The Buddha of Suburbia av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Buddha of Suburbia
Filmmusikk av David Bowie
Utgjeve 8. november 1993
Innspelt Mountain Studios, Montreux i Sveits
Sjanger Rock, electronica
Lengd 55:26
Selskap BMG International
Kritikk
David Bowie-kronologi
Black Tie White Noise
(1993)
The Buddha of Suburbia Outside
(1995)

The Buddha of Suburbia er eit filmmusikkalbum frå 1993 av David Bowie som følgde miniserien The Buddha of SuburbiaBBC2 etter romanen The Buddha of Suburbia av Hanif Kureishi.

Albumet er det 19. studioalbumet til David Bowie og kom ut mellom Black Tie White Noise (1993) og Outside (1995). Det var produsert og miksa i Mountain Studios (Montreux) i Sveits og tok i følgje Bowie seks dagar å skrive og spele inn, og femten dagar å mikse på grunn av tekniske problem.[3]

Albumet er klassifisert som eit soundtrack sjølv om berre tittelsporet faktisk vart nytta i fjernsynsserien.

To av songane er ambiente instrumentalar og likna arbeidet Bowie gjorde med Brian Eno seint i 1970-åra. Andre songar på albumet nyttar mykje saksofon, elektronisk keyboard og piano.

Soundtrack[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det er klassifisert som eit soundtrack på plateomslaget, inneheld ikkje albumet mykje av musikken Bowie skreiv for BBC-serien. Denne musikken er ikkje gjeven ut. I staden valte Bowie å arbeide vidare med dei same motiva frå serien og skapte heilt forskjellige stykke som ein kan høyre på albumet. Berre tittelsporet er uendra frå det originale soundtracket.[3]

Sletting[endre | endre wikiteksten]

Trass i at Bowie trekte albumet fram som favorittalbumet hans[4] var dei amerikanske og europeiske versjonane av albumet lenge ute av opplag.

Albumet vart gjeve ut på ny 17. september 2007,[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie. 

# Tittel Lengd
1. «Buddha of Suburbia»   4:28
2. «Sex and the Church»   6:25
3. «South Horizon»   5:26
4. «The Mysteries»   7:12
5. «Bleed Like a Craze, Dad»   5:22
6. «Strangers When We Meet»   4:58
7. «Dead Against It»   5:48
8. «Untitled No. 1»   5:01
9. «Ian Fish, UK Heir»   6:27
10. «Buddha of Suburbia» (med Lenny Kravitz på gitar) 4:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.allmusic.com/album/r228641
  2. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=david+bowie
  3. 3,0 3,1 Bowie, David. The Buddha of Suburbia liner notes (BMG International, 1993) (available at Bassman's David Bowie page)
  4. Bowie quote from Contact Music Web Article
  5. BowieNet news 19. juni 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]