Kvithovudmohua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvithovudmohua

Status i verda: LC Livskraftig

KvithovudmohuaFoto: Flickr-brukar 57Andrew
Kvithovudmohua
Foto: Flickr-brukar 57Andrew

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pachycephalidae
Slekt: Mohoua
Art: M. albicilla
Namn på andre språk
  • Maori:Pōpokotea
  • Engelsk: Whitehead
  • Bokmål: Hvithodemohua
Vitskapleg namn
Mohoua albicilla

Kvithovudmohua (Mohoua albicilla), maori Pōpokotea, er ein liten sporvefuglNordøya på New Zealand med minkande populasjon og utbreiing. Han er ein av tre artar i den biologiske slekta Mohoua, ei slekt som er endemisk til New Zealand. Slekta er for tida klassifisert i familien plystrarar, Pachycephalidae, og dermed trudd å vere nærskylt typiske plystrarar i Australia. Kvithovudmohuaen er òg i same familien som dei uvanlege pitohuiar, ei slekt på Ny-Guinea der somme artar har alkaloide nervegifter i hud og fjører. Arten har ein spesiell plass i maorikulturen, og tidlegare blei levande fuglar fanga og brukt i fleire ulike typar seremonielle ritual.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kvithovudmohuaen er 15 cm i lengd, og veg 18,5 og 14,5 gram, hannar høvesvis hoer.[1] Fjørdrakta har bleikbrun overside, venger og hale. Hannar har nesten rein kvitfarge på hovud og underside, hoer og juvenile er meir skuggelagt brun i nakken og på krona, toppen av hovudet.[1][2] Det svarte nebbet og dei svarte auga står kontrast til det kvite hovudet, og føtene er blåleg svart i farga.

Habitat og distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Utbreingsområdet for denne arten har alltid vore avgrensa til Nordøya på New Zealand, medrekna fleire mindre øyar rundt Nordøya, inkludert Little Barrier Island, der han er den vanlegaste skogsfuglen,[3] Great Barrier Island og Kapiti Island.[4] Området har minka markert sidan 1800-talet på grunn av ei rekkje menneskelege påverknader, og utgjer i dag berre ein brøkdel av arealet for over 200 år sidan. Kvithovudmohuaer er generelt avgrensa til dei større habitata av eldre kratt og opphavleg skog som framleis finst på Nordøya, men arten har òg synt seg tilpassingsdyktig ved å etablere bestandar i ei rekkje plantasjar av innført furu, spesielt på det vulkanske platået på Nordøya.[1][2]

Kvithovudmohuaen og den nære slektningen, gulhovudmohua, har ingen overlappande utbreiing, den sistnemnde arten lever berre på Sørøya.

Økologi og åtferd[endre | endre wikiteksten]

Når ein møter kvithovudmohuaer i feltet syner dei ofte flokkåtferd, og flokkane består generelt av små familiegrupper.[1]

Dietten av kvithovudmohuaer er primært insekt - dei er klassifisert som trelevande insektetarar.[5] Dei viktigaste byttedyra deira er edderkoppar, møll, sommarfugllarver og biller[1] som dei plukkar frå trestammar, blad og greiner i trekronene. Kvithovudmohuaer går sjeldan ned på skogbotnen for å beite.[2][4] Frukt av innfødde planter som māhoe er og del av dietten, og akkurat som gulhovudmohua vil dei ofte hengje opp ned frå greiner eller kvistar når dei et. Kvithovudmohuaer dannar ofte fleirartsflokkar for å fange insekt når salflikfuglar, parakittar (kākāriki) eller gråbrystbrillefuglar beitar.[1]

I motsetnad til gulhovudmohua, som hekkar berre i hòlrom i trestammar som er generelt høgt oppe i trekronene, byggjer kvithovudmohuaen eit meir konvensjonelt koppforma reir anten høgt i trekroner eller lågare ned i mindre tre eller i buskar, 1 til 15 meter over bakken.[1] Hoa legg mellom 2-4 egg, rugetida er vanlegvis rundt 18 dagar, etter det tar det ytterlegare 16-19 til ungane flyg, ungane blir mata av begge foreldra.[2] I november og desember vil ofte langhalekoel fungerer som ein reirparasitt på hekkande kvithovudmohuaer ved å skyve egga til kvithovudmohuaen ut av reiret og legge éit av sine eigne egg i staden.[6][7]

Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne subfossil restar av kvithovudmohuaer over heile Nordøya[1] og arten var enno vidt utbreitt då den europeiske busetjinga på New Zealand tok til i 1840-åra.[1] Historisk har avskoging øydelagt store delar av habitatet for denne arten, men i dag er det største trugsmålet predasjon frå innførte pattedyrartar som rotter og røyskatt. Resultatet av trugsmålet blei lokal utrydding over delar av Nordøya, spesielt i dei nordlege regionane. Han forsvann frå Northland i 1870-åra og frå det utvida Auckland-området i 1880-åra.[1] Dei forsvann òg frå Great Barrier Island på 1950-talet.

Ein aktiv vernekampanje har medverka til at kvithovudmohuaer har blitt gjeninnført til naturområde i nærleiken av storbyane Auckland og Wellington. Gjeninnføring har òg gått føre seg i Waitakere Ranges, Hunua Ranges, Karori Wildlife Sanctuary og på Tiritiri Matangi Island i Haurakigolfen.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 R.A Falla, R.B. Sibson og E.G. Turbott, The new guide to the Birds of New Zealand, Collins, 1979
  3. Gill,B.J. og G. Maclean, Ian, Morphometrics of the whitehead Mohoua albicilla on Little Barrier Island, New Zealand, New Zealand Journal of Zoology, 1986, volume 13:267-271
  4. 4,0 4,1 Chloe Talbot Kelly, Collins handguide to the Birds of New Zealand, Collins, 1982
  5. John Dawson og Rob Lucas, The Nature Guide to the New Zealand Forest, Godwit, 2000
  6. F.C. Kinsky, C.J.R. Robertson, illustrated by Janet Marshall, Handbook of common birds of New Zealand, Reed Methuen, 1987
  7. Andrew Crowe, illustrated by David Gunson, Which New Zealand bird?, Penguin, 2001
  8. Reintroduction Specialist Group New Zealand Whitehead and Yellowhead Reintroductions Henta 12. desember 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvithovudmohua