Årbuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årbuk
Årbuk
Årbuk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Karpefisk Cypriniformes
Overfamilie: Cyprinoidea
Familie: Karpefamilien Cyprinidae
Slekt: Squalius
Art: Årbuk S. cephalus
Vitskapleg namn
Squalius cephalus

Årbuk (Leuciscus cephalus) er ein beinfiskart i karpefamilien. Andre namn på same fisken er stam, breinakke og raufjæring.

Årbuk har raude gatt- og bukfinnar og kan likne på vederbuk, men er slankare og breiare over nakken og ryggen og har større munn. Han kan vakse seg opptil 80 cm lang og 8 kg tung, men vert ikkje så stor i Noreg. Noregsrekorden på 3,2 kilo blei tatt i Glomma. Årbuken kan bli eit parogtjue år gamal.

Årbuk sett frå vassoverflata.

Fisken lever i fersk- og brakkvatn i Mellom-Europa. I Noreg er han å finna nedst i Tista, Glomma og Drammenselva. Årbuk held helst til i rennande vatn, men i nokre fall finn du han og i innsjøar og i brakkvatn. Han trivst særleg godt der ureinsa kloakk renn ut i vatnet.

Når årbuken er liten går han ofte i stimar, medan eldre fiskar held seg i små grupper eller åleine. I mai til juni gyt han ved ca. 15 grader. Egga vert klekte etter 10–12 dagar.

Fisken er ei morosam utfordring for sportsfiskarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Årbuk