Gulaugepingvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulaugepingvin
Gulaugepingvin i Curio Bay, New Zealand. Foto: Christian Mehlführe
Gulaugepingvin i Curio Bay, New Zealand.
Foto: Christian Mehlführe
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Gulaugepingvin
Utbreiinga av Gulaugepingvin
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Slekt: Megadyptes
Art: Gulaugepingvin M. antipodes
Vitskapleg namn
Megadyptes antipodes

Gulaugepingvin (Megadyptes antipodes) er ein pingvin som er endemisk for New Zealand. Han er einaste arten i slekta Megadyptes, molekylær forsking har vist at han er nærmast nærskyld til pingvinar frå slekta Eudyptes. Som dei fleste andre pingvinar, har han ein diett hovudsakleg av fisk.

Arten hekkar på aust og sørkysten av Sørøya på New Zealand, og dessutan på Stewart, Auckland og Campbell-øyane sør for Sørøya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein mellomstor pingvin, 62–79 cm i høgd. Vekta variere gjennom året og er størst rett før myting, 5,5 til 8 kg, og går ned til 3–6 kg rett etter myting. Hannar er større enn hoer.[1] Hos vaksne er framhovud og sider av hovudet bleikgult, fjørskafta er mørkare inn mot huda. Iris er lys gul. Det er eit band av klår gul farge frå auga og bakover rundt til baksida av hovudet. Ungfuglar har eit gråare hovud utan band og auga deira har grå iris.

Fisk gjer ut for det meste av innhaldet i dietten til gulaugepingvinar. Storleiken på fisken er liten til mellomstor, opp til 32 cm i lengd. I tillegg kan dei ta noko blekksprut og kril. Dei fangar fisken under dukking og kan dukke ned til 160 meters djupne.[1]

Gulaugepingvinar er monogame og dannar langsiktige partnarskap, første hekkinga skjer ved 2-4 års alderen, hannar er eldst ved første hekking. Dei hekkar vanlegvis i skog eller kratt, eller nede ved sjøkanten, vendt mot sjøen. Egglegging skjer typisk i oktober månad. Kullet består av eit eller meir vanleg to blågrøne egg som blir ruga i 39-51 dagar til klekking. Begge foreldra rugar på skift, kvart skift på ca. 2 dagar. Dei første 25 dagane etter klekking treng ungane varme frå ein forelder og dei er uavhengige av foreldra først etter 97-118 dagar.[1] Einskilde individ av gulaugepingvin kan nå ein alder på over 20 år.

Denne pingvinarten har ein estimert populasjon på totalt ca. 7000 individ,[1] og er minkande.[2] Han er klassifisert som sterkt truga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Heather og Robertson (2005)
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]