Stormsvalefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stormsvalefamilien


Wilsonstormsvale Oceanites oceanicus
Wilsonstormsvale Oceanites oceanicus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae

Mathews1912

Slekter

Stormsvaler er sjøfuglar i familien Hydrobatidae, og går inn under ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Desse minste av sjøfuglane lever av planktonkrepsdyr og småfisk som dei plukkar opp frå havoverflata, vanlegvis medan dei «vandrar» på overflata. Flukta er blaffrande og somme tider flaggermusaktig.

Stormsvalfamilien har ein kosmopolitisk distribusjon, dei er funne på alle hava. Dei er strengt pelagiske og kjem på land berre for å reprodusere. For dei fleste artane finst det lite kunnskap om åtferd og utbreiing på havet, der kan stormsvalene vere vanskelege å observere og vanskeleg å identifisere. Dei rugar i koloniar på isolerte øyar, viser sterk tendens til å vende att til kolonien og reirplassen kor dei vart fødde. Reirplassen ligg i sprekkar eller hòler og alle bortsett frå ein art er nattaktive. Parbanda er livslange og dei deler på ruging og fôring av ungar. I likskap med mange andre artar av sjøfugl har dei lang rugetid, opptil 50 dagar og etter det ca. 70 dagar før ungane er flygeferdige.

Fleire artar av stormsvaler er trua av menneskelege aktivitetar. Ein art, guadalupestormsvale, var tidlegare rekna som utdøydd og maoristormsvala vart gjenoppdaga i 2003. Det sterkaste trugsmålet mot stormsvalene er introduserte artar i hekkekoloniane, særleg pattedyr.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Procellariiformes (Stormfuglar
 N.N. 
 N.N. 

 Diomedeidae (Albatrossar)


 N.N. 

 Procellariidae (Stormfuglfamilien)



 Pelecanoididae (Dukkpetrellar)





Hydrobatinae (Nordlege stormsvaler)




 Oceanitinae (Sørlege stormsvaler)



Cytokrom b DNA sekvensanalysar antyder at familien er parafyletisk og kan handsamast meir nøyaktig som fleire distinkte familiar.[1] Den same studien syner at stormsvaler er basale innanfor Procellariiformes.

Stormsvalefamilien er delt inn i sju biologiske slekter, og dei er ofte gruppert i to underfamiliar:

Få fossile artar er funne, med dei eldste er frå øvre miocen.[2]

Morfologi og flyging[endre | endre wikiteksten]

Uvanleg for Hydrobatinae-stormsvalene, så har gråstormsvala ei heilt grå fjørdrakt
Foto: C. Schlawe/US Fish and Wildlife Service

Stormsvaler er dei minste av alle sjøfuglane, varierer i storleik frå 13 til 26 cm i lengd. Det er to kroppsfasonger i familien, havsvala og Oceanodroma-stormsvalene har relativt lange venger, gaffelforma eller kileforma halar og kortare bein. Dei sørlege artane, Oceanitinae, har kortare venger, firkanta halar, langstrakte hovudskallar og lange bein. Beina til alle stormsvaler er proporsjonalt lengre enn dei andre stormfuglane, men dei er veldig svake og klarar ikkje å stø kroppsmassen til fuglen meir enn til nokre få skritt.[2]

Fjørdrakta til Oceanitinae-stormsvalene er mørke med kvit underside, unntaket er wilsonstormsvala. Alle Hydrobatinae-stormsvalene, bortsett frå to, er for det meste mørke i farga med varierande mengder av kvitt på overgumpen. To artar skil seg heilt frå dette mønsteret, ringstormsvala som har kvit underside og kvite markeringar i strupe og andlet, og gråstormsvala som har bleik, grå fjørdrakt.[3] Stormsvalefamilien er ein notorisk vanskeleg gruppe å identifisere på sjøen, og somme trur at mykje publisert informasjon om observasjonar ikkje er korrekt, og at bilete i dei største sjøfuglbøker og nettstader ofte har feilaktig artsnamn.[4]

Fregattstormsvala vandrar over vassflata i ein serie av byksande sprang
Foto: Wikipedia-brukar Aviceda

Stormsvaler brukar ei rekkje teknikkar i tillegg til ordinær flyging. Dei fleste artane vil ved behov plukke føde frå vassoverflata, dei flyttar då føtene på overflata utan å trø igjennom, det kan dei gjere ved å få løft av vinden til å halde seg oppe.[5] Denne metoden for å ete mens dei flyg, er mest brukt av Oceanitinae-stormsvalene. Fregattstormsvala kan vise til ein unik variant når dei held vengene urørleg og i ein vinkel mot vinden skyv seg sjølv opp og framover vassoverflata i ei rekkje sprang.[6] Stormsvaler kan òg bruke glideflukt til å segle over havoverflata, dei kan utnytte energien frå den vertikale vindgradient over bølgjefrontar.[7][8] Stormsvaler kan òg gå mot vinden for å få løft og vinne høgd for så å gli ned mot sjøen.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner lite til dietten til mange stormsvaleartar på grunn av vanskar med å forske på fødeinntak, men ein trur familien samla sett konsentrerer seg om krepsdyr.[9] Mange artar tar òg småfisk og blautdyr. Nokre artar er kjente for å vere noko meir spesialisert, til dømes er gråryggstormsvale kjent for å konsentrere seg om larver av langhalsar, Pedunculata.

Nesten alle artar beitar i pelagisk sone, med unntak av dansestormsvaler som er kystnært næringssøkjande ved Galápagosøyane. Jamvel om stormsvaler er i stand til å symje godt og ofte legg seg tett saman på vassoverflata, et dei ikkje når dei ligg på vatnet. I staden beitar dei vanlegvis når dei svevar over eller «vandrar» på overflata og nappar små matbitar. Berre sjeldan gjer dei grunne dukk under overflata for å få tak i byttedyr.[2]

Som mange andre sjøfuglar vil stormsvaler ofte halde seg saman med andre sjøfuglartar og marine pattedyr for å skaffe føde. Ein trur at predatorar slik som sel og pingvinar skyv byttedyr opp mot overflata i eiga jakt, det gjer at føda blir tilgjengeleg for stormsvaler, og stormsvalene dreg dermed nytte av samværet.[10]

Utbreiing og rørsler[endre | endre wikiteksten]

Stormsvaler finst på alle verdshava, men som hekkefuglar har dei fråvere frå området i det vestlege Indiahavet, Polhavet, og dessutan dei austlege områda av Middelhavet, heile Svartehavet og område med brakkvatn. Oceanitinae finst vanlegvis på den sørlege halvkula og Hydrobatinae-stormsvalene på den nordlege halvkula.[9]

Fleire stormsvaleartar gjer lange vandringar etter hekkesesongen. Arten med lengste trekkruta er wilsonstormsvala som etter hekking i Antarktis og på Dei subantartiske øyane jamleg kryssar ekvator til farvatn i Nord-Stillehavet og Nord-Atlanteren. Andre artar gjer vandringar av ulik lengd, til dømes gjer japanstormsvale lange trekk; hekkar i Vest-Stillehavet og vandrar til vestlege Indiahavet.[11] Bajastormsvale, derimot, gjer kortare trekke, dei hekkar i sørlege California og trekkjer ned langs kysten av Mellom-Amerika, så langt sør som til Colombia.[12] Endeleg er det nokre artar som ein trur i det alt vesentlege er standfuglar og ikkje trekkjer langt bort frå øyane der dei hekkar, hawaiistormsvale og gråryggstormsvale er begge døme på dette.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Perustormsvala er uvanleg ved at ho hekkar på fastlandet, på Paracas-halvøya i Peru
Foto: Jaime Jahncke

Stormsvaler er kolonihekkarar, for det meste på øyar, jamvel om nokre artar hekkar på fastlandet, spesielt på Antarktika-kontinentet. På hekkeplassane er dei nattaktive for å unngå rovdyr.[13] Dagstormsvale, som hekkar på Galápagosøyane, er unntaket frå denne regelen i det dei kjem inn til hekkeplassane sine på dagtid.[14] Stormsvaler er sterkt filopatriske, dei vil seie at dei stort sett held seg til same kolonien gjennom livet. I eit tilfelle vart ei passatstormsvale fanga som voksen 2 meter frå hòla der ho var klekt.[15] Stormsvaler hekkar anten i hòler gravne i jord eller sand, eller i små sprekkar i stein og ur. Konkurransen om hekkeplassane er intens i koloniar der stormsvaler konkurrerer med gravande petrellar, og lirer har blitt registrert å drepe stormsvaler for å okkupere reirhòlene deira.[16] Koloniar kan vere svært store og tette. 840 000 par fregattstormsvaler hekkar på Søraustøya i Chatham-øyane, der rugehòlene ligg i tettleikar på mellom 1,18 til 0,47 per m²; det er registrert tettleikar så høgt som 8 par / m² for passatstormsvaler på Galápagosøyane. Koloniar på 3,6 millionar fuglar for arten stormsvale (Oceanodroma leucorhoa) har vore registrert.[17]

