Outside av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Outside
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 26. september 1995
Innspelt Mountain Studios i Montreux i Sveits
Sjanger Industriell rock, rock, eksperimentell
Lengd 74:36
Selskap Arista/BMG
Produsent David Bowie og Brian Eno
Kritikk
David Bowie-kronologi
The Buddha of Suburbia
(1993)
Outside Earthling
(1997)

Outside er eit konseptalbum av David Bowie gjeven ut 26. september 1995 på Virgin Records. Det har undertittelen «the Ritual Art-Murder of Baby Grace Blue: A non-linear Gothic Drama Hyper-Cycle» og handlar om karakterar i ei dystopisk verd på nyårsaftan 1999. Albumet sende Bowie tilbake til hovudstraumen i rock med singlane «The Hearts Filthy Lesson», «Strangers When We Meet» og «Hallo Spaceboy» (remixa av Pet Shop Boys). Sjølv om albumet først fekk blanda kritikk, har albumet vokse med året og vert i dag av mange rekna som undervurdert.

Måleriet på framsida av omslaget er eit sjølvportrett måla av Bowie sjølv.

Konsept[endre | endre wikiteksten]

I plateomslaget kan ein lese ei novelle av Bowie kalla Diary of Nathan Adler, som fortel om den noko dystopiske versjonen av året 1999 der regjeringa, gjennom kunstkommisjonane sine har skapt ein nytt byrå for å etterforske fenomenet kunstkriminialitet. I denne framtida har mord og lemlesting av kroppar vorte ei kunstform i undergrunnen. Hovudrolla, Nathan Adler, arbeider med å avgjere kva av dette som var lovleg akseptert som kunst og