Mike Garson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mike Garson
Fødd 29. juli 1945
Instrument Piano, klaverinstrument, synthesizer, trommer, perkusjon, orgel, vibrafon, stylophone
Sjanger Rock, industriell, techno, jazz, funk, eksperimentell, folk, ambient
Aktive år 1964 til i dag
Nettstad www.mikegarson.com

Mike Garson (fødd 29. juli 1945) er ein amerikansk pianist, som er mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie, Nine Inch Nails, Billy Corgan, Free Flight og The Smashing Pumpkins.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1970-åra var Garson medlem av rock/country/jazz-bandet Brethren med Rick Marotta, Tom Cosgrove og Stu Woods. Dei spelte inn fleire album for selskapet Tiffany.

Garson spelte òg på albumet I'm the One av den eksperimentelle artisten Annette Peacock. Bowie bad Peacock med seg på ein turne, men ho avslo. Garson starta derimot eit varig samarbeid med Bowie.

Arbeid med David Bowie[endre | endre wikiteksten]

Garson spelte piano på den seinare delen av Ziggy Stardust-turneen og det unike bidraget hans til Aladdin Sane gav albumet ei avantgarde jazzkjensle med mellom anna lange og stundom atonale pianosoloar.

« Eg hadde fortalt Bowie om denne avantgarde-greia. Då eg spelte inn «Aladdin Sane» for Bowie, var det berre to akkordar, ein A og ein G, og bandet spelte særs enkel engelsk rock and roll. Og Bowie sa: 'spel ein solo på dette'. Eg hadde nettopp møtt han, så eg spelte ein blues-solo, men då sa han: 'Nei, det er ikkje det eg vil ha.' Og så spelte eg ein latinsk solo. Igjen sa Bowie, 'Nei nei, det er ikkje det eg vil ha.' Han fortsette: 'Du fortalte meg at du speler avantgarde musikk. Spel det!' Og eg sa: 'Er du sikker? Det kan hende du vert arbeidslaus!' Så eg gjorde soloen alle kjenner i dag, på eit forsøk. Den dag i dag for eg framleis epost om soloen. Kvar dag. Eg fortel alltid til folk at Bowie er den beste produsenten eg nokon gong har møtt, fordi han let meg gjere mi greie.[1]  »

Garson spelte òg for Bowie sin bandkollega bandmate Mick Ronson på den første og siste soloturneen hans, og det første albumet (Slaughter on Tenth Avenue). Garson erstatta stundom Ronson som Bowie sin musikalske leiar. Mellom anna på «We Are the Dead» frå Diamond Dogs-albumet, der det metronom-liknande pianoet til Garson gjev ein dramatisk setting for vokalen til Bowie og på tittelsporet til Young Americans der det spretne pianoet hans leiar bandet. Garson spelte med Bowie i seinare år, mellom anna på The Buddha of Suburbia og det ambisiøse Outside.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Parallelt til at han arbeidde med Bowie, har Garson drive ein solokarriere som jazzpianist, og strekt grensene for kunsten sin. Med ein unik stil har han vorte mykje nytta som studiomusikar.

I 1993 starta Garson ein kortvarig serie av Screen Themes-album, jazzutgåver av kjende tema og suitar frå filmmusikk frå 1993 og 1994. Det siste albumet var første gong Jessica L. Tivens, då 13 år gammal, spelte inn musikk for plate. Begge albuma vart gjevne ut på Discovery Records.

Andre samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Garson arbeidde med det gjenforeinte Spiders from Mars i 1975, i lag med Mick Woodmansey, Trevor Bolder, Dave Black (gitar) og Pete McDonald (vokal). Dei spelte inn eit album med same namn i 1976 før dei gjekk kvar sine vegar.

Han vart med Smashing Pumpkins for Adore-turneen, der han spelte piano, klaverinstrument og synthesizer. Pianospelinga hans var ein viktig del av framføringane til Pumpkins. etter turneen vart han med i soloprosjektet til Corgan for filmmusikken til Stigmata. Garson spelte piano på Machina/The Machines of God. Han spelte òg på Nine Inch Nails-albumet The Fragile, samt med artistar som No Doubt og mange andre.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2008 Interview with Mike Garson

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]