Spárti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spárti
Lokalt namn: Μονεμβασιά
Frå sentrum i det moderne Spárti
Frå sentrum i det moderne Spárti
Geografi
2011 Dimos Spartis.png
Stad Peloponnes
Koordinatar 37°04′N 22°26′EKoordinatar: 37°04′N 22°26′E
Areal 1 189,8 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Peloponnes
Lakonía
Hovudsete Spárti (16 239 innb.)
Demografi
Folketal 35 259 (2011)
Folketettleik 29,8 /km²

Spárti (gresk Σπάρτη) eller Sparta er ein by og kommune i periferieininga Lakonía, der han er hovudstad, i periferien Peloponnes i Hellas.

Byen var av dei mest kjende polisa i antikkens Hellas, og den mektigaste på Peloponnes. Ruinane av den antikke byen ligg i utkanten av den moderne.

Spartanarane var truleg etterfylgjarar av det folkeslaget som slo seg ned i Lakedaimondalen, om lag 1000 f.Kr. I motsetnad til dei fleste andre polis, ekspanderte Sparta over land, i motsetnad til å ekspandera over sjø, ved å grunnleggja nye polis i kystområde. Det einaste unntaket var kolonien Taras eller Tarentum i Sør-Italia (Magna Graecia), som vart grunnlagd kring 708 f.Kr. Sparta sitt landområde var i stordomstida på storleik med eit middels norsk fylke.

Sparta vart utgjort av perioikarane, helotane og borgarane. Perioikarane budde i landsbyar utanfor byen og hadde ingen politiske rettar i Sparta. Dei kunne difor ikkje eiga jordlottar på borgarane sitt land. Perioikarane kjempa lojalt for Sparta i krigar. Helotane var ufrie, men ikkje slavar. Dei kunne ikkje kjøpast og seljast, dei levde i sine eigne familiar og dei hadde visse rettar. Helotar som kjempa tappert i krig kunne få borgarrett, men utan fulle rettar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei seks tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.

Den tidlegare kommunen Spárti, no kommunaleininga Spárti

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sparta sitt territorium

Rundt midten av 500-talet fvt. var det sørlege Peloponnes eit spartansk område. Det var den største staten i Hellas med eit areal på 8 050 km². Området var delt i to delar, Lakonía og Messenía som var delt av Taýjetosfjella. I motsetnad til andre greske byar kontrollerte Sparta mykje dyrkbar jord. Dei tidlegaste arkeologiske bevisa for busetnad i Sparta er datert til rundt 950 f.Kr.

Klassiske kjelder fortel oss at Sparta vart grunnlagd på 900-talet fvt. Det bestod av dei fire landsbyane Pitane, Mesoa, Limnai og Konooura som seinare vart sameint under eit styre.

Sparta byrja ekspansjonen sakte men sikkert. Den underlagte folkesetnaden i Lakonía vart anten helotar eller perioikar. Helotane fekk halde sitt jordbruksland, men måtte levere halvparten av det dei dyrka til den spartanske staten, medan perioikane var innbyggjarar i byane som vart verande autonome, med unntak av utanrikspolitikk og militærpolitikk. Perioikane utgjorde ein vital del av det spartanske samfunnet. Perioikane arbeida som handelsmenn, handverkarar og kunstnarar sidan spartanarane hadde forbod mot å drive med ikkje-militære syslar. Frå 650 til 620 f.Kr. tok Sparta kontroll over Messenia. Sparta vart erobra av byen Árgos og seinare av Tegéa. Det var i etterkant av den messenianske krigen og dei påfølgjande nederlaga at den unike spartanske livsforma utvikla seg og som gjorde Sparta vidkjend i Antikkens Hellas.

