Love on the Rocks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Love on the Rocks
Singel av Neil Diamond
frå albumet The Jazz Singer soundtrack
B-side «Acapulco»
Utgjeve 1980
Innspelt 1980
Sjanger Pop
Lengd 3:40
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Gilbert Bécaud
Produsent Bob Gaudio
Neil Diamond-kronologi
«Dancing in the Street»
(1980)
Love on the Rocks «Hello Again»
(1981)

«Love on the Rocks» er ein song skriven av Neil Diamond og Gilbert Bécaud frå filmen The Jazz Singer frå 1980 og vart framført av Diamond på albumet til filmen. Han vart gjeven ut som ein singel og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i januar 1981, på toppen låg «(Just Like) Starting Over» av John Lennon. I tillegg til hovudlista nådde han tredjeplassen på Adult Contemporary-lista i USA.[1][2] Billboard rangerte han òg på 26. plass på den totale lista for 1981.[3] Han gjorde det mindre bra i Storbritannia, der han berre nådde 17. plass.[4] Han vart framført av Gladys Knight på albumet Great Solo Performances by Guest Artists from the Tom Jones Show, Vol. 1.[5] Bécaud spelte inn songen i 1991 for albumet Mon Copain.


Billboard Magazine-kritikaren Vicki Pipkin kalla «Love on the Rocks» ein «mektig ballade i sann Diamond-stil».[6] Billboard kalla òg songen «ein av Diamond sine mektigaste».[7] The Darkness gjorde ein hyllest til songen då dei spelte inn «Love on the Rocks with No Ice» i 2002.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Jazz Singer Awards». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/the-jazz-singer-mw0000189785/awards. Henta 3. september 2013. 
  2. Jackson, L. (2005). Neil Diamond: His Life, His Music, His Passion. ECW Press. ss. 164, 171. ISBN 9781550227079. 
  3. «Pop Singles», Billboard Magazine: YE-9, December 26, 1980, http://books.google.com/books?id=BCQEAAAAMBAJ&pg=PT60&lpg=PT60&dq=%22love+on+the+rocks%22+diamond&source=bl&ots=vCGUSA96rp&sig=5cD7VL476VNH0r6KTA5B9L4jGNM&hl=en&sa=X&ei=lBMtUMeAKoXi0QHaxYGIDg&ved=0CDMQ6AEwATgK#v=onepage&q=%22love%20on%20the%20rocks%22%20diamond&f=false, henta 2012-08-16 
  4. «Neil Diamond». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/neil%20diamond/. Henta 3. september 2013. 
  5. «Great Solo Performances by Guest Artists from the Tom Jones Show, Vol. 1». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/great-solo-performances-by-guest-artists-from-the-tom-jones-show-vol-1-mw0001003207. Henta 3. september 2013. 
  6. Pipkin, V. (December 20, 1980), «No Jazz Heard in 'Jazz Singer' Film», Billboard Magazine: 20, http://books.google.com/books?id=GyUEAAAAMBAJ&pg=PT19&lpg=PT19&dq=%22hello+again%22+diamond&source=bl&ots=BPQyk-hyBp&sig=Vaia2nKIoxEfjTLfZ-KZuD6xkEU&hl=en&sa=X&ei=604sUOOUEIaR6gH5_4HgBg&ved=0CEkQ6AEwBTgK#v=onepage&q=%22hello%20again%22%20diamond&f=false, henta 3. september 2013 
  7. «Spotlight», Billboard Magazine: 90, November 15, 1980, http://books.google.com/books?id=SyQEAAAAMBAJ&pg=PT145&lpg=PT145&dq=%22love+on+the+rocks%22+diamond&source=bl&ots=ubD6HyqhLN&sig=0ge2GSghHEGSWsyr2UUoMSMPa5g&hl=en&sa=X&ei=mhEtUJr1Oabf0QHNzoCgDQ&ved=0CFsQ6AEwCA#v=onepage&q=%22love%20on%20the%20rocks%22%20diamond&f=false, henta 2012-08-16 
  8. Edwards, G. (2006). Is Tiny Dancer Really Elton's Little John?. Random House. s. 124. ISBN 9780307346032. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]