Nikolai E. Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolai Astrup (2010)

Nikolai Eivindssøn Astrup (fødd 12. juni 1978 i Oslo) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore valt inn på Stortinget frå Oslo sidan 2009, og er også nestleiar i Oslo Høgre frå 2008. Astrup er medlem i Stortingets energi- og miljøkomité, og er Høgres talsmann for desse sakene. Han er dessutan engasjert i EU-saka, og er leiar i Høgres EU-utval.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Astrup er son av forretningsmannen Eivind Astrup (fødd 1945)[1] og Vibeke Mortensen (født 1947), og ber namnet til faren som patronymikon. Nikolai Astrup gjekk ved Voksen skole 1985–1991 og Hovseter ungdomsskole 1991–1994. Han gjekk på skole i Sveits 1994–1995, og gjekk deretter IB ved Berg VGS 1995–1997. Han har bachelor i internasjonale forhold frå 2000, og master i europeisk politikk og styring frå 2005, begge frå London School of Economics and Political Science.

Astrup var praktikant hjå Verdsorganisasjonen for helse i 1999, var konsulent i strategi og forretningsutvikling hjå Arkwright 2000–2002, og var vitskapleg assistent ved London School of Economics and Political Science 2005–2006. Ansvarleg redaktør i tidsskriftet Minerva 2001–2008.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Astrup var leiar i Oslo Unge Høgre 2002–2004, og som leiar der skreiv han boka Velferd etter velferdsstaten saman med Torbjørn Røe Isaksen i 2004. Medlem av Studentparlamentet i Oslo 2002–2003. Politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre 2006–2008, i tillegg til ein periode som byrådssekretær for dåverande byrådsleiar Erling Lae

Astrup har mellom anna markert seg i debatten rundt norsk narkotikapolitikk. I 2003 foreslo han at Noreg skulle dele ut heroin til 600 narkomane i Oslo, etter modell frå me.a. Nederland og Sveits.[2] Av argumenta til Astrup var at dette kunne føre til ein nedgang i prostitusjonen i Oslo,[3][4] og at det var liten eller ingen forskjell på å dele ut heroin og metadon.[5] Astrup har også gått inn for å endre sosialtenesteloven slik at ein kan yte sosialhjelp i heimkommunen til ein person, for å unngå tilstrømming av narkomane til Oslo.[1]

Astrup vart nestleiar i Oslo Høgre i 2008, og same år også leiar i Høgres EU-utval. Han var 4. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, men vart i 2009 nominert som 4. kandidaten til Høgre, og vart valt inn på fast mandat. Dette skjedde etter ein høvesvis mykje omtalt nominasjonsrunde der Inge Lønning i tur tapte ny nominasjon mot Michael Tetzschner på 3. plass og Astrup på 4. plass.[6] Ein annan utfordrar til plassen Astrup har på lista var Afshan Rafiq.

På Stortinget er Astrup, forutan å vere medlem av Energi- og miljøkomiteen og talsmannen til partiet for desse sakene, varamedlem av Stortingets delegasjon til parlamentarikarkomiteane i EFTA og EØS.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Vil sende narkomane hjem», Verdens Gang, 6. oktober 2002
  2. «Unge Høyre-leder – vil ha gratis heroin», Verdens Gang, 28. april 2003
  3. «Oslo Unge Venstre oppfordrer prostituerte – Flytt til Karl Johan!», Aftenposten Aften, 23. februar 2004
  4. «Dobbeltmoralsk», Dagsavisen, 19. februar 2004
  5. Utdeling av heroin som behandlingstilbud. Liberaleren (2004-06-10).
  6. Stine Barstad og Halvor Hegtun (1. september 2009). Inge Lønning vraket. Aftenposten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nikolai E. Astrup