Mesteren og Margarita

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mesteren og Margarita


Opph. Мастер и Маргарита

Sjanger Roman; danning historie, metafysisk, satire
Utgjeve 1941
Forlag Gyldendal Norsk Forlag
Document forlag
Omsetjar Martin Nag (1967)
Erik Egeberg (1995)
ISBN 82-7519-025-8

Mesteren og Margarita (russisk Мастер и Маргарита, Master i Margarita) er ein roman av den ukrainskfødde russiske forfattaren Mikhail Bulgakov. Bulgakov byrja å skrive på boka i 1928, og skreiv på ho fram til han døydde i 1940. Romanen vart fullført av kona hans 1940 til 1941, men vart ikkje gjeve ut i heilskap i Sovjetunionen før i 1973.

Romanen vert rekna som ein av dei største romanane frå 1900-talet[1], og har vore omtalt «som ein krimroman, historisk roman, metafysisk roman, danningsroman, satire og epos».

Den fullstendige russiske utgåva av romanen frå 1973 er omsett til norsk av Erik Egeberg og utgjeve i 1995.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bulgakov starta på meisterverket Mesteren og Margarita alt i 1928, då under tittelen Den svarte mager. Då hadde Bulgakov vore forfattar i nesten ti år og hadde gjeve ut ein del verk som mange i Sovjetunionen mislikte og som gjorde at han vart følgd nøye med av sovjetisk politi etter direkte ordre frå Stalin. Dei tidlegare verka hans før 1928 hadde gjort det umogeleg for han sjølv å gje ut sine eigne verk i heimlandet. Dette førte til at han måtte ta jobb på diverse teater i Moskva i 1930-åra for å livnære seg og familien sin etter å ha sendt ut bønebrev til m.a. Stalin om anten å få løyve til å emigrere, eller å få ein jobb i landet. I desse jobbane jobba han stort sett som omsetjar, forfattar av skodespel basert på kjende personar eller av litterære verk som den sovjetiske staten godkjende.

Under perioden frå 1928 fram til 1938 vart romanen meir og meir komplisert. Han såg ut som to romanar samstundes. Fram til han døydde i 1940 brukte Bulgakov tida si på å flette saman romanane til ein. Rett før han døydde av ein arveleg nyressjukdom, uttalte han: «Folk må få vite om det, folk må få vite om det.» Kona hans avslutta romanen for han mellom 1940 og 1941, men måtte vente med å få gjeve han ut etter råd frå ein ven av forfattaren som meinte det var for tidleg å gje ut romanen og at ein måtte vente minst 50-100 år før Sovjetunionen vil kunne godkjenne han. 25 år seinare gav den konservative avisa «Moskva» ut romanen mellom 1966 og 1967. For første gong fekk omverda vite om romanen og han vart raskt omsett til mange språk, mellom anna til norsk i 1967. Men denne romanen var ikkje den hele og fulle utgåva, som kom ut i 1973.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Mesteren og Margarita er ein todelt roman. I den eine historia møter ein to menn på ein benk i Moskva, ein redaktør og ein diktar, som diskuterer eit bokprosjekt der diktaren skal vise at Jesus ikkje eksisterer. Med eitt dukkar det opp ein annan mann, som påstår at han er ein utanlandsk professor. Han går inn i diskusjon og prøver å motvise redaktøren. I det redaktøren skal hente militsen for å arrestere den frekke utlendingen, får redaktøren ei åtvaring om at han kjem til å verte drepen av trikken. Redaktøren tek ikkje dette så alvorleg, men litt seinare skjer nettopp det denne mannen hadde sagt. Seinare viser dette seg at mannen som har kome til byen er sjølve Satan som har kome saman med medhjelparane sine og skaper kaotiske tilhøve medan dei held seg i Moskva. Det får mellom anna diktaren, ein annan diktar som vert kalla Mesteren (som skreiv ein roman om Pontius Pilatus) og Margarita få merke.

Den andre delen handlar om Mesteren sin roman om Pontius Pilatus. Her gjev romanen eit anna bilete av kven denne mannen eigentleg er og ei anna mogeleg forteljing om krossfestinga enn det Bibelen gjev.

Mesteren og Margarita vert ofte tolka som ei samanlikning av politiske tilhøve og samfunnsforhold mellom Jerusalem på 30-talet e.Kr. og Moskva på 1930-talet, der begge byene vert skildra som ein by for makta, av grusomheit og politiske mord. Romanen vert òg rekna som ein satire over og ei skildring av den sovjetiske staten og samfunnet etter 1917 og fram til om lag 1940. I tillegg vert romanen omtalt som ein bibelkritikk av samtida si tolking av Bibelen etter brotet med realismen rundt 1900. Hovudpersonane Mesteren og Margarita vert ofte tolka allegorisk som Mikhail Bulgakov og den tredje kona hans Jelena Sergejevna, medan delen av historia der Mesteren og Margarita er sentrale, vert tolka som vegen deira for å offentleggjere romanen til verda.

Bulgakov sine inspirasjonskjelder til Mesteren og Margarita[endre | endre wikiteksten]

Tekster inspirert av Mesteren og Margarita[endre | endre wikiteksten]

Kjende sitat[endre | endre wikiteksten]

Fleire sitat frå Mesteren og Margarita har vorte slagord og uttrykk i Russland:

  • «Manuskript brenn ikkje» (Рукописи не горят)
  • «Det finst berre ein grad av friskheit - den første, som òg gjer han til den siste» (Свежесть бывает только одна – первая, она же и последняя)
  • «Lagar ikkje problem, rører ingenting, fiksar primusen» (Не шалю, никого не трогаю, починяю примус)
  • «Ingen ID, ingen person» (Нет документа - нет человека)

Filmatiseringar[endre | endre wikiteksten]

Mesteren og Margarita på norsk[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vart romanen første gong gjeve ut i 1967Gyldendal Norsk Forlag, omsett av Martin Nag. Romanen vart omsett på ny i 1995 av Erik Egeberg, basert på den fullstendige russiske utgåva frå 1973, og gjeve ut av Document forlagEidsvoll. ISBN 978-82-7519-025-1, ISBN 82-7519-025-8

Ei norsk dramatisering av romanen vart gjort i 2005 av Yngve Sundvor for Rogaland Teater i Stavanger, og skodespelet hadde premiere på hovudscenen på dette teateret 5. mars 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mesteren og Margarita