Frå 550 f.Kr. og framover ser det ut til at måla til Sparta, om ei sterk og effektiv militærmakt, vart oppnådd. Sparta leid ikkje under styret til nokre tyrannar eller diktatorar, og falanksane deira vart rekna som umogeleg å slå. Sparta hadde den mektigaste hæren i antikkens Hellas og var den mektigaste staten før Athen voks fram, og mange hevdar at han òg var det etterpå. Sparta og Athen var nølande allierte mot persarane, men vart rivalar deretter. Den største rekka med konfliktar mellom dei to statane som enda i det athenske imperiet sin undergang vert kalla peloponnesarkrigen. Athenske forsøk på å kontrollere Hellas, og å ta over Sparta si rolle som «hellenismen sin vaktar», var mislykka.

Det første nederlaget til ein spartansk hoplitthær i full styrke skjedde i slaget ved Leuktra i 371 f.Kr.. Etter dette mista Sparta sin status som den dominerande greske bystaten, mykje på grunn av tapet av helotane. Då Aleksander den store dukka opp, var Sparta berre ein skugge av sin tidlegare stordom, og dei klamra seg til eit isolert sjølvstende. Under punarkrigane var Sparta alliert med Romarriket. Spartansk politisk sjølvstende tok slutt då byen vart overmanna av sin gamle rival Argos og tvunge inn i Det akhaiske forbundet.

Spartanarane haldt fram sin levemåte sjølv etter den romerske erobringa av Hellas. Byen vart ein turistattraksjon for den romerske eliten, som kom for å observere dei «uvanlege» spartanske tradisjonane. Etter katastrofen som den romerske imperielle hæren opplevde i slaget ved Adrianopel (378) skal ein spartansk falanks ha møtt og sigra over ein styrke av plyndrande vestgotarar i eit slag. Det finst ingen handfaste bevis for at dette verkeleg skjedde.

Forfatninga[endre | endre wikiteksten]

Lykurg

Ein veit lite om den interne utviklinga av Sparta. Mange grekarar trudde at det ikkje hadde vore nokon, og at «stabiliteten til den spartanske forfatninga» hadde vart uendra frå Lykurg sine dagar. Spartanske lover vart gjeve vidare munnleg, og lite er kjend om det spartanske samfunnet. Samfunnet vart rekna som primitivt, sjølv etter gresk standard. Busetnadane var spreidde og minna om husa under dei mørke hundreåra (1150-800 f.Kr.), som tyder at dei stort sett var hus av strå. Steinkonstruksjonar var reservert for offentlege bygningar, som tempel, regjeringshallar og gymnasium. Det ein veit om spartanarane sitt samfunn på den tida har ein frå samtidige historikarar.

Sparta hadde eit blanda forfatningssystem. Forfatninga var samansett av element både frå monarkiske, oligarkiske, så vel som demokratiske system. Den spartanske regjeringa var etter mange målestokkar rekna som totalitær. Lover regulerte alt frå barnefødslar til skjegg og lengda på håret til mennene.

Spartanarane hadde ingen nedskriven historie, litteratur eller skrivne lover, som ifølgje tradisjonen var forbode av ein forordning av Lykurg. Den doriske staten Sparta utvikla ein blanda styreform ved å kopiere doriske kretarar. Staten vart styrt av to arvelege kongar, av dei agiadiske og eurypontidiske familiane, som var likestilte i autoritet, slik at ingen kunne handle mot vetoet til sin kollega. Men den agiadiske kongen fekk større ære som den øvste i sin familie (Herodot, VI.5). Opphavet til utøvinga av makta, ved ein folkeforsamling av borgarar, eller apella, er så godt som ukjend på grunn av manglande historisk dokumentasjon.

