Luther Vandross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luther Vandross
Verkeleg namn Luther Ronzoni Vandross
Fødd 20. april 1951
Manhattan i New York City
USA
Død 1. juli 2005 (54 år)
Edison i New Jersey,
USA
Sjanger R&B, soul, softrock
Aktive år 1968–2005
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Tilknytte artistar Change, Chic, Richard Marx, Whitney Houston
Plateselskap Cotillion, Epic, Virgin, J, Legacy
Nettstad www.luthervandross.com

Luther Ronzoni Vandross (20. april 19511. juli 2005) var ein amerikansk songar, låtskrivar og plateprodusent. I løpet av karrieren sin selde Vandros meir enn 25 millionar album[1] og vann åtte Grammy Award[2] inkludert beste mannlege R&B-vokal fire gonger.

Luther Vandross byrja å spele piano då han var tre år. Han starta karrieren sin på 1970-talet som bakgrunnsvokalist for artistar som David Bowie (som oppdaga han og fekk han med på sitt Young Americans-album), Roberta Flack, Carly Simon, Donna Summar, Bette Midlar, Chic og Barbra Streisand. Han fekk endeleg gjennombrotet sitt som gjestesanger for gruppa Change. Hans første hit var «Searching».

Vandross hadde diabetes, ein sjukdom som gjekk i familien. I 2003 vart han veldig sjuk. Han stilte opp på Grammy for å motta prisen for årets song, og då sa han «Whenever I say goodbye it's never for long because I believe in the power of love» (direkte omsett: «Kvar gong eg seier farvel er det ikkje for lengje, fordi eg trur på styrken i kjærleiken».

Forutan å vere på The Oprah Winfrey Show, vart han aldri sett offentleg igjen. Luther Vandross døydde 1. juli 2005 på John F. Kennedy Medical Center i Edison i New Jersey i ein alder av 54. Grunnen til at han døydde vart aldri sagt offentleg. Minnestunda vart halden 8. juli, 2005 i New York City. To dagar seinare vart han gravlagd i George Washington Memorial Park i Paramus i New Jersey.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Luther Vandross». AskMen.com (UK Edition). http://uk.askmen.com/men/entertainment_100/132b_luther_vandross.html. Henta 6. mai 2011. 
  2. «Vandross' Funeral Soulful and Powerful». Yahoo! News. July 8, 2005. http://music.yahoo.com/read/news/21620783. Henta 6. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]