Gallmidd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gallmidd


Raud palmemidd Raoiella indica
Raud palmemidd Raoiella indica

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Cheliceriformes
Klasse: Arachnida
Underklasse: Acari
Overorden: Acariformes
Orden: Prostigmata
Overfamilie: Eriophyoidea

Gallmidd er ei stor gruppe midd som lever parasittiskplantar. Det er kjend godt over 3 500 artar i meir enn 200 slekter, og dei finst på mange ulike planteslag. I Noreg er det kjend rundt 54 artar.

Gallmidd er sjeldan farlege for plantar direkte, men dei kan gjera skade gjennom å overføra virussjukdommar. Dei er den einaste middgruppa som er i stand til dette.

Det finst to familiar av gallmiddane; Eriophyidae og Phytoptidae.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Gallmiddane er mikroskopiske dyr på 0,l til 0,3 mm, og har normalt langstrekte, ormeliknande kroppar. Dei artane som dannar gallar er oftast pølseforma, medan frittlevande artar som regel er kjegleforma med ryggskjold. Kroppane er mangeledda og har ulikt tal på kitinringar på ryggen. Desse ringane er viktige når det kjem til å skilja dei ulike artane frå kvarandre.

Gallmidd har, til skilnad frå andre midd, berre to par bein. Desse er plasserte langt framme på kroppen, nær hovudet. Munndelane er stikkande / sugande.

Kjønnsorgana sit på undersida av dyra, bak beina. Dei manglar både augo, blodkarsystem og pusteorgan. Dyra er så små at dei fint klarar seg med å pusta gjennom huda.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Gallmidd finst berre på levande plantar, kor dei syg næring or epidermisceller. Det finst både galledannande og frittlevande artar.

Dei formeirar seg både kjønna og ved partenogenese. Hannane utgjer hjå mange artar berre 2-3 % av bestanden. Gallmiddane går gjennom to nymfestadium mellom egg- og vaksen-stadiet.

Galledannande artar[endre | endre wikiteksten]

Gallar på lind, frå storbladlindgallmidd.

Somme gallmidd sprøytar vekstregulerande stoff inn i vertsplantane sine. Dette førar til at planten får unormal vekst og utviklar gallar. Kvar gallmiddart har sine eigne stoff, som gjev gallane særeigne former og fargar. Dyra lever inne i dei hole gallane og syg næring frå hår som vert utvikla på innsida av gallane. Ofte har gallane opningar på undersida.

Einskilde gallmiddartar er oftast spesialiserte til å leva på særskilde planteartar eller -slekter. Vertsplanten reagerer så godt som alltid likt på åtaka. Ein kan difor skilja mellom mange artar berre på grunnlag av vertsplante og galle. Dei kan danna både blom-, knopp- og ulike slag bladgallar. Likevel er det sjeldan dyra gjer alvorleg skade.

Somme galledannande artar førar til filtgallar på blada - epidermisceller vert omdanna til hår av ymse former og fargar. Desse kan vera jamn tjukke eller tilspissa (phyllerium) eller fortjukka med ein klubbeliknande spiss (erineum), og er særleg å finna på undersida av blad. Middane lever i den tette filtmassen, og syg næring herifrå.

Gallmidd overvintrar som vaksne i knoppar, barksprekkar, under barkflak og liknande. Særs mange døyr under vinteren, men allereie utover våren aukar talet raskt.

Frittlevande artar[endre | endre wikiteksten]

Mange gallmidd dannar ikkje gallar i det heile teke. Dei lever berre i plantane sine normale hårlag, særleg på undersida av blada. Her finst det somme artar som kan gjera stor skade om det er skikkeleg varmt i været - i juli/august kan dei formeira seg raskt opp i hundrevis av individ per blad på til dømes solbær og plommetre, og skada verten markant.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Fjelddalen, Jac.: Gallmidd (Eriophyoidea) På løvtrær, busker, frukttrær og bærbusker i Insekt-nytt #3 1995