Høgskolen Stord/Haugesund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) er ein mellomstor høgskole med om lag 2200 studentar og 250 tilsette.
Høgskolen har studiestader på Stord og i Haugesund. På Stord er det utdanningsprogram for lærar- og sjukepleiarutdanning. Avdelinga i Haugesund har ingeniør- og maritime fag, økonomisk-administrative fag og sjukepleiarutdanning. Skulen var den første i Noreg der ein kunne ta bachelorgrad som HMT-ingeniør. Skulen har tre masterprogram, IKT i læring, Meistring og myndiggjering (saman med Høgskulen i Volda) og Teknisk sikkerhet (saman med Universitetet i Bergen).
HSH vart etablert 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule vart slegne saman.