Marc Bloch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marc Bloch

FøddMarc Léopold Benjamin Bloch
6. juli 1886
2nd arrondissement of Lyon
Død16. juni 1944
Saint-Didier-de-Formans
NasjonalitetFrankrike
Områdehistorie
Yrkehistorikar, mellomalderhistorikar, professor, fransk motstandskjemper, foreleser, universitetslærar
InstitusjonarUniversité de Strasbourg
Universitetet i Paris
Université de Montpellier
Alma materLycée Louis-le-Grand
École normale supérieure
Universitetet i Leipzig
Universität Straßburg
DoktorgradsrettleiarChristian Pfister
BarnÉtienne Bloch
MedlemSociété de l'histoire de Paris et de l'Île-de-France
Operational Energy Service
Francs-tireurs et partisans
Mouvements Unis de la Résistance

Marc Léopold Benjamin Bloch (6. juli 188616. juni 1944) var ein fransk historikar, med fransk mellomalderhistorie og tida mellom fyrste og andre verdskrigen som spesialfelt. Han var ein av utgjevarane av tidsskiftet Annales, og utgjorde midtpunktet i ein krins som innførte ein ny standard i historieforskinga. Bloch vart skoten av Gestapo under den tyske okkupasjonen av Frankrike.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bloch var fødd i Lyon av jødiske foreldre. Han studerte ved École Normale Supérieure og Foundation Thiers i Paris, sidan i Berlin og Leipzig. Under fyrste verdskrigen tenestegjorde han i infanteriet. Han var offiser, steig til kapteinsgraden, og vart tildelt æreslegionen.

Etter verdskrigen arbeidde han ved universitetet i Strasbourg. Frå 1936 var han professor i økonomisk historie ved Sorbonne-universitetet i Paris.

Historikar[endre | endre wikiteksten]

I 1924 publiserte Bloch eit av sine mest kjende verk, Les rois thaumaturges: étude sur le caractère surnaturel attribué à la puissance royale particulièrement en France et en Angleterre. Boka handla om dei tradisjonstunge forestillingane kring kongen og oppfatninga om hans magiske krefter. Han samla og studerte skrifter som omtala mellomalderkongar i stand til å lækje kjertelsykje einast ved å legge handa på folk som hadde sjukdomen. Denne folketrua, tradisjonen hadde røter tilbake til den magiske rolla kongen hadde i antikke samfunn. Verket hadde stor innverknad ikkje berre på mellomalderens sosialhistorie, men også på kulturantropologien.

I 1929 grunnla Bloch og Lucien Febvre tidsskriftet Annales d'histoire économique et sociale (no kalla Annales. Histoire, Sciences Sociales). Tidsskriftet fekk stor utbreiing, og namnet Annales skulle verte knytt til ei tilnærming til historie kalla Annales-skulen. Blochs største arbeid tok føre seg føydalismen. Tobandsverket La Société féodale kom i 1939-40. Hans mest nyskapande og banebrytande arbeid var likevel monografien Les caractères originaux de l'histoire rurale française. Fyrsteutgåva vart gjeven ut i 1931 av ein forskingsinstitusjon i Oslo, men verket har aldri vorte omsett til norsk.

Bloch hadde stor innverknad på historiografien gjennom sitt ufullenda manuskript Apologie pour l'Histoire, eit skrift han arbeidde på då han vart drepen av nazistane. Boka hans er eit av dei viktigaste historiografiske arbeida i det 20. hundreåret.

2. verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen var Bloch aktiv i motstandsrørsla. Han vart teken til fange kort tid før invasjonen i Normandie; vart fengsla, torturert og til sist skoten av Gestapo i lag med tjueseks andre, for si deltaking i den franske motstandsrørsla. Drapa fann stad i Saint-Didier-de-Formans.

Blochs bok L'Étrange Défaite, som vart trykt etter han var død, vurderer det snøgge samanbrotet i den franske hæren som vart driven tilbake under den tyske Blitzkrieg i 1940. Og som attåt tilkjennegjev hans personlege syn på sin franske arv/bakgrunn, og hans plikter overfor landet sitt. I same verket refsar han den franske regjeringa for vegring mot å stole på sine eigne offiserar på slagmarka, noko som etter Blochs meining førte til at Frankrike overgav seg til nazistane.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Blochs fokus på longue durée og hans vektlegging av strukturar bakom hendingane, førte til at han vart skulda for å fornekte individuelle handlingar som ei kraft i historia, og for å marginalisere den politisk historia. I L'Étrange Défaite gjer han det heilt klart at enkeltpersonar kan stå for hendingar som endrar historia.

I 1998 vart det samfunnsvitskaplege universitetet i Strasbourg omdøypt til ære for Bloch. Université Marc Bloch vart 1. januar 2009 ein del av universitetet i Strasbourg.

Verk på nordiske språk[endre | endre wikiteksten]

  • Om friluftsmuseer och bygdemuseer i Skandinavien 1930, 1993
  • Forsvar for historien eller historikerens håndværk, 1973

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marc Bloch
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Marc Bloch