Fregattstormsvale
| Fregattstormsvale | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Procellariiformes | |
| Familie: | Hydrobatidae | |
| Slekt: | Pelagodroma | |
| Art: | P. marina | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pelagodroma marina
Latham, 1790
|
||
Fregattstormsvale (Pelagodroma marina) er ein liten sjøfugl i stormsvalefamilien. Dette er einaste medlemmen i den monotypiske slekta Pelagodroma.
Fregattstormsvala hekkar på avsidesliggande øyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha og øyar utanfor Australia og New Zealand. Det finst dessutan nordatlantiske koloniar på Kapp Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane. Ho hekkar i koloniar nær havet og legg eit enkelt kvitt egg. Utanom hekketida held dei seg til havs.
Fregattstormsvala er 19-21 cm i lengd med 41-44 cm vengespenn og ei gjennomsnittleg vekt vekt på 60 gram. Ho har bleikbrun til grå rygg, overgump og venger med svarte vengefjør. Ho er kvit under, i motsetnad til andre nordatlantiske petrellar, og har eit kvitt andlet med ei svart augemaske omtrent som ei symjesnipe. Denne distinkte fjørdrakta gjer ho enkel å identifisere på sjøen.
Fregattstormsvala er strengt pelagisk utanfor hekketida, og dette, saman med dei ofte bortgjøymde hekkeplassane, gjer denne petrellen vanskeleg å observer frå land. Berre ved kraftige stormar kan denne arten bli pressa inn imot fastlandet. Det har vore ein håndfull observasjonsrapportar på arten i Vest-Europa, frå Frankrike, Storbritannia og Nederland.
Denne stormsvala er strengt nattleg på hekkeplassar for å unngå predasjon av måsar og joar, og vil jamvel unngå å lande på klåre, månelyse netter. Som dei fleste petrellane, er evna til å gå avgrensa til eit kort hopp inn i hòla. Dei hekkar i store og tette koloniar. Ei av Chatham-øyane har ein koloni på ca. 850 000 par, verdspopulasjonen er estimert til 4 millionar individ.
Ho har ei direkte glideflukt og vil vandre på vassoverflata når ho plukkar planktonisk føde opp frå havoverflata. Dei er svært sosiale, men følgjer ikkje skip.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «White-faced Storm Petrel» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2012
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelagodroma marina. Henta frå http://www.birdlife.org den 1 juni 2012.
Referansar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av fregattstormsvaler hos Internet Bird Collection