Kari Nordheim-Larsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Nordheim-Larsen (fødd 23. juni 1948) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet og Fylkesmann i Telemark.
Kari Nordheim-Larsen var varaordførar i Telemark fylkeskommune frå 1984 til 1990. Dei neste to åra var ho regionsekretær for Arbeidarpartiet. Ho var deretter statsråd (bistandsminister) frå 1992 til 1997 i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og i Thorbjørn Jagland si regjering. Ho var også konstituert barne- og familieminister i fire månader 24.12 1993 - 5.04 1994, i Grete Berget sin fødselspermisjon. Frå 1998 til 2002 var ho leiar av SN sitt utviklingsprogram i Laos. Frå 2004 var ho rådmann i Hol kommune, til ho i 2006 vart utnemnd til fylkesmann i Telemark.
.
| Norske utviklingsministrar | |
|---|---|
| Reidun Brusletten (1983-86) · Vesla Vetlesen (1986-88) · Kirsti Kolle Grøndahl (1988-89) · Tom Vraalsen (1989-90) · Grete Faremo (1990-92) · Kari Nordheim-Larsen (1992-97) · Hilde Frafjord Johnson (1997-2000) · Anne Kristin Sydnes (2000-01) · Hilde Frafjord Johnson (2001-05) · Erik Solheim (2005-12) · Heikki Holmås (2012- ) |