Der er fleire legendariske forklaringar på denne uvanlege kongemakta. Ei slik forklaring var at kong Aristodemos hadde tvillingsøner som gjekk med på å dele kongemakta. Dette vart ei permanent ordning. Moderne forskarar har fremma forskjellige teoriar for å forklare ordninga. Nokre seier at dette systemet vart oppretta for å hindre absolutisme, og eit parallelt døme som vert trekt fram er dei to konsulane i Roma. Andre trur at det peikar mot eit kompromiss for å gjere slutt på maktkamp mellom dei to familiane eller samfunna. Andre teoriar føreslår at dette var ein ordning som vart inngått då eit samfunn av landsbyar samla seg og danna Sparta. Etterpå vart to høvdingar frå dei største landsbyane kongar. Ein annan teori føreslår at dei to kongehusa kvar for seg representerer dei spartanske erobrarane og deira akhaiske føregjengarar. Dei som fremmer dette siste synet viser til orda som Herodot (v. 72) seier til Kleomanes I: «Eg er ikkje dorisk, men akhaisk.» Dette vert vanlegvis forklart av den (like legendariske) avstamminga til Aristodemus frå Herakles. Uansett var kongemakta i Sparta arveleg og dermed var kvar konge som Sparta hadde etterkomar av agiadanes eller eurypontidane. Trona vart gjeve til det mannlege barnet som først vart fødd etter at kongen fekk makta.

Kongane sine plikter var hovudsakleg religiøse, juridiske og militære funksjonar. Dei var øvsteprestar i staten og utførte visse offer. Dei opprettheldt òg kommunikasjon med den delfiske heilagdomen som alltid utøvde stor autoritet i spartansk politikk. I Herodots tid (rundt 450 f.Kr.) hadde deira juridiske funksjonar vorte avgrensa til saker som hadde med arv, adopsjon og dei offentlege vegane å gjere. Sivile saker vart avgjort av eforar, medan strafferett óg hadde vorte overlate til eforane i tillegg til rådet til dei eldste.

Leonidas ved Thermpylae av Jacques-Louis David, 1814.

Innan 500 f.Kr. hadde spartanarane i aukande grad vorte involvert i politiske saker i omkringliggande bystatar, ofte ved å legge vekt bak sine prospartanske kandidatar. Kort tid før 500 f.Kr., slik det vert skildra av Herodot, førte ei slik handling til konfrontasjon mellom Sparta og Athen. Dei to kongane, Demaratos og Kleomanes førte sine styrkar til Athen. Men rett før slaget starta, endra kong Demaratos meining om å gå til åtak på athenarane og forlét sin medkonge. Av den årsak vart Demaratos bannlyst og fann seg til slutt ved den persiske kongen Xerxes I i hans invasjon av Hellas 20 år seinare (480 f.Kr.) Spartanarane innførte ei lov som kravde at den eine kongen måtte vere igjen i Sparta medan den andre leia styrkane i slag. Dette var ei av årsakene til at kong Leonidas I i 480 f.Kr. leia sine 300 livvakter til Thermopylae der dei konfronterte Xerxes sin hær.

Aristoteles skildrar kongemakta i Sparta som «ei mild form for uavgrensa og vedvarande generalmakt» (Pol. III. I285a), medan Isokrates viser til spartanarane som «undersåttar av eit oligarki heime, til ein konge i felttog» (III.24). Òg her vart den kongelege makta endra over tid. Frå eit tidspunkt til persarkrigane mista kongen retten til å erklære krig og han vart følgt av to eforar i felten. Han vart òg følgt av eforane i kontrollen av utanrikspolitikken. Over tid vart kongane marionettar med unntak av deira stilling som generalar. Den reelle makta vart overført til eforane og til Gerousia. Årsaker til denne endringa låg delvis i det faktum at eforane, valde gjennom folkeleg val frå alle borgarane, representerte eit demokratisk element i forfatninga utan å bryte dei oligarkiske metodane som verka nødvendige for staten sin administrasjon.

Dette skuldast òg delvis svakheit hos kongemakta, karakteren av ein duo førte til sjalusi og kjølig forhold mellom dei to embetshaldarane. Dette førte i praksis til stillstand. Ei anna årsak låg i tapet av prestisje som kongemakta leid, særleg i løpet av det 400-talet f.Kr. som skuldast kranglane mellom kongane og jamlege kongar som steig opp på trona som mindreårige og måtte få utnemnt ein regent. Dei to kongemaktene sin prestisje leid òg av at kongane var, riktig eller gale, mistenkt for å ha mottatt muter frå fiendane av staten på eit eller anna tidspunkt.

