Sledgehammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sledgehammer
Singel av Peter Gabriel
frå albumet So
B-side «Don't Break This Rhythm», «I Have the Touch» (mix), «Biko» (ext)
Utgjeve 25. april 1986
Innspelt 1985
Sjanger Funkrock, blue-eyed soul
Lengd 4:58 (singel), 5:16
Selskap Charisma (UK), Geffen (US)
Låtskrivar(ar) Peter Gabriel
Produsent Daniel Lanois
Peter Gabriel-kronologi
«Walk Through the Fire"
(1984)
Sledgehammer «Don't Give Up»
(1986)

«Sledgehammer» er ein song av den britiske musikaren Peter Gabriel frå 1986 på albumet So. Songen gjekk til topps i Canada den 21. juli 1986 og låg der i fire veker. Han nådde toppen av Billboard Hot 100-lista i USA 26. juli 1986;[1] og fjerdeplassen i Storbritannia. Medverkande til dette var ein populære og banebrytande musikkvideo. Det vart den største hitten hans i Nord-Amerika og i lag med «Games Without Frontiers» den største hitten hans i Storbritannia.

Musikkvideoen til songen vann mange prisar, mellom anna ni prisar ved MTV Awards i 1987 og beste britiske musikkvideo under Brit Awards i 1987.[2][3] Gabriel vart òg nominert for tre Grammy Awards med songen for beste mannlege solovokal, årets song og årets innspeling.[4] Fram til 2011 var «Sledgehammer» den mest spelte musikkvideoen i historia til MTV.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen var påverka av soulmusikk frå 1960-åra, særleg musikken laga av selskapet Stax. Blåsarane på songen vart spelte av the Memphis Horns, som var husmusikarar hos Stax. Blåsarane i opninga minnar om byrjinga på John Coltrane sin «Chronic Blues» from albumet Coltrane. Songen inneheld òg ei syntetisk shakuhachi-fløyte spelt ved hjelp av ein Emu Emulator II.[5]

Tekstne er ei blanding av seksuelle antydingar med referansar til damplokomotiv, radiobilar, Big Dipper (berg- og dalbane) og fruktskål som metaforar for mannlege og kvinnlege kjønnsorgan og referansar til pollinering, å oppføre seg som ei slegge (sledgehammer på engelsk), frukt og bier som metaforar for seksuelle handlingar.

«Sledgehammer» var den einaste hitten Peter Gabriel fekk i USA. Han tok over førsteplassen på lista etter «Invisible Touch» av det tidlegare bandet hans Genesis.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen til «Sledgehammer» var banebrytande og vart særs populær. Han vart regissert av Stephen R. Johnson og produsert av Adam Whittaker. Aardman Animations (kjend for Wallace and Gromit) og Brothers Quay laga animasjonar til filmen. Teknikkane i videoen vart nytta av Gabriel seinare på «Big Time».

Sjølv om mange av desse teknikkane alt hadde vorte nytta i tidlegare musikkvideoar (som Talking Heads sin «Road to Nowhere» i 1985), vann Sledgehammer ni prisar ved MTV Video Music Awards i 1987, ein rekord som framleis står i 2012.[2] Han vart rangert på fjerdelpass på lista til MTV over dei 100 beste musikkvideoane laga gjennom tidene (1999). MTV annonserte seinare at «Sledgehammer» var den mest spelte musikkvideoen i historia på kanalen.[2] «Sledgehammer» er òg av MTV kåra til den beste animerte musikkvideoen gjennom tidene.[6]

Videoen vart plassert på sjuande plass på lista til TMF over Ultimate 50 Videos You Must See. Han vart rangert på andreplass på lista til VH1 over dei 20 beste musikkvideoane frå 1980-åra, og på førsteplass på lista «Amazing Moment in Music» i det australske fjernsynsshowet 20 to 1 i 2007.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1986 spelte «Weird Al» Yankovic som ein del av polkamedleyen «Polka Party!» frå albumet med same namn. Han imiterte òg videoen i musikkvideoen for songen «UHF».

I 1986 vart songen nytta i ein episode av Miami Vice («Better Living Through Chemistry»). Songen vart nytta i marknadsføringa av komedien Sledge Hammer!.

I 1991 lånte rapparane i 3rd Bass basslinja til Tony Levin frå songen på hitten deira «Pop Goes the WeaselNaughty By Nature sin «Hip Hop Hooray» frå 1993 sampla òg fløyteintroen. I 2000 vart songen sampla for «I've Got to Have It» av Jermaine Dupri, Monica og Nas, for filmen Big Momma's House.

I 1993 vart songen nytta i ein britisk fjernsynsreklame for Vauxhall Cavalier, etterfølgd av gitariffet frå Eric Clapton sin «Layla».[7]

Trey Anastasio Band spelte «Sledgehammer» den 4. mai 2005. [8]

I 2005 spelte progrockbandet Umphrey's McGee inn «Sledgehammer» for Wrapped Around Chicago - New Year's Eve at The Riviera (2005). Bandet spelar ofte songen på konsertane sine.

I 2007 spelte det finske epic metal-bandet Northern Kings med Jarkko Ahola frå Teräsbetoni, Marco Hietala frå Nightwish og Tarot, Tony Kakko frå Sonata Arctica og Juha-Pekka Leppäluoto frå Charon inn songen for albumet Reborn.

I 2008 gjorde R&B-songaren Maiysha ein sensuell versjon av «Sledgehammer» for albumet This Much Is True.

The Dave Matthews Band byrja å spele songen på konsertane sine i 2008.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 160. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Peter Gabriel, 'Sledgehammer' (1986) - The 30 All-TIME Best musikkvideos Time. Henta 122. oktober 2012
  3. The BRITS 1987 Brits.co.uk. Henta 122. oktober 2012
  4. 29th Grammy Awards - 1987 Rock på The Net. Henta 122. oktober 2012
  5. Famous Sounds synthmania.com
  6. MTV. Top Ten Animated Videos Countdown.. juni 28, 1998
  7. Cauxhall Cavalier advert på Youtube.
  8. «PhishNET». http://phish.net/song/sledgehammer/?artist=2. 
  9. «DMBAlmanac». http://www.dmbalmanac.com/SongStats.aspx?sid=549. Henta 3. februar 2013.