Høgskolen i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høgskolen i Bergen (HiB) blei etablert 1. august 1994 og har i dag kring 6000 studentar og 600 tilsette. Høgskulen er ein av 25 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at seks statlege høgskular i Bergen blei slått saman som ein del av Høgskolereforma i 1994.

1. januar 2005 blei Statens dykkerskole overført til Høgskolen i Bergen.

Høgskulen har i dag som mål å vere den viktigaste profesjonshøgskulen på Vestlandet. Høgskulen er lokalisert på seks ulike stader i Bergen men ein planlegg ei samlokalisering på Kronstad.

Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudium innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning. Desse kan takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudium, samt ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]