Kurol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kurol

Status i verda: Livskraftig (LC)

Kurol, hofugl eller ungfugl
Kurol, hofugl eller ungfugl

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Coraciiformes
Familie: Leptosomatidae
Slekt: Leptosomus
Art: L. discolor
Vitskapleg namn
Leptosomus discolor
Hermann, 1783

Kurol, Leptosomus discolor, er ein middels stor fugl som har leveområde i skogshabitat på Madagaskar og Komorane. Han er monotypisk i den biologiske familien Leptosomatidae, vanlegvis plassert i ordenen råkefuglar, Coraciiformes. Det er skildra tre underartar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kurol har ei totallengd på 40-50 cm, storleiken varierer med underart. I motsetnad til råkar og markråkar, der begge kjønn har same utsjånad, viser kurol kjønnsdimorfisme. Hannfuglar har stort sett fløyelsaktig grått bryst og hovud, skiftande gradvis til kvitt ned mot undersida. Oversida, hale og dekkfjørene er mørke iriserande grøne med lilla skjær, spesielt på dekkfjørene, og krona og augestripa er svarte. Hoene er stort sett brune med bleikare, mørkflekket underside. Ungfuglar er generelt skildra som hofuglliknande. Nebbet er tjukt og auga sit langt tilbake i andletet. Beina og føtene er små, og føtene har ein uvanleg struktur som har forvirra mange ornitologar, men er no anteke å vere zygodaktyl, to tær framover og to bakover.

Dietten til kurol er ikkje godt kjent, men ein ekspedisjon i 1931 fann at kameleonar og insekt, særleg grashopper og larver er viktig føde.[1] Ein har ofte funne følgjande i magesekken til kurol: håra larver, grashopper, sikadar, pinnedyr og gekkoar. Den typisk jaktteknikken til denne arten går på å sitje stille på post og så å gjere ei rask nedstiging mot byttedyret når det observert. Etter at byttet er fanga kan dei avlive det ved å halde det i nebbet og slå det mot ei grein. Dei vil òg ta bytte i flukta.

Det finst få undersøkingar av hekkebiologien til kurol. Han har tidlegare vore skildra som ein polygam hekkefugl, men det er ikkje prov for dette.[1] Reiret ligg i høge tre, 4-6 meter opp frå bakken, i naturlege holrom. Det finst ikkje reirmateriale plassert inne i holrommet, dei kvite egga vert lagt direkte på botnen. Den vanlege storleiken på eit kull er rundt fire egg. Hofuglen gjer all ruginga, og får mat frå hannen medan ho ligg i reiret. Rugetida er ca. 20 dagar, og ungane held seg i reiret i om lag 30 dagar til dei er flygeferdige.

Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

Kurol er skildra som veldig tam, og blir generelt ikkje forstyrra av innbyggjarane på Madagaskar, der mange kjenner legender og mytar om arten. Av mange blir han rekna som eit godt omen, og bringer bod om klårt vêr. Tendensen til å bli observert parvis har òg ført til samband til par og kjærleik. Arten er vanlegvis ikkje jakta og har vist seg motstandsdyktig mot habitatendringar som har truga andre innfødde fuglar. IUCN har i 2009 klassifisert arten som livskraftig.[2]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Leptosomatidae er vanlegvis plassert i ordenen råkefuglar, Coraciiformes. Ordenen femnar dessutan om ni andre familiar, mellom anna råkar, markråkar, motmotar, bietarar, todiar og isfuglfamilien. Plasseringa av Leptosomatidae er ikkje heilt klår, og dessutan omstridt. Det er tre underarter, nominalforma L. d. discolor er funnen på Madagaskar og Mayotte Island, L. d. intermediusAnjouan, og L. d. gracilisGrand Comoro. Den siste har mindre storleik, har skilnader i fjørdrakt, og mindre skilnadar i lydytringar jamført med nominalarten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal, J., ed (2001). «Family Leptosomatidae (Cuckoo-roller)». Mousebirds to Hornbills. Handbook of the Birds of the World. Band 6. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 848733430X. 
  2. IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.1. <www.iucnredlist.org>. Lest 13. juni 2010.