Helsepartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helsepartiet

LandNoreg
Grunnlagt8. oktober 2016
Nedlagt1. februar 2023[1]
Fusjonert medIndustri- og Næringspartiet
HovudkvarterOslo
Donasjonar615 500 norsk krone (2017)[2]
Ideologienkeltsaksparti Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonBlokkuavhengig
Farge     Oransje
SlagordFor et friskere Norge!

Helsepartiet var eit norsk politisk parti som blei skipa 8. oktober 2016 og registrert i Brønnøysundregistra i januar 2017. Den 31. januar 2023 vedtok Helsepartiet å fusjonere med Industri- og Næringspartiet (INP),[3] og slutta dimed som eit sjølvstendig parti.

Partiet blei starta av Lise Askvik.[4] Partiet hadde fylkeslag i alle fylke og i fleire kommunar, og var blokkuavhengig. Politikken til partiet gjekk fram av prinsipprogrammet til partiet, stortingsprogram og resolusjonar og vedtak på årlege landsmøte.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Helsepartiet arbeida blant anna for systemendringar i helse- og omsorgssektoren, og ønskte å erstatte den økonomisk funderte helseforetaksmodellen med ein demokratisk styrt forvaltingsmodell med all helseadministrasjon på eit nivå.

Då partiet blei skipa, blei følgjande saker vektlagde:[5][6]

Etter landsmøtet i 2020 utvida Helsepartiet politikken sin til å dekkje alle sektorar og departement. Politikken til partiet bygde på helseomsyn og argumentasjonen at inga investering løner seg meir enn helse. Resonnementet kvilte på premisset til regjeringa[7] om at 75 prosent av den norske nasjonalformuen blir utgjort av arbeidsevna til framtidige innbyggjarar.

Ved landsmøtet i 2021 tok legen Erik Hexeberg over som leiar av Helsepartiet. Lise Askvik heldt fram som nestleiar.

Slagordet til Helsepartiet i 2021 var «For et friskere Norge!»

Oppslutning ved val[endre | endre wikiteksten]

Ved stortingsvalet 2017 stilte Helsepartiet vallister i alle fylke bortsett frå Møre og Romsdal. Partiet fekk på landsbasis 10 318 røyster (0,4 %).[8]

Ved kommunestyrevalet 2019 stilte Helsepartiet liste i elleve kommunar og åtte fylker, og fekk vald inn tre kommunestyrerepresentantar: to i Vanylven kommune i Møre og Romsdal og ein i Arendal. Totalt fekk partiet 3 180 røyster ved kommunestyrevalet og 8 477 røyster ved fylkestingsvalet.[9]

Helsepartiet stilte til val i alle dei 19 valkrinsane i landet i 2021, og fekk 6 490 røyster (0,2 %).[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.abcnyheter.no/amp/nyheter/norge/2023/02/01/195901196/helsepartiet-slar-seg-sammen-med-industri-og-naeringspartiet.
  2. https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag.
  3. «Helsepartiet slår seg sammen med Industri- og næringspartiet». TV 2. 1. februar 2023. Henta 24. februar 2023. 
  4. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret». Henta 31. mai 2019. 
  5. «Politikken». Helsepartiet (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 9. januar 2021. Henta 7. januar 2021. 
  6. «Hjem». Helsepartiet (på norsk bokmål). Henta 7. januar 2021. 
  7. Finansdepartementet (16. mars 2021). «Hvor stor er oljeformuen?» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 23. august 2020. Henta 12. april 2021. «Beregningene illustrerer at verdien av vår arbeidsinnsats utgjør den klart største delen av nasjonalformuen, med 75 prosent.» 
  8. «Valgresultat 2017». NRK (på norsk bokmål). Henta 7. januar 2021. 
  9. «Tall for hele Norge : Kommunestyrevalg : 2019». valgresultat.no. Henta 7. januar 2021. 
  10. «Tall for hele Norge − Stortingsvalg 2021». Valgdirektoratet. Henta 22. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]