Det britiske toktet mot Martinique i 1762

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det britiske toktet mot Martinique
Del av sjuårskrigen
Dato 26. januar - 12. februar 1762
Stad Martinique i Vestindia
Resultat Britisk siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Robert Monckton
George Rodney
Frans V av Beauharnais
Styrkar
8000 regulære og militssoldatar 1200 regulære
7000 militssoldatar
4000 innleigde kaperar

Det britiske toktet mot Martinique var ein militæroperasjon frå januar til februar 1762 og var ein del av sjuårskrigen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter Dominica overgav seg til britiske styrkar, venta franskmennene på Martinique at den same ekspedisjonen var på veg til dei. Dei ønskte derfor å forsterke forsvaret sitt. Den franske styrken på Martinique bestod av 1200 regulære soldatar og 7000 lokale militssoldatar, samt 4000 innleigde kaperar. I tillegg gjorde fjellterrenget på øya at ho var forholdsvis enkel å forsvare.

Dei nærliggande britiske øyane gjorde det dei kunne for å støtte moderlandet:

  • Antigua sendte svarte og delar av den gamle garnisonen sin, som ikkje hadde forlate øya sidan dronning Anna sine dagar;
  • Barbados sendte 500 svarte og 500 kvite menn.

Dei første troppane kom til Carlislebukta og var ei avdeling frå Belle-Isle i Newfoundland. 24. desember 1762 kom hovudarmeen frå Amerika kommandert av general Robert Monckton til Carlislebukta. Alt i alt hadde Monckton om lag 8000 mann.

Åtaket på Martinique[endre | endre wikiteksten]

Den 5. januar 1762 letta dei britiske transportskipa anker og segla på lesida av øya, eskortert av flåten til admiral Rodney, forbi Pitons på Saint Lucia og forbi hamna Castries. To dagar seinare ankra den britiske amfibiestyrken opp i Sainte-Anne-bukta, like rundt sørenden av Martinique, på vestsida. To brigadar vart sett i land i Les Anses-d'Arlet, ei bukt lenger opp vestkysten, og frå her marsjerte dei sørover til bukta som dannar hamna i hovudstaden, Fort-Royal. Det var derimot umogeleg for dei å transportere kanonane sine, og dei vart sendte om bord att.

16. januar vart heile den britiske armeen sett i land ved Case Navire, litt nord for Negro Point. Dette neset er nordenden av hamna, og frå her gjekk det veg austover, over fjella, til Fort Royal, om lag 5 km unna. Denne vegen var blokkert av djupe raviner, og franskmennene hadde reist reduttar på kvart strategiske punkt, samt batteri på åsen Morne Tortenson oppfor vegen. Monckton måtte derfor sette opp batteriet for å stoppe dei franske kanonane før han kunne kome seg vidare.

24. januar var dei britiske batteria sett opp og ved daggry starta eit generelt åtak mot dei franske batteristillingane på Morne Tortenson. Samstundes vart ei avdeling sendt mot høgreflanken til fienden. Troppane storma post etter post og klokka 0900 hadde dei kontroll over heile Morne Tortenson, med kanonane og skyttargravene som låg her. Franskmennene trekte seg tilbake i stor uorden, somme til Fort Royal og andre til Morne Grenier, ein høgareliggande ås nord for Morne Tortenson. Samstundes gjekk to brigadar under Haviland og Walsh til åtak på andre franske stillingar nord for Morne Tortenson og etter store vanskar på grunn av det bratte terrenget, klarte dei å drive franskmennene tilbake til Morne Grenier. Tapa til britane under denne kampen var 33 offiserar og 350 menn, som vart drepne eller skadde.

25. januar starta Monckton, som no var innanfor rekkevidde til Fort Royal, å sette opp batteriet mot festninga. Vedvarande kanoneld frå Morne Grenier gjorde at han i staden måtte rette kanonane sine mot denne stillinga først. Ettermiddagen 27. januar, før Monckton fekk sjanse til å angripe dei, rykte franskmennene på Morne Grenier brått fram i tre kolonnar og gjekk til åtak på brigaden til Haviland og det lette infanteriet i atrmeen til venstre for Monckton. Under dette åtaket blottla ei fransk kolonne flanken sin og vart nesten skjert ned. Dei to gjenverande kolonnane gav etter, og dei flykta attende til Morne Grenier med britane jagande etter. Mørket senka seg, men dei britiske offiserane ville ikkje stoppe før alle franskmennene var fjerna frå åsen og erobra alle kanonane. Monckton sende fleire troppar for å støtte forfølgjarane. Kl 0100 den 28. januar var Morne Grenier sikra. Litt meir enn 100 britar mista livet eller vart drepne. Batteria på Morne Tortenson vart så demonterte og nytt batteri vart sett opp innanfor 370 meter frå festninga.

3. februar overgav Fort Royal seg og innan 12. februar hadde resten av øya overgjeve seg.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Frå 26. februar til 3. mars vart sende Monckton avdelingar til øyane Saint Lucia, Grenada og Saint Vincent, og alle overgav seg utan motstand. Monckton hadde alt gjort seg klar til å ta Tobago då han fekk ordre om å gå til åtak på HavanaCuba.

Martinique vart gjeve attende til Frankrike etter Paris-traktaten i 1763.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]