Herbie Flowers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herbie Flowers
Fødd 19. mai 1938, Isleworth i Middlesex i England
Instrument Bass
Yrke Musikar
Tilknytte artistar T. Rex, David Bowie, Lou Reed, Elton John

Brian Keith «Herbie» Flowers (fødd 19. mai 1938) er ein engelsk bassist som har spelt med mellom andre David Bowie, Elton John og Lou Reed.[1] Det er han som spelar bass på opninga av Lou Reed sin «Walk on the Wild Side» og på Bowie-songen «Space Oddity», samt Harry Nilsson-songen «Jump into the Fire». Han har òg spelt bass på Serge Gainsbourg-albumet Histoire de Melody Nelson, Jeff Wayne's Musical Version of The War of the Worlds og fleire av soloalbuma til George Harrison.

I 1969 var Flowers med å starte gruppa Blue Mink og spelte på songen deira «Melting Pot», som nådde 3. plass på den britiske singellista. Han var òg medelm av CCS, og den seinare utgåva av T. Rex. I 1979, kort tid etter å ha delteke i den årlege A Song For Europe-konkurransen, spelte han «Mr. Moonlight» med gruppa si The Daisies, og han var sidan med å starte bandet Sky, som hadde ein del suksess i Storbritannia og Australia. Sidan tidleg i 1990-åra har Flowers hovudsakleg spelt jazz. Han arbeider òg som bassgitarlærar ved Ardingly College.

Flowers er kjend for å ha skrive barnesongen «Grandad» for Clive Dunn, noko som har overskugga mykje av det andre han har gjort. I følgje eit intervju Flowers gjorde med BBC Radio 2-showet Jammin kom han opp med songen etter å ha følgd ei bok om korleis ein skulle skrive ein song. Alt han trong var ei fengande strofe, men han kom ikkje på noko. Han ringte ein ven (Ken Pckett) som kom heim til han, ringte på dørbjølla, og lyden av ringeklokka gav han strofa han trong.

Solodiskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Plant Life (Philips)
  • 1980: A Little Potty (EMI)
  • ?: Herbie's Stuff (KPM)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1970: Lincoln County (Polydor)
  • 1973: Tramp / Flanker (Polydor)
  • 1975: Mouth / Hi! It's Herbie Flowers (Philips)
  • 1975: Dancing at Danny's / Mathematics (Philips)
  • 1977: Jubilee / News (EMI)
  • 1978: Don't Take My Bass Away / I Want to Be with You (EMI)
  • 1979: Mr. Moonlight / I Want to Be with You (EMI)
  • 1980: The Whale / Just for You (EMI)
  • 1980: Burlington Bertie (Tramp) / Big George (EMI)
  • 1981: Tuba Smarties / The Bathroom Song (Ariola)
  • 1983: I Love 'er / Meet Me on The Corner (Magic)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Biography: Herbie Flowers». AMG. http://www.allmusic.com/artist/p17586. Henta 31. mars 2011.