Georg Steller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Georg Wilhelm Steller (10. mars 1709 - 14. november 1746) var ein tysk vitskapsmann og oppdagar som arbeidde i Russland. Steller har fått fleire dyreartar kalla opp etter seg. Grunnen til dette er at han deltok på Vitus Bering si andre oppdagingsferd frå Kamsjatka, og oppdaga fleire dyreartar ingen vitskapsmenn hadde skildra før.

Steller var fødd i Windsheim nær Nürnberg og studerte ved Universitetet i Wittenberg. Han fekk så ei stilling ved St. Petersburg-akademiet for naturvitskap, og reiste til Russland i I 1734.

I 1738 blei han utnemnd til vitskapsmann på Bering-ekspedisjonen, som skulle utforska kysten av Sibir og leita etter ein austleg veg til Nord-Amerika, og etter to års reise kom han fram til Okhotsk i 1740. Her møtte han Bering for første gong.

I september det året drog ekspedisjonen til Kamsjatkahalvøya og overvintra i Bolsjeretsk, der Steller hjelpte til ved ein lokal skole. Deretter blei han med Vitus på veg mot Amerika. Dei gjekk i land Kajakkøya i Alaska i juli 1741. Her blei Steller den første europeiske vitskapsmannen som skildra fleire nordamerikanske dyr og plantar, mellom anna furuskrike, som har det latinske namnet Cyanocitta stelleri etter han.

På tilbakevegen gjekk skipet deira på grunn på øya me nå kjenner som Beringøya, og mannskapet måtte overvintra i vanskelege tilhøve. Plaga av dårleg helse og matmangel døydde Bering og halve mannskapet her, som regel av skjørbuk. Steller overlevde, og brukte tida på å skildra naturlivet i området, til dømes nordleg pelssel, Stellers sjøløve, Stellerand og dei no utdøydde artane Stellers sjøku og brilleskarv.

Om våren klarte restane av ekspedisjonen å utrusta eit nytt fartøy og drog tilbake til Okhotsk. Dei to neste åra brukte Steller til å utforska Kamsjatkahalvøya. Han blei kalla tilbake til St. Petersburg, men fekk feber på reisa og døydde i Tyumen.

Nedteikningane til Steller kom likevel fram, og blei utgjevne av Peter Simon Pallas. Dei blei brukte av seinare reisande i Nord-Atlanteren, mellom anna Kaptein Cook.