Den spartanske Forfatninga bestod av to institusjonar: Rådet og folkeforsamlinga. Rådet bestod av 28 aristokratiske menn over 60 år, som sat livet ut. I rådet sat òg Sparta sine to kongar. Folkeforsamlinga var ein meir demokratisk institusjon, der alle spartanarar over 30 år med borgarrett kunne sitte. Forsamlinga møttest ein gong i månaden, og dei som hadde møterett, var dei som høyrde til ein fyle. I tillegg til rådet og folkeforsamlinga hadde polisen embetsmenn kalla eforar. Desse mennene vart valde for ein femårsperiode, og vart vald på same måte som mennene i rådet, men i motsetnad til rådsmennene kom ikkje eforarane berre frå aristokratiske slekter.

Statsorganisering[endre | endre wikiteksten]

Etter at eforane vart introdusert, var dei saman med dei to kongane den utøvande greina av staten. Eforane hadde meir makt enn nokon andre i Sparta, sjølv om det at dei berre hadde makta i eitt enkelt år reduserte deira evne til kome i konflikt med allereie etablert makt i staten. Sidan det ikkje var mogeleg å bli gjenvald, ville ein efor som misbrukte makta si eller konfronterte eit etablert maktsentrum, bli utsett for hemnaksjonar.

Skilnaden frå dagens statar er at Sparta hadde eit eige råd som utforma staten sin politikk. Dette var Gerousia, eit lite råd som bestod av 28 eldre som var vald på livstid og vanlegvis var del av den kongelege hushaldet, og dei to kongane. Viktige avgjersler i statens politikk vart diskutert av dette rådet som føreslo forskjellige løysingar for spartanske borgarar (kalla Damos på spartansk dialekt). Damos måtte velje eit av alternativa gjennom stemmegiving.

Ikkje alle innbyggarane i den spartanske staten vart rekna som borgarar (del av Damos). Berre dei som hadde følgt militær trening, kalla agoge, var borgarar. Men dei einaste av innbyggarane som kunne få agoge var spartanarar eller menneske som kunne spore sitt opphavlege opphav til byen. Andre i staten var perioikane som kan skildrast som sivile og helotar som var statseigde slavar. På grunn av at etterkomarar av ikkje-spartanske sivile ikkje kunne få agoge og spartanarar kunne miste sitt borgarskap dersom dei ikkje kunne betale utgiftene til agogen, vart det faktiske talet spartanske borgarar stadig redusert, kjent som oliganthropia.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Sparta var innan det 400-talet f.Kr. den mektigaste staten i hele Hellas. I motsetnad til mange av dei greske bystatane hadde han berre ein koloni, og det meste av makt hans kom frå alliansar med andre regionar. Sparta var ikkje eit imperium. Ingen skatt vart betalt med unntak av krigstider. Det Sparta i praksis danna var eit forbund, og dei valde sine allierte strategisk. Sparta føretrekte til dømes Korint på grunn av deira marine. Dei allierte måtte sverje å ha dei same venene og fiendane, følgje Sparta overalt dei vart førte til og ikkje gå til krig utan at alle dei allierte var einige. Forbundet sin styringsstruktur var nokså demokratisk. Dei møttest i Korint og vart leia av Sparta. Kongressen som den vart kalla, bestod av representantar frå kvar av dei allierte bystatane som kvar hadde ei stemme.

Samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Sparta var framfor alt ein militærstat, og det vart lagt vekt på militær emne nesten frå fødselen av. Kort tid etter fødselen bada mora barnet i vin for å sjå om barnet var sterkt. Dersom barnet overlevde vart det ført fram føre dei eldste i stamma av faren. Dei eldste avgjorde så om det skulle behaldast. Dersom det vart funne defektar eller vart sett på som svakt, vart barnet etterlate i dei ville bakkane ved fjellet Taýjetos. På denne måten forsøkte spartanarane å oppretthalde høg fysisk standard i folkesetnaden sin. Frå dei tidlegaste tidene til spartanske borgarar var statens krav på borgaren sitt liv absolutt og strengt gjennomført.

