Langhalekoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Langhalekoel

Status i verda: LC Livskraftig

LanghalekoelLitografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Langhalekoel
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Cuculiformes
Familie: Cuculidae
Slekt: Eudynamys
Art: E. taitensis
Vitskapleg namn
Eudynamys taitensis
Sparrman, 1787

Langhalekoel, Eudynamys taitensis, er ein gaukeart som hekkar i biotop med skog på New Zealand og overvintrar på tropiske øyar i vestlige Stillehavet. Som nokre andre gaukar, praktiserer langhalekoelen reirparasittisme og utnyttar mohuaer til vertar for fostring av avkommet sitt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Medrekna den lange halen er langhalekoel litt lengre enn arten gauk i Europa, 40 centimeter og han veg 125 gram. Langhalekoelen har mørkbrun overside med svarte tverrstriper, andlet og underside er lys gulbrun med mørke eller svarte striper. Ungfuglar er generelt lysare med kvite flekker på oversida.

Langhalekoelar er sterke flyttfuglar, all hekking går føre seg på hovudøyane av New Zealand og på mindre øyar i landet som er skogkledde og har bestand av vertsfuglar for egg og ungar, slik som til dømes på Stewart Island/Rakiura, Little Barrier Island og Kapiti Island. I januar til april trekker alle langhalekoelar nordover til Stillehavsøyar i området mellom Bismarckarkipelet utanfor Ny-Guinea i vest til Marquesasøyane og Tuamotuøyene i Fransk Polynesia i aust. Under trekket kan dei passere austkysten av Australia. Dei flyttar sør igjen til tidleg oktober og kjem fram til same geografiske hekkeområdet som førre året. Fuglane er mykje vokale både i hekketida og under trekket.

Kvithovudmohua i nord, og gulhovudmohua og pipipi i sør, er dei føretrekte vertsfuglane for langhalekoel. Dei legg berre eit egg i kvart vertsreir, egget er større enn mohuaegga og rugetida er kort, ca. 16 dagar, slik at gaukungen kastar ut dei andre egga eller ungane frå reiret når gaukeegget er klekt. Langhalekoelungen blir fôra av vertsparet og hjelparane deira i minst fire veker, jamvel om dei er flygedyktig etter tre veker. Ungfuglane held seg truleg i vinterkvarteret i tropane gjennom den første sommaren.

Langhalekoelar beitar primært på store virvellause dyr, men òg små skjelkrypdyr, fugleegg og fugleungar, og dessutan frukt ved høve.

Storleiken av bestanden er ikkje kjent, han reknast ikkje som trua, men er trudd å vere minkande.[1]

Dette er ein gaukeart med uklåre taksonomiske relasjonar,[2] etter Clementslista er han medlem av slekta Eudynamys.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2012) Species factsheet: Eudynamys taitensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 6. oktober 2012
  2. IOC World Bird List har sett inn arten i si eiga slekt Urodynamis': http://www.worldbirdnames.org/n-hoatzin.html Henta 6. oktober 2012
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Langhalekoel