Grønlandsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grønlandsk språk)
Gå til: navigering, søk
Grønlandsk
(Kalaallisut)
Klassifisering: eskimoisk-aleutisk
 eskimoisk
  Inuit-språk
   grønlandsk
Bruk
Tala i: Grønland (Danmark)
Grønlandsktalande i alt: 58 000
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: kl
ISO 639-2: kal
ISO 639-3: kal

Grønlandsk (grønlandsk kalaallisut) er eit eskimoisk-aleutisk språk som blir snakka av om lag 50 000 menneske på Grønland. Det er i nær slekt med dei andre eskimoiske språka, særleg med inuktitut, som blir snakka i Nunavut i Canada. Grønlandsk er eit polysyntetisk og ergativt språk, som dannar nye ord ikkje med samansetjingar, men med avleiing frå røter med hjelp av (ofte fleire) avleiingsaffiks.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Kart over dei ulike inuit-språka.

Det er tre grønlandske dialektar, nord-, vest- og austgrønlandsk. Vestgrønlandsk er den største, og blir snakka på mesteparten av vestkysten. Skriftspråket byggjer på vestgrønlandsk. Nordgrønlandsk (inuktun) blir snakka rundt Thule (qaanaaq) og er ein overgangsdialekt til inuktitut. Austgrønlandsk skil seg mest frå dei to andre; distansen frå vest- til austgrønlandsk kan vere vel så stor som den vestover til inuktitut.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Grønlandsk har eit svært enkelt vokalsystem, med berre tre vokalfonem, /i/, /a/, /u/, som har låge allofonar framfor uvulare lydar (/r/, /q/).

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Grønlandsk har to opne ordklasser, substantiv og verb. Verba er delt inn i to klasser, intransitive og transitive; dette skiljet er grunnleggjande — ikkje berre for syntaksen, men også for morfologien til verba. Grønlandske verb kongruerer med både subjekta og objekta sine, og dei intransitive verba manglar fullstendig objektskonjugasjon. Grønlandsk har fire personar (første, andre, tredje og fjerde (refleksiv)), to numerus (singularis, pluralis; grønlandsk manglar altså dualis, som vi finn i inuktitut), åtte modi, indikativ, interrogativ, imperativ, optativ, kausativ, partisipp, kondisjonalis og partisipalmåte.

Substantiva er delt inn i to bøyingsklasser, ein regelrett klasse (p-klassen, som har suffikset -p i relativt kasus), og ein uregelrett klasse (up-klassen, som har suffikset -up). Dei siste hundre åra har fleire og fleire substantiv gått over frå up- til p-klassa. Denne overgangen har resultert i ei eiga overgangsklasse av substantiv som blir bøygde dels etter up- og dels etter p-mønsteret. Grønlandsk har åtte kasusabsolutiv, relativ, terminativ, ablativ, lokativ, ækvativ, instrumentalis og vialis. Substantiva blir bøygde i numerus, kasus, og person og tal for possessor.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Skilt på dansk (over) og grønlandsk (under); Sisimiut, Grönland

Grønlandsk blir skrive med det latinske alfabetet. Skriftspråket skil seg frå skriftspråket til dei andre eskimoiske språka m.a. fordi dei fekk eit standardisert skriftspråk relativt tidleg, nemleg ved Samuel Kleinschmidt sin standard frå 1850-åra. Denne rettskrivinga var gjeldande fram til 1973 og brukte m.a. ein spesiell bokstav, bokstaven Kra (ĸ, Ux0138 i Unicode), for å markere glottal stop (IPA ʔ). I den nye ortografien, som betre speglar det moderne talespråket, blir glottal stop representert med bokstaven q. Ein får eit godt bilete av grønlandsk språkutvikling dei siste 100 åra viss ein samanliknar ein tekst skriven etter ny og gammal rettskriving, t.d. ved å samanlikne ei ny og ei gammal ordbok. Den nye rettskrivinga har innført konsonantassimilasjonar der det på tidlegare språksteg var distinkt uttale.

Skriftspråket gjev ein god representasjon av det grønlandske språket.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Som polysyntetisk språk bruker grønlandsk eit relativt lite sett av røter, men desse kan ved avleiing danne svært mange ordformer. Dette kan vere bakgrunnen til myten om at det på grønlandsk skulle vere mange ord for snø. Grønlandsk har berre to distinkte ord for snø, qanik (snø som fell) og aput (snø som ligg på bakken).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Grammatikkar[endre | endre wikiteksten]

  • Bergsland, Knut 1955?: A grammatical outline of the Eskimo language of West Greenland. Oslo : Skrivemaskinstua, Stortingsgt.
  • Bjørnum, Stig 2003: Grønlandsk grammatik. Nuuk: Forlaget Atuagkat.
  • Egede, Paul 1750: Dictionarium Grönlandico-Danico-Latinum : complectens primitiva cum suis derivatis, qvibus interjectae sunt voces primariae è Kirendo Angekkutorum adornatum. Hafniae : Gottm. Frid. Kise.
  • Fortescue, Michael D. 1984: West Greenlandic. Croom Helm descriptive grammars. London : Croom Helm.
  • Kleinschmidt, S. 1851: Grammatik der grönländischen Sprache mit teilweisem Einschluß des Labradordialekts. Berlin.

Ordbøker[endre | endre wikiteksten]

  • Egede, Paul 1760: Grammatica Grönlandica Danico-Latina. Havniae : Kisel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediagrønlandsk


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.