John Collett Falsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

John Collett Falsen (fødd 9. september 1817 Aker, død 2. september 1879 Christiania) var ein norsk embetsmann og politikar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til John Collett Falsen var stiftamtskrivar Hagbarth Falsen (1791-1836) og Aletta Fleischer (1792-1868). Dei to gifta seg 15.desember 1811.[1] Christian Magnus Falsen og Carl Falsen var to av onklane hans, og besteforeldra var embetsmann og forfattar Enevold Falsen frå København og den norske skodespelaren Henriette (Anna Henrikka Petronelle) Mathiesen.[2]

John Collett Falsen gifta seg med Henriette Falk i Vang prestegjeld i 1848. Hennar far var sorenskrivar i Vang.[3]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

John Collett Falsen jobba som prokurator i Nedenes amt frå 1846 til 1849. Etter dette flytta han til Trondheim og jobba som overrettssakfører der ei kort tid før han flytta til Drammen same år. Falsen jobba som prokurator og var ordførar i Drammen i fleire periodar.

Falsen var amtmann (fylkesmann) i Nordre Bergenhus amt (no Sogn og Fjordane fylke) frå 1861 til 1869. I sitt første år som amtmann budde Falsen i Lærdal, men flytta embetet til Leikanger kommune i 1862. Falsen kjøpte garden Nybø av sorenskrivar Hjort, og når han selde garden vidare til staten året etter vart Nybø embetsgard for amtmannen i Nordre Bergenhus Amt.[5] Amtsstova på Nybø fungerte som administrasjonsbygg fram til 1939, og i 2013, i samband med 250årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke, vert amtsstova, det eldste administrasjonsbygget i fylket, restaurert og flytta.[6]

Falsen var stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus Amt i periodane 1859-61, 1865-67 og 1869-69, og statsråd frå 1869 til han døydde i 1879. Som statsråd var han i Justisdepartementet (1969-70, 1871-72, 1874-77 og 1878-79), ved statsrådsavdelinga i Stockholm (1870-71, 1873-74 og 1877-78), og var marineminister 1871 og indreminister 1872-73.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

John Collett Falsen var Kommandør av St. Olavs Orden, han fekk Storkorset av den svenske Nordstjerneordenen og Storkorset av den danske Dannebrogorden. Ved Uppsala universitetet sin jubileumsfest i 1877 var Falsen utnemnt til juris hedersdoktor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]