Det var vanleg i Sparta at før mennene drog i krig, ville konene deira eller ei anna viktig kvinne gje dei skjold deira og si: «ē tan ē epi tas» (ἢ τὰν ἢ ἐπὶ τᾶς) som vert omsett med «med dette eller på det». Ideen var at spartanarar berre kunne returnere til Sparta på ein av to måtar, sigrande eller døde. Dersom ein spartansk hoplitt skulle returnere til Sparta i live og utan skjoldet sitt, vart det trudd at han kasta skjoldet sitt på fienden i eit forsøk på å flykte. Dette var straffbart med døden eller bannlysing. Gravferder i Sparta vart òg rekna som ein æressak. Merka hovudsteinar ville berre bli gjeve spartanske soldatar som døydde i kamp under eit sigrande felttog eller, for kvinnene sin del, i teneste for eit guddommeleg embete eller i barnefødsel.

Det vart lagt stor vekt på ære og å utføre handlingar på grunn av at det var «det riktige å gjere». Xenofon skreiv om spartanarane slik han observerte dei under olympiske leikar:

«Ein eldre mann prøvde å finne ein stad å sitte for å sjå på dei olympiske leikane. Han gjekk frå seksjon til seksjon. Alle dei andre grekarane lo då han prøvde å presse seg veg gjennom folkemengda. Nokre ignorerte han. Då han nærma seg den spartanske seksjonen, reiste alle spartanarane seg og tilbaud mannen sine seter. Plutseleg applauderte hele stadionet. Alle grekarane visste kva som var det rette å gjere, men spartanarane var dei einaste som gjorde det.»

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Fram til dei var sju år gamle, vart gutane utdanna heime og vart lært til å kjempe mot sin frykt og generell overtru av barnepassarane deira som vart høgt verdsett i Hellas. Treninga deira vart overtatt av staten i agoge-systemet og overvaka av paidonomos, ein embetsmann som vart utnemnt til dette føremålet. Denne treninga bestod for det meste av fysiske øvingar som dansing, gymnastikk og balleikar. Dorianarane var dei første som brukte atletiske øvingar i tillegg til å olje kroppane sine under øvingar for å framheve venleiken, ein dyr praksis som braut med den nøysame tradisjonen til spartanarane [1]. Ifølge Platon vart denne praksisen introdusert frå Kreta til Sparta og så til hele Hellas.

Utdanning i musikk og litteratur hadde ein underordna posisjon. Den utrøyttelege vektlegginga på fysisk trening gav spartanarane rykte for å vere «lakoniske», sparsame med ord, eit ord som har sitt opphav i deira heimland Lakonía. Utdanninga vart òg utvida til jenter i den tru at sterke og intelligente mødrer ville produsere sterke og intelligente barn. Derfor har dagens historikarar, saman med samstemmande antikke forfattarar, ein tendens til å konkludere med at spartanske kvinner var blant dei best utdanna i den antikke greske verda. Begge kjønn trena nakne, då det vart lagt vekt på fysisk form for både menn og kvinner. Til tross for deira fysiske form, kunne ikkje kvinner konkurrere i dei olympiske leikane etter dei olympiske reglane. I staden konkurrerte dei i dei heraiske leikar. Det var òg konkurransar for å sjå kven som kunne tole den alvorlegaste piskinga, kjent som diamastigosis.

Tretten år gamle vart dei unge mennene ordna i grupper og sendt til landsbygda utan nokon ting, og ein venta at dei skulle overleve på humor og kløkt. Ein rekna med at dei ville stele mat, men alle som vart tatt i å stele vart alvorleg straffa. Mange spekulerer i om dette var for å lære dei unge spartanarane sløgskap og snøggleik. Dersom du vart teke vart det konkludert med at du ikkje var rask nok eller stille nok. Dette vart kalla krypteia, hemmeleg. Dette var mest truleg opphavleg ein gamal overgangsrite, ei førebuing for den seinare karrieren som elitesoldat.

