega kreativ prosess. Han bestemde seg for å skriva og produsera sitt neste album sjølv, som var overraskande for mange andre, gitt at Alun Davies, hans nære venn og første gitarist i bandet hans, og produsenten hans, Paul Samwell-Smith, spesielt, var avgjerande for å hjelpa Stevens med å forma den definitive signaturlyden som hadde ført Stevens til høgda av stjernestatusen hans. På jakt etter eit alternativ fokuserte han på den typen musikk som hadde byrja å inspirera han, og som han høyrde på radioen: R&B-musikk.

Blant banda som rørte han var The Blue Notes og Stevie Wonder. Stevens innsåg at den musikken han alltid hadde elska, ikkje hadde opphavet sitt i rock and roll, men i det han hadde vorte introdusert for som «svart musikk». Han tenkte omgåande på Lead Belly, som hadde vore ein av favorittane hans. I hovudet hans hadde han lært om «svart musikk» nesten gjennom bakdøra, samtidig som han flytta seg mot både musikal-musikk og akustisk folkemusikk. Då han bestemde seg for å droppa alle dei musikalske påverknadene i bandet sitt, håpa han å fremja dei tidlege sjelfulle lydane sjølv. I eit intervju med Circus Magazine sa Stevens: «Viss svart musikk skjedde, bestemde eg meg for å berre komma meg ned til det. Og fordi eg er framand i den svarte musikkverda, kalla eg albumet Foreigner, 'utlending'.»[3]

Stevens kalla i tillegg albumet Foreigner fordi han busette seg i Brasil som skatteflyktning. Han spelte inn Foreigner på Jamaica. Den 9. november 1973 framførte Stevens songen på ABC-programmet In Concert, eit 90-minutts program dei kalla Moon & Star, inkludert heile den 18 minutt lange Foreigner Suite utan reklameavbrot.[4]

Sjølv om Foreigner selde godt, og albumet nådde tredjeplassen på begge sider av Atlanteren, fekk det ikkje god kritikk, og utgivinga vart ikkje følgd av nokon turné.

I 2009 gjekk Stevens (no kjent som Yusuf Islam) saman med Joe Satriani inn i ei rettssak (starta i 2004 av Satriani) mot bandet Coldplay, med påstand om at dei (i det minste utilsikta) hadde plagiert verk av begge artistan («If I Could Fly» av Satriani og Stevens sin «Foreigner Suite») for melodien til Coldplay sin «Viva la Vida» frå det Grammy-vinnande albumet deira Viva la Vida or Death and All His Friends.[5] Yusuf har sagt at han har tilgitt Coldplay og gjerne vil setja seg ned og ta ein kopp te med dei. Seksjonen som liknar «Viva la Vida» byrjar omtrent 14:30 til slutten av den 18 minutt lange songen.

På same måte kan det same songsegmentet utilsikta ha vorte nytta i «Hold Me 'Til the Mornin' Comes», ein song frå 1983 frå Paul Anka og Peter Cetera.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Cat Stevens.

Nr.TittelLengd
1.«Foreigner Suite»18:19
Side to
Nr.TittelLengd
2.«The Hurt»4:18
3.«How Many Times»4:26
4.«Later»4:44
5.«100 I Dream»4:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 4
Storbritannia (Official Charts Company) 3
USA (Billboard 200) 3
Canada (RPM)[7] 5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. «RPM Top 100 Singles - 1973». 
  3. Gaines, Steve (September 1973). «Cat Puts An End To'The Cat Stevens Sound'». Circus Magazine. Henta 29. april 2023. 
  4. Islam, Yusuf (2008). «Offisiell nettbiografi». Yusuf Islam. Henta 15. april 2023. 
  5. «Cat Stevens anklager Coldplay for å ha stjålet en av låtene hans». Metro Lyrics. 4. mai 2009. Arkivert frå originalen 16. juni 2009. Henta 15. april 2023. 
  6. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 293. ISBN 0-646-11917-6. 
  7. «RPM Top 100 Singles - 25. august 1973» (PDF). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
1962-1966
The Beatles
Toppen av VG-lista
Cat Stevens

3 veker, Veke 36–38, 1973
Etterfylgjar
Goats Head Soup
The Rolling Stones