Hindukush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjell ved Bagram.
Foto: Samuel Morse
Satellittbilde av fjell i Afghanistan. Hindu Kush er i nedre delen av bildet.
Topografisk kart over Hindu Kush.

Hindukush eller Hindu Kush er ei fjellkjede i Afghanistan og nord i Pakistan. Ho er den vestlegaste forlenginga av Pamir, Karakoram og Himalaya. Den høgaste fjelltoppen i kjeda er Tirich Mir (7 708 moh.)

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Hindukush (persisk skrift هندوکش) stammar frå persisk, og viservanlegvis til heile fjellkjeda som skil tilsigsfelta til Kabul- og Helmandelvene frå tilsigsfeltet til Amu-Darja. Han kan også visa til delane av fjellkjende som ligg nordvest for Kabul. Frå Aleksander den store si tid kalla grekarar som heldt til i området fjella «Det indiske Kaukasus», Kaukasus Indikus.

På persisk er fjellkjeda også omtalt som Hindu Kūh (هندوکوه) og Kūh-e Hind (کوه هند). Gjennom tidene er namnet fleire gonger blitt tolka som 'hindu-' eller 'indardreparen', etter talet på indarar som har døydd etter å ha blitt frakta som fangar gjennom fjella. Forklaringa er lite sannsynleg. «Kush» er ei vanleg ending på stadnamn i området, og stammar truleg frå persisk koh, 'fjell'.

Andre namn på fjellkjeda er sanskrit Pāriyātra parvata (पारियात्र पर्वत).

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Hindu Kush-fjell sett frå Kabul.
Foto: Joe Burger

Hindukush er rundt 966 km lang og har ein tjukkleik frå nord til sør på rundt 240 km. Fjella i Hindukush er lågare jo lenger vest dei er. Mot midten, nær Kabul, er høgda deira mellom 4500 til 6000 moh., i vest når dei høgder på 3500 til 4000 meter. Gjennomsnittshøgda er 4500 meter.

Blant elvene som renn frå fjellsystemet er Helmand-, Hari- og Kabul-elva.

Det er funne førekomstar av lapis lazuli i Kowkchec-dalen og edelsteinar nord for Kabul i dalen til Panjsher-elva og nokre av bielvene hennar. Balas-rubinar blei utvunne fram til 1800-talet i Ab-e Panj-dalen (eller Øvre Amu-Darja-elva), som er rekna som møtestaden mellom Hindu Kush og Pamir-rekkjene. Desse førekomstane er no oppbrukt.

Dei fjellrike områda har lite eller ingenting vegetasjon, berre spreidde tre og låge buskar.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Lataband-vegen mellom Kabul og Sorobi med utsyn over Hindu Kush.
Foto: Sven Dirks

Talrike høge pass (kotal) pressar seg mellom fjella og lagar strategisk viktige transportruter for karavanar. Det viktigaste fjellpasset er Kotal-e Salang (3878 m) som bind saman Kabul med det nordlege Afghanistan. Fullføringa av ein tunnel i dette passet i 1964 reduserte reisetida mellom Kabul og nord-Afghanistan til eit par timar, frå den tidlegare tredagarsreisa gjennom Kotal-e Shibar (3260 m). Salang-tunnelen på 3363 m og ei rekkje overbygningar på tilkomstvegane blei laga med sovjetisk finansiell og teknologisk hjelp.

I vestleg historisk samanheng var passa som førte til det indiske subkontinentet svært viktige. Dei omfatta Khyber-passet (1027 m) i Pakistan og Kotal-e Lataband (2499 m) aust for Kabul som blei erstatta av ein veg som blei bygd i den spektakulære kløfta Tang-e Gharu ved Kabul-elva i 1960. Bygginga reduserte reisetida mellom Kabul og grensa til Pakistan frå to dagar til nokre få timar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Hindukush har vore styrt av Det gresk-baktiske kongedømmet, Kushanriket, Sassanideriket og Seleukide-riket. Stammar som heldt til i Hindukush i før-islamsk tid var shin, yeshkun, chiliss, neemchas, koli, palus, gaware, yeshkun og krammin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Hindu Kush» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2010.
  • Drew, Frederic (1877): The Northern Barrier of India: a popular account of the Jammoo and Kashmir Territories with Illustrations. 1. utgave: Edward Stanford, London. Opptrykk: Light & Life Publishers, Jammu. 1971.
  • Gibb, H. A. R. (1929): Ibn Battūta: Travels in Asia and Africa, 1325-1354. Omsett og utvald av Gibb. Opptrykk: Asian Educational Services, New Delhi and Madras, 1992.
  • Gordon, T. E. (1876): The Roof of the World: Being the Narrative of a Journey over the high plateau of Tibet to the Russian Frontier and the Oxus sources on Pamir. Edinburgh. Edmonston and Douglas. Reprint: Ch’eng Wen Publishing Company. Tapei. 1971.
  • Leitner, Gottlieb Wilhelm (1890): Dardistan in 1866, 1886 and 1893: Being An Account of the History, Religions, Customs, Legends, Fables and Songs of Gilgit, Chilas, Kandia (Gabrial) Yasin, Chitral, Hunza, Nagyr and other parts of the Hindukush, as also a supplement to the second edition of The Hunza and Nagyr Handbook. And An Epitome of Part III of the author's The Languages and Races of Dardistan. Første opptrykk 1978. Manjusri Publishing House, New Delhi.
  • Yule, Henry & Burnell, A. C. (1886): Hobson-Jobson: The Anglo-Indian Dictionary. 1996 opptrykk ved Wordsworth Editions Ltd. ISBN 1-85326-363-X