Unge av gråstormsvale
Foto: Hillebrand, Steve

Stormsvaler er monogame og dannar langsiktige parsamband som varar i fleire år. Studiar av farskap ved hjelp av DNA-fingerprinting har vist at i motsetnad til mange andre monogame fuglar, så førekjem det svært sjeldan utroskap eller ekstraparkopulasjon i stormsvalefamilien.[18] Som med dei andre Procellariiformes, legg dei eitt egg i kullet. Viss hekkinga mislukkast, vil dei vanlegvis ikkje legge eit nytt egg, jamvel om det kan førekomme. Begge kjønn rugar på skift på opp til seks dagar. Det tar 40 til 50 dagar før egget er klekt, så må ungen varmast kontinuerleg i ytterlegare 7 dagar eller så før han kan vere åleine i reiret gjennom dagen når foreldra hentar mat. Foreldra kjem med maten om natta. Måltida veg rundt 10-20 % av kroppsvekta til foreldra, og bestå av både byttedyr og mageolje. Mageolja er energirik, med brennverdi på ca. 9600 kaloriar per gram. Olje er av delvis fordøyde byttedyr som blir produsert i framdelen av fordøyingskanalen kjent som proventriculus.[19] Stormsvaler nyttar mageolje til å maksimere energimengda som ungane kan ta i mot i eit måltid etter ein fòringstur, ein fordel for små sjøfuglar som berre kan gjere eit besøk til ungen i løpet av døgnet.[20] Den gjennomsnittlege tida til ungane blir flygedyktige varierer med art, det tar mellom 50 og 70 dagar. Samla tid frå egglegging til ungen er sjølvstendig er lang, men det er typisk for sjøfuglar som har lang levetid og investerer mykje innsats i kull på få ungar.[21] Stormsvaler er registrert å leve så lenge som 30 år.[22]

Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Nedgangen i bestanden av kaliforniastormsvaler har ført til at arten er erklært trua av IUCN.
Foto: Duncan Wright

Fleire artar i stormsvalefamilien er trua av menneskeleg aktivitet.[23] To, guadalupestormsvale og maoristormsvale, er oppført som kritisk trua hos IUCN. Guadalupestormsvala har ikkje blitt observert sidan 1906 og dei fleste autoritetar reknar arten som utdøydd. Maoristormsvale var òg trudd å vere utdøydd i mange år, men i 2003 vart ho funnen igjen, jamvel om populasjonen truleg er svært liten. Ein art, kaliforniastormsvale, er oppført som truga av IUCN på grunn av ein 42 % nedgang over tjue år,[24] og to andre artar er òg oppført som sårbare eller verre. I tillegg er fire artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data». Ein kjenner ikkje hekkestadane for ringstormsvale og den nyleg gjenoppdaga maoristormsvala.

Stormsvaler står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Guadalupestormsvala vart driven til utrydding av villkattar,[25] og slike introduserte rovdyr er òg årsak til nedgang blant andre artar. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.

Oversyn artar, status og hekkelokalitetar[endre | endre wikiteksten]

Stormsvaler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[26] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[27] Fakta om raudlistestatus, populasjon og hekkeutbreiing er frå oppslag i BirdLife International sine nettsider 'Data Zone', 13. mai 2012.[28]

Slekt Artsnamn Vitskapleg namn Status Populasjon Trend Hekkeplass
Oceanites
Wilsonstormsvale Oceanites oceanicus LC 12-30 mill ukjent frå Cape Horn i Chile til Kerguelen-øyane òg kysten av Antarktis.
(utan norsk namn) Oceanites pincoyae x x x x
Dansestormsvale Oceanites gracilis DD 30 000 stabil ukjent, men antatt på små øyar frå nordlege Chile til Galápagosøyane
Garrodia
Gråryggstormsvale Garrodia nereis LC 200 000 ukjent øyar i sørlege hav frå Falklandsøyane austover til Chatham-øyane, New Zealand.
Pelagodroma
Fregattstormsvale Pelagodroma marina LC 4 mill ukjent øyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha, kysten av Australia og New Zealand,

i Nord-Atlanteren: Cape Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane.