Andre kjelder hevder at krypteia var ein «ungdommeleg dødsskvadron» som utgjorde dei mest lovande unge spartanarane. Jobben deira var å ferdast på landsbygda og drepe helotar om natta for å skape frykt hos slavane og hindre opprør.

Militæret[endre | endre wikiteksten]

Ein gresk hoplitt, kanskje kong Leonidas I.

Den vanlege spartanaren var krigar, trena til å lyde og holde ut. Han vart politikar berre dersom han vart vald til efor i eitt einaste år. Han kunne bli vald som livsvarig medlem av rådet etter hans sekstiande år som var same år som han vart fritatt frå militærtenesta.

Tjue år gamal starta spartanaren si militærteneste, og han vart medlem i ein syssitia (matmesse eller klubb) som kvar bestod av rundt femten medlemmar. Alle borgarar var påkravd å vere medlem. Her lærte kvar av gruppene til å knyte seg til og stole på kvarandre. Spartanaren hadde alle rettar og plikter då han vart tretti år. Berre innfødde spartanarar vart rekna som fullstendige borgarar og trong å gjennomføre treninga slik det var påkravd etter lova og delta i og medverke til ein av matklubbane. Dei som oppfylte desse vilkåra vart sett på som «likemenn» (homoioi), borgarar, medan dei som mislukkast vart kalla «mindre menn» og haldt berre dei sivile rettane i borgarskapet.

Spartanarane var hindra gjennom lova å drive med handel eller produksjon som derfor kvilte på perioikane og hadde i teorien forbod mot å ha gull eller sølv. Spartansk valuta bestod av jernbarrar. Dermed var tjuveri og utanlandsk handel svært vanskeleg, noko som óg talte mot akkumulering av rikdom. Rikdom kom frå, i det minste i teorien, landeigedomar og bestod i årleg avkasting frå helotane som kultiverte landområdet som spartanarane eigde. Men dette forsøket på å utlikne eigedom hadde ein svakheit: Frå dei tidlegaste tider var det markerte skilnadar innanfor staten, og desse vart til og med alvorlegare etter lova til Epitadevs som vart innført ein gong etter peloponnesarkrigen og som fjerna forbodet mot gåver eller arv. Helotane vart nådelaust kontrollert, hovudsakleg gjennom det hemmelege politiet eller krypteia.

Fulle borgarar, sett fri frå ein kvar økonomisk aktivitet, fekk eit stykke land (kleros) som vart kultivert og drive av helotane. Ettersom tida gjekk, vart større delar av land konsentrert i hendene på store landeigarar, men talet på fulle borgarar gjekk ned. Det var rundt 8000 borgarar i byrjinga av 400-talet f.Kr., men dette hadde gått ned til mindre enn 1000 i Aristoteles sine dagar (384-322 f.Kr.), og gjekk vidare nedover til 700 då Agis IV vart konge i 244 f.Kr. Forsøk vart gjort på å betre denne situasjonen ved å opprette nye lover. Visse straffer vart lagt på dei som vart verande ugifte eller som gifta seg for seint i livet. Desse lovene kom derimot for seint og var ineffektive i å snu trenden.

Den kanskje mest kjende hendinga som viste effektiviteten til den spartanske krigsmaskinen, skjedde i persarkrigane. Den spartanske motstanden i slaget ved Thermopylae har fleire gonger vorte sitert i ein militær Grand strategy-kontekst som rollemodell for fordelen med trening, strategi og mot overfor ekstremt overveldande odds.

Det sosiale liv[endre | endre wikiteksten]

Trass i kva mange trur i dag var homoseksualitet i Hellas berre avgrensa til nokre få bystatar. Ein kan ikkje nekte for at dei moralske linjene for seksualitet var mindre definerte i antikken enn dei er no. Biseksuelle forhold var vanlege blant spartanske kvinner, og det var ofte rekna som akseptabelt for spartanske kvinner å ha affærar med ugifte kvinner i alderdommen. Dette ville etter dagens standard bli rekna som ekteskapsbrot, men spartanarane rekna det ikkje som det, og derfor var Sparta òg ein av dei mest monogame bystatane i den kjente greske verda.

