Invasjonen av Martinique i 1759

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Invasjonen av Martinique
Del av Sjuårskrigen
Dato 16–19. januar 1759
Stad Martinique i Vestindia
Resultat Fransk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Peregrine Hopson
John Barrington
John Moore
Francis V av Beauharnais
Styrkar
4500-5000 regulære
10 linjeskip
250 regulære
fleire tusen militssoldatar
1 øydelagd linjeskip

Den britiske Invasjonen av Martinique fann stad i januar 1759 då ein større amfibisk styrke under Peregrine Hopson gjekk i land på den franske øya Martinique og prøvde å erobre ho utan å lukkast under sjuårskrigen.[1] Kanoneld frå den britiske flåten var ikkje særleg effektiv mot festninga i Fort-Royal sidan ho låg på nokre høge klipper og det ikkje va gode landgangsplassar i nærleiken. Det britane ikkje visste var at den franske guvernøren Francis de Beauharnais ikkje hatt fått forsyningar på fleire månader og sjølv ei kort omleiring ville ført til at fortet hadde kapitulert. Både Moore og Hopson valte istaden å sjå korleis dei kunne angripe hovudhamna på Martinique, Saint-Pierre. Etter eit planlaust bombardement frå skipa den 19. januar, som igjen hadde liten effekt på forsvarsverka i hamna, trekte dei seg attende og gjekk i staden til angrep på Guadeloupe, der mange franske sjørøvarar heldt til.[2]

Ekspedisjonen på Guadeloupe vart ein suksess, og øya overgav seg til dei i mai 1759.[3]

I 1760 klarte ein britisk styrke å erobre Martinique.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson s.312–313
  2. Dull, s. 138–139
  3. Simms p.451