Kamelhalsfluger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kamelhalsfluger


Dichrostigma flavipes beentree.jpg

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Raphidioptera
Vitskapleg namn
Raphidioptera

Kamelhalsfluger (Raphidioptera) er ein orden insekt i nær slekt med nettvengjene. Dei har fått namnet sitt frå det sterkt forlenga forbrystet prothorax, som kan likna ein lang hals. Gruppa er hovudsakleg utbreidd på den nordlege halvkula, og omfattar to familiar med om lag 170 artar. Fire familiar er dessutan kjende frå fossil.

I Noreg kjenner me tre artar kamelhalsfluger. Dei er ikkje spesielt vanlege, men dei førekjem over store delar av landet.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kamelhalsfluger liknar på mange måtar nettvengjer, men skil seg ut ved å ha forlenga forbryst. Til skilnad frå knelarnettvengjer, som òg har dette, er det første beinparet ganske likt dei andre to. Elles liknar dei mykje på meir vanlege insekt, med bitande munndelar og velutvikla fasettaugo. Familien Raphidiidae har tre punktaugo øvst på issen, noko Inocellidae manglar. Hovuda er forlenga framover og relativt breitt sett ovanifrå.

Begge vengjepara er velutvikla og om lag jamstore (6-15 mm). Dei har tydeleg nett av årer og vert halde som tak over ryggen i kvilestilling. Som regel er dei klare i fargen med varierande vengjemerke. Kamelhalsflugene er sjeldan særleg sterkt farga; til vanleg er hovudet og kroppen svarte til mørkebrune, stundom med innslag av gult.

Begge kjønn har slanke bakkroppar, hoa har i tillegg eit langt eggleggingsrøyr. Kjønnsdelane til hannane er komplisert bygd og gode til artsbestemming.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Kamelhalsfluger er predatorar på små byttedyr både som larvar og vaksne. Dei er ikkje vidare kresne i matvegen, og går gjerne på artsfeller. I fangenskap har ein observert dei eta både sommarfuglpupper, bladlus og larvar av barkebiller.

Dei vaksne flugene er aktive dyr som spring mykje rundt på vegetasjon. Dei kan òg fly over korte avstandar, som frå tre til tre. Ofte heldt dei hovudet heva litt over resten av kroppen, som ein slange som gjer seg klar til hogg. Viss to individ av same art møtast, er dei begge forsiktige først. Viss dei er av same kjønn slest dei, ofte til den svakaste vert eten av den sterkaste. Viss dei er av ulikt kjønn kan dei para seg.

Kvar ho legg mellom 200 og 250 egg, og dyra går gjennom ti til tolv larvestadium før dei forpuppar seg. Dei første stadiane tek kortast tid, ofte berre nokre få dagar. Hjå dei artane kor utviklinga er kjend tek det om lag to år for dyret å bli kjønnsmoge; under særleg gunstige tilhøve kan det vera så lite som eitt.

Larvane lever eit tøft tilvære. Dei er i stor grad utsett for predasjon frå andre insekt, i tillegg til at fleire parasittoide snyltekvefsar lever på dei. Ein finn dei både under bark og under jorda, i område med buskar og gjerne tre. Særleg vanlege er dei i litt open barskog.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Kamelhalsflugene er overveiande holarktiske i utbreiinga si, det vil seie Eurasia og Nord-Amerika. Vanlegast er dei sør i Europa - berre i Hellas finn ein så mykje som 32 artar. Grunnen til denne avgrensa utbreiinga er mest sannsynleg at alle kjende artar er avhengige av ei tid med kulde for å få utvikla egga sine. Trass i dette finst det funn frå Asia sør for Himalaya, og faunaen her er i store trekk ukjend.

Det er ikkje kjend kamelhalsfluger frå Grønland, Island eller Irland, og dei førekjem heller ikkje på austkysten av Amerika.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare rekna ein kamelhalsflugene som ein underorden innanfor nettvengjene. Ein reknar framleis dei to gruppene som nærskylde kvarandre, og grupperar dei difor i kladen Neuropteroidea saman med mudderfluger Megaloptera.

På bakgrunn av om dyra har punktaugo (ocelli) eller ikkje delar ein desse insekta opp i to familiar. Raphidiidae er størst med sine om lag 150 artar, medan Inocellidae berre har 17. Dei tre norske artane høyrer alle til i den førstnemnde familien. I tillegg er det funne ein Inocellidae-art i Dalarna i Sverige.

Dei eldste insekta me kjenner til som liknar kamelhalsfluger dukkar opp i fossillag frå perm. Sikre funn eksisterer derimot ikkje før frå juratida. Gruppa er elles sjeldan å finna fossilisert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]