Hydrobates
Havsvale Hydrobates pelagicus LC 1,3-1,5 mill ukjent Nordvestre Atlanteren, rangert etter kolonistorleik: Nólsoy, (Færøyane), Storbritannia, Irland og Island,

dessutan små koloniar i andre europeiske land som Noreg (Røst), Spania og Hellas.

Fregetta
Kvitbukstormsvale Fregetta grallaria LC 300 000 ukjent øyar på den sørlege halvkula
Maoristormsvale Oceanites maorianus CR < 50 ukjent ukjent, (New Zealand)
Svartbukstormsvale Fregetta tropica LC 500 000 ukjent øyar på den sørlege halvkula
Nesofregetta
Kvitstrupestormsvale Nesofregetta fuliginosa EN 1000-1600 minkande øyar i Stillehavet: Kiribati, Fransk polynesia, Ny-Caledonia
Oceanodroma
Gråstormsvale Oceanodroma furcata LC 6 mill ukjent nordlege Stillehavet frå Kurilane til kysten av Alaska
Ringstormsvale Oceanodroma hornbyi DD 1000-90 000 ukjent ukjent, (kysten frå nordlege Chile langs Peru, kanskje inne i Atacama)
Stormsvale Oceanodroma leucorhoa LC 20 mill ukjent globalt på den nordlege halvkula, inklusive Røst og Erkna i Noreg.[29]
Japanstormsvale Oceanodroma monorhis LC 100 000 ukjent Verkhovsky-øya ved sørlege Vladivostok, og ved Japan
Kaliforniastormsvale Oceanodroma homochroa EN 5 200-10 000 minkande øyar utanfor California, sørover til Coronados-øyane utanfor nordlege Mexico
Passatstormsvale Oceanodroma castro LC 150 000 ukjent på øyar i Aust-Atlanteren og nordlege Stillehavet
(utan norsk namn) Oceanodroma monteiroi VU 250-1000 stabil to holmar ved øya Graciosa i Azorane
(utan norsk namn) Oceanodroma jabejabe x x x x
Dagstormsvale Oceanodroma tethys LC 500 000 ukjent øyar utanfor Amerika frå Baja California, Mexico til nordre Chile, inklusive Galapagosøyane
Bajastormsvale Oceanodroma melania LC 500 000 ukjent øyar utanfor sørlege California og Baja California, Mexico
Perustormsvale Oceanodroma markhami DD 50 000 ukjent Paracas naturreservat, Peru, kanskje inne i ørkenen i Peru og Chile
Iwostormsvale Oceanodroma matsudairae DD 20 000 ukjent Iwo-øyane, Japan
Hawaiistormsvale Oceanodroma tristrami NT 20 000 stabil Hawaii
Dvergstormsvale Oceanodroma microsoma LC 0,1-1 mill ukjent øyar i Californiabukta og på vestkysten av Baja California Sur

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nunn, G & Stanley, S. (1998) Body Size Effects and Rates of Cytochrome b Evolution in Tube-Nosed Seabirds Molecular Biology and Evolution 15(10): 1360-1371 [1] Corrigendum
  2. 2,0 2,1 2,2 Carboneras, Carles (1992). «Family Hydrobatidae (Storm petrels)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. Ostrich to Ducks. Handbook of the Birds of the World. Band 1. Barcelona: Lynx edicions. ss. 258–265. ISBN 84-87334-10-5. 
  3. Harrison, P. (1983) Seabirds, an identification guide Houghton Mifflin Company:Boston ISBN 0-395-33253-2
  4. Onley and Scofield, (2007) Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Helm ISBN 978-0-7136-4332-9
  5. Withers, P.C (1979) Aerodynamics and Hydrodynamics of the ‘Hovering’ Flight of Wilson's Storm Petrel Journal of Experimental Biology 80: 83-91 [2]
  6. Erickson, J. (1955) Flight behavior of the Procellariiformes The Auk 72: 415-420 [3]
  7. Pennycuick, C. J. (1982). «The flight of petrels and albatrosses (Procellariiformes), observed in South Georgia and its vicinity». Philosophical Transactions of the Royal Society of London B 300 (1098): 75–106. doi:10.1098/rstb.1982.0158. 
  8. Brinkley, E. & Humann, A. (2001) Storm petrels in The Sibley Guide to Bird Life and Behaviour (Elphick, C., Dunning J. & Sibley D. eds) Alfred A. Knopf:New York ISBN 0-679-45123-4
  9. 9,0 9,1 Brooke, M. (2004). Albatrosses And Petrels Across The World Oxford University Press, Oxford, UK ISBN 0-19-850125-0
  10. Harrison N., Whitehouse M., Heinemann D., Prince P., Hunt G., Veit R. (1991) Observations of Multispecies Seabird Flocks around South Georgia Auk 108(4): 801-810
  11. Van Den, Berg AB; Smeenk, C; Bosman, CAW; Haase, BJM; Van Der, Niet AM; Cadée, GC (1990). «Barau's petrel Pterodroma baraui, Jouanin's petrel Bulweria fallax and other seabirds in the northern Indian Ocean in June–July 1984 and 1985». Ardea 79: 1–14. 
  12. Ainley, D. G., and W. T. Everett. 2001. Black Storm Petrel (Oceanodroma melania). In The Birds of North America, No. 577 (A. Poole and F. Gill, eds.). The Birds of North America, Inc., Philadelphia, PA.
  13. Bretagnolle, V. (1990). «Effect of moon on activity of petrels (Class Aves) from the Selvagen Islands (Portugal)». Canadian Journal of Zoology 68: 1404–1409. 
  14. Ayala L & Sanchez-Scaglioni R (2007) A new breeding location for Wedge-rumped Storm Petrels (Oceanodroma tethys kelsalli) in Peru Journal of Field Ornithology 78(3): 303-307 doi:10.1111/j.1557-9263.2007.00106.x
  15. Harris, M. (1979) Survival and ages of first breeding of Galapagos seabirds Bird Banding 50(1): 56-61 [4]
  16. Ramos, J.A., Monteiro, L.R., Sola, E., Moniz, Z., (1997). Characteristics and competition of nest cavities in burrowing Procellariiformes Condor 99: 634–641.[5]
  17. West, J. & Nilsson, R. (1994) Habitat use and burrow densities of burrow-nesting seabirds on South East Island, Chatham Islands, New Zealand Notornis (Supplement) 41 27-37 [6]
  18. Mauwk, T., Waite, T. & Parker, P. (1995) Monogamy in Leach's Storm Petrel:DNA-fingerprinting evidence Auk 112(2): 473-482 [7]
  19. Warham, J. (1976) The Incidence, Function and ecological significance of petrel stomach oils. Proceedings of the New Zealand Ecological Society 24 84-93 [8]
  20. Obst, B & Nagy, K (1993) Stomach Oil and the Energy Budget of Wilson's Storm Petrel Nestlings Condor 95: 792-805 [9]
  21. Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne.(2001.) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7
  22. Klimkiewicz, M. K. 2007. Longevity Records of North American Birds. Version 2007.1. Patuxent Wildlife Research Center. Bird Banding Laboratory. Laurel MD.
  23. Søk 'Hydrobatidae' i IUCN Raudliste
  24. Sydeman, W.; Nurr, N.; McLaren, E.; McChesney, G. (1998). «Status and Trends of the Ashy Storm Petrel on Southeast Farallon Island, California, based upon capture-recapture analyses». Condor 100 (3): 438–447. doi:10.2307/1369709. JSTOR 1369709. 
  25. Foreløpige tal for nedgangen av guadalupestormsvale – Thayer, J.; Bangs, O (1908). «The Present State of the Ornis of Guadaloupe Island». Condor 10 (3): 101–106. doi:10.2307/1360977. JSTOR 1360977. 
  26. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/, henta 15. februar 2014 
  27. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  28. BirdLife International sine nettsider 'Data Zone', henta 13. mai 2012.
  29. [http://www.birdlife.no/prosjekter/rapporter/2006_07.pdf Tomas Aarvak & Ingar Jostein Øien, Kartlegging av hekkende havsvaler og stormsvaler, 2006, NOF]