Der var eit unntak til den normale regelen om ekteskap i Sparta. Kvinner var meir sjølvstendige enn i andre greske samfunn og kunne klare å forhandle med ektemennene om å ta med seg elskarar inn i heimen deira. Ifølge Plutark i verket hans Lykurg sitt liv, tillét og oppmuntra mennene konene sine til å bere fram andre menns barn, på grunn av den generelle fellesetikken, som sa at det var viktigare å bere fram mange barn til byen sitt beste, enn å vere sjalu og uroe seg for sin eiga familieeining. Nokre historikarar hevdar derimot at denne «konedelinga» berre var reservert for dei eldre mennene, som ikkje hadde skaffa seg ein arving. Av den årsak, hevdar Plutark, var konseptet om «ekteskapsbrot» framand for spartanarane. Vidare fortel Plutark at ein gamal spartanar hadde sagt at det var like sannsynleg å finne ein okse, med ein nakke lang nok til å stå på ein fjelltopp og drikke frå ein elv nedanfor, som å finne ein ekteskapsbrytar i Sparta.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Ruinane av Gamle Sparta

Der er ein velkjent del i Tukydid sin litteratur som går slik:

«Tenk deg at byen Sparta var aude, og ingenting var igjen utanom templa og bakken, fjerne tidsalder ville vore svært uvillige til å tru at makta til lakedaemoniane var lik deira ry.»
«By deira er ikkje bygd samanhengande og har ingen storslegne tempel eller andre kjenneteikn. Det minner heller om ei gruppe landsbyar som dei antikke landsbyane i Hellas og ville derfor vore ein fattig førestilling.» (i. 10)

Den første kjensla, som dei fleste reisande som vitjar det moderne Sparta får, er vonbrot over dei antikke restane. Ei betre «førestilling» gjev den bysantinske Mistra, med sine grasdekte gater, sine forfalne hus, sine festningar i ruinar og sine flotte kyrkjer. Fram til 1900-talet var den viktigaste antikke bygningen i Sparta teateret. Av dette stikk lite opp av bakken, med unntak av delar av veggane som held jorda tilbake, den såkalla grava til Leonidas, ein kvadratisk bygning, kanskje eit tempel, konstruert av enorme steinblokker og som innehaldt to kammer, fundamentet til ei antikk bru over Evrótas, ruinane til ein sirkulær struktur, nokre rester av seine romerske festningsverk, fleire mursteinsbygg og mosaikkgangvegar.

Den resterande arkeologiske rikdommen består av inskripsjonar, skulpturar og andre lekamar, samla i det lokale museet som vart grunnlagd av Stamatakis i 1872 (og utvida i 1907). Utgravingar vart utført nær Sparta, på staden til Amyclaeum i 1890 av Tsounas og i 1904 av Furtwängler, ved tempelet til Manelaos i Therapne av Ross i 1833 og 1841 og av Kastriotis i 1889 og 1900. Organiserte utgravingar vart forsøkt i området til det eigentlege Sparta. Delvise utgravingar av den runde bygningen vart føretatt i 1892 og 1893 av American School at Athens. Det har seinare vorte funne ut at bygningen er ein semisirkulær vegg av hellensk opphav som held jorda tilbake og som vart delvis restaurert i den romerske perioden.

British School at Athens byrja i 1904 ei nøye utforsking av Lakonía, og i det påfølgjande året vart det gjort utgravingar ved Thalamae, Geronthrae og Angelona nær Monemvasiá då fleire festningar frå mellomalderen vart undersøkt. Utgravingar i sjølve Sparta byrja i 1906 og gav mange funn som har vorte publisert i British School Annual, xii. sqq.

