Ziggy Stardust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.
Ziggy Stardust
Song av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Utgjeve 6. juni 1972
Innspelt 1972
Sjanger Glamrock
Lengd 3:13
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Ken Scott

«Ziggy Stardust» er ein song skriven av David Bowie i 1972 for albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Namnet Stardust var inspirert av Legendary Stardust Cowboy. Songen er rangert på 277. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Making love with his ego, Ziggy sucked up into his mind
Like a leper messiah
When the kids had killed the man I had to break up the band

David Bowie (1972)

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowie spelte songen for BBC-radioprogrammet Sounds of the 70s: Bob Harris 1. januar 1972. Dette vart sendt 7. februar 1972. 16. mai 1972 spelte Bowie igjen songen på Sounds of the 70s: John Peel og dette vart sendt 23. mai 1972. Begge desse versjonane vart gjevne ut på Bowie at the Beeb i 2000.
  • Eit konsertopptak i Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72. Denne versjonen finst òg på den japanske samleplata RarestOneBowie.
  • Songen vart spelt på den kjende «farvelkonserten» i Hammersmith Odeon i London, 3. juli 1973 og gjeven ut på Ziggy Stardust: The Motion Picture.
  • Eit opptak frå Heroes-turneen i 1978 spelt inn i Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på Stage. Denne konsertversjonen vart òg gjeven ut som B-side til live-singelen «Breaking Glass» i 1978.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Bauhaus[endre | endre wikiteksten]

Ziggy Stardust
Singel av Bauhaus
Utgjeve September 1982
Sjanger Postpunk, glamrock
Selskap Beggars Banquet
Bauhaus-kronologi
«Spirit»
(1982)
Ziggy Stardust «Lagartija Nick»
(1983)

Det britiske gothrockbandet Bauhaus spelte ein versjon av «Ziggy Stardust» som dei gav ut som singel. Singelen kom ut i oktober 1982 på Beggars Banquet Records og nådde 15. plass på den britiske singellista.[1] B-sida var ein cover av Brian Eno, «Third Uncle».

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David, ed (2006). British Hit Singles &-album (19th ed.). London: HiT Entertainment. s. 45. ISBN 1-904994-10-5.