Games Without Frontiers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Games Without Frontiers
Singel av Peter Gabriel
frå albumet Peter Gabriel (Melt)
B-side

«Start/I Don't Remember» (Storbritannia), «Lead A Normal Life» (USA)

Språk engelsk, tysk
Utgjeve 9. februar 1980
Innspelt 1979
Sjanger Kunstrock, new wave[1]
Lengd 4:05 (album)
3:47 (singel)
Selskap Charisma
Komponist Peter Gabriel
Tekstforfattar Peter Gabriel
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Steve Lillywhite
Peter Gabriel-kronologi 
«D.I.Y.»
(1978)
Games Without Frontiers «No Self Control»
(1980)


«Games Without Frontiers» er ein song frå 1980 skriven og innspelt av den engelske musikaren Peter Gabriel, og gjeve ut på det tredje soloalbumet hans. Kate Bush syng korvokal på songen (som ho seinare gjorde på «Don't Give Up», som dei spelte inn og gav ut som ein duett) og vart den første hitten hans på Topp 10 i Storbritannia med ein fjerdeplass. I lag med «Sledgehammer» i 1986 var dette den høgaste plasseringa han oppnådde på singellista i Storbritannia. Singelen nådde 48. plass i USA. B-sida til singelen var to songar kombinert i ein: «Start» og «I Don't Remember».[2]

Tittel og tekst[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på songen kjem frå (og er ei omsetjing av den originale franske tittelen) eit europeisk game show, Jeux Sans Frontières, der forskjellige lag konkurrerte om premiar i underlege konkurransar medan dei ofte var kledde i merkelege kostyme. Setninga «Jeux sans frontières» vert repetert fleire gonger i teksten og vert ofte mistolka av lyttarane som noko anna. Den britiske versjonen av showet heitte It's a Knockout, eit uttrykk som òg er nemnt i songen. Laga representerte byar frå forskjellige land, så konkurransane hadde eit element av nasjonalisme i seg. Sjølv om somme konkurransar var enkle løp, kunne ein i andre hindre kvarandre.

Teksten vart sett på som kritikk av nasjonalisme og krig, som begge i songen vert skildra som barnsleg og dumt. Setninga «Games without frontiers, war without tears» er ein kommentar på opphøginga av rivaliseringa i Europa, som kom av hundreår med krig, til ein meingslaus og tåpeleg konkurranse.

Namnet Lin Tai Yu er nemnt i songen og er ein av rollene i den klassiske kinesiske romanen Dream of the Red Chamber.

Chiang Ching er eit anna namn som er nemnt og syner anten til kona til formann Mao og leiaren av kulturrevolusjonen i Kina eller til Chiang Ching-kuo, sonen til Chiang Kai-shek, som var president i Kina før kommunistrevolusjonen, og som framleis leia eit antikommunistisk styre i Taiwan då songen vart skriven.

Slutten av første verset syner til den tyske diktatoren Adolf Hitler og legen Enrico Fermi: «Suki plays with Leo, Sacha plays with Britt; Adolf builds a bonfire, Enrico plays with it». (Suki leikar med Leo, Sacha leikar med Britt, Adolf byggjer eit bål, Enrico leikar med det)
Det var den tyske invasjonen av Polen under Hitler som utløyste den andre verdskrigen i 1939, medan kjernereaktoren til Fermi gjorde at ein kunne utvikle atomvåpen i USA, som vart nytta mot Japan til å avslutte krigen. I tillegg er Sasja eit russisk kallenamn for Aleksander, medan Britt syner til Storbritannia (Britain), som allierte seg med Sovjetunionen.

Albumversjonen av songen inneheld linja «Whistling tunes we piss on the goons in the jungle» (plystrande på melodiar pissar me på idiotane i jungelen) etter det andre verset og før det andre refrenget Dette vart erstatta på singele med den meir radiovennelege linja «Whistling tunes we're kissing baboons in the jungle» frå det første refrenget. BBC sensurerte òg videoen og fjerne orda «we piss on the goons in the jungle».[3] Plystringa vert gjort av Gabriel sjølv i lag med produsentane Steve Lillywhite og Hugh Padgham.

Winter X Games XIII nytta Gabriel og Lord Jamar sin remiks av songen kalla «X Games Without Frontiers», som vart kjenningsmelodien for leikane.[4]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

På songen vert det nytta ein PAiA Electronics trommemaskin, som vert rekna som den første programmerbare trommemaskinen. Det vert òg nytta ein Moog Model 15 for mange av synthesizerlydane og var ein av dei første singlane som nytta samplaren Fairlight CMI, som Gabriel var tidleg ute å nytte.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Singel[endre | endre wikiteksten]

Engelsk versjon

7" UK singel (1980)

  1. «Games Without Frontiers»
  2. «Start/I Don't Remember»

7" US & kanadisk singel (1980)

  1. «Games Without Frontiers» - (3:47)
  2. «Lead A Normal Life» - (3:42)

7" US singel (1980)

  1. «Games Without Frontiers (Mono)» - (3:45)
  2. «Games Without Frontiers (Stereo)» - (3:45)

12" UK singel (1983)

  1. «Games Without Frontiers»
  2. «Schnappschuss (Ein Familienfoto)»

Tysk versjon

7" tysk singel (1980)

  1. «Spiel Ohne Grenzen (Games Without Frontiers)» - (4:07)
  2. «Jetzt Kommt Die Flut (Here Comes The Flood)» - (4:57)

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 44
Canada RPM[6] 7
Irland (IRMA)[7] 3
UK[8] 4
US Billboard Hot 100[9] 48
US Cashbox Top 100 60

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1980) Plassering
Canada[10] 57
UK[11] 54


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://pocketmags.com/ca/classic-pop-magazine/dec-2015jan-2016/articles/352374/top-100-albums-of-the-eighties
  2. «Peter Gabriel - Games Without Frontiers». ultratop.be. Henta 25. oktober 2012. 
  3. Hewitt, Alan (2000). Opening The Musical Box: A Genesis Chronicle. Firefly. s. 142. ISBN 9780946719303. «censored by the BBC because of its use of children's dolls» 
  4. «Eventmedia». Espneventmedia.com. 23. januar 2009. Arkivert frå originalen 3. mars 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 120. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 16. oktober 2016. 
  7. "The Irish Charts – Search Results – Games Without Frontiers". Irish Singles Chart. Retrieved 16. juni 2018.
  8. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 219. ISBN 1-904994-10-5. 
  9. "Gabriel?f=379&g=Singles Peter Gabriel Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Peter Gabriel. Prometheus Global Media.
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 16. oktober 2016. 
  11. «UK Singles of the Year» (PDF). Record Mirror (London: Spotlight Publications): 30. Desember 27, 1980. Henta 13. juni 2016. [daud lenkje]