Ein liten sirkel skildra av Leake viste seg å vere ein teaterliknande bygning konstruert kort tid etter år 200 rundt alteret og føre tempelet Artemis Orthia. Her fann musikk- og gymnastikkonkurransar stad, i tillegg til dei kjende piskekonkurransane (diamastigosis). Tempelet som kan daterast til det 100-talet fvt. ligg på fundamentet til eit eldre tempel frå det 500-talet, og rett ved sidan av det vart det funne rester av eit enno tidlegare tempel som er datert til det 800- eller kanskje 900-talet f.Kr. Votivgavane i leire, rav, bronse, elfenbein og bly vart funne i stor overflod. Desse vart datert frå det 800- til det 300 -talet f.Kr. og gjev uvurderlege bevis for tidleg spartansk kunst. Dei viser at Sparta nådde si kunstnariske høgd på 600-talet og at nedgangstid hennar allereie hadde byrja på 500-talet f.Kr.

Heilagdomen til Athene «av messinghuset» (Khalkioikos) vart lokalisert i 1907 på akropolisen like over teateret, og sjølv om tempelet er nesten fullstendig øydelagt, har staden produsert den lengste samanhengande arkaiske inskripsjonen i Lakonía, talrike bronsenaglar og plater og mange votivgåver. Den greske bymuren, bygd i fleire stadium frå det 300- til 100-talet, vart spora i ein stor del av omkrinsen som målte 48 stadium eller nesten 10 km (Polybios 1X. 21). Den same romerske muren som omsluttar akropolisen, der delar av han truleg stammer frå åra etter det gotiske raidet i 262, vart òg undersøkt. Ved sidan av dei faktiske bygningane som vart oppdaga, vart fleire punkt lokalisert og kartlagd i ein generell studie om spartansk topografi, basert på skildringane til Pausanias. Utgravingar viste at byen i den mykenske perioden låg på den venstre breidda av Evrótas, litt søraust for Sparta. Busetnaden var stort sett trekanta i form peikande mot nord. Området var omtrent like stort som det «nyare» Sparta, men ruinane er plukka reine, noko som har øydelagd bygningar i byen og ingenting er igjen med unntak av nokre få øydelagde fundament og øydelagde potteskår.

Dagens Spárti[endre | endre wikiteksten]

Før moderne tid var området til det gamle Sparta okkupert av ein relativt liten landsby som låg i skuggen av Mystrás, ein viktigare mellomaldersk gresk busetnad i nærleiken. Etter den greske sjølvstendekrigen avgjorde kong Otto av Hellas at landsbyen skulle bli bygd opp att til ein by og bere same namn. Byen vart forma med tanke på å skape ein av dei flottaste byane i Hellas gjennom bruken av trelinja bulevardar og parkområde. Under monarkiet vart tittelen hertug av Sparta brukt for den greske kronprinsen.

I dag er Spárti det administrative senteret for Lakonía. Eit lakonisk dorisk (spartansk) språk kjent som tsakonisk har overlevd i den lakoniske regionen i Peloponnes fram til i dag, men talet på dei som snakkar språket har gått kraftig ned.

Sparta er sentrum for ei landbruksslette med fokus i Evrótasdalen. Ho er det lokale senteret for produksjon av varer som sitrusfrukter og oliven.


År Innbyggjartal Innbyggjartal i kommunen
1961 10,412
1981 12,975
1991 13,011 16,322
2001 19,567

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thomas F. Scanlon, «The Dispersion of Pederasty and the Athletic Revolution in Sixth-Century BC Greece,» i Same-Sex Desire and Love in Greco-Roman Antiquity and in the Classical Tradition of the West, red. B. C. Verstraete and V. Provencal, Harrington Park Press, 2005, s. 76–77

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • W. G. Forest. A History of Sparta, 950–192 B.C.. New York: W. W. Norton & Co., 1968.
  • Ernle Bradford. The Battle for the West-Thermopylae 480. New York: McGraw-Hill, 1981.
  • Paul Cartledge. Spartan Reflections. London: Duckworth, 2001.
  • Paul Cartledge. «What have the Spartans Done for us?: Sparta’s Contribution to Western Civilization», Greece & Rome, Vol. 51, Issue 2 (2004), s. 164–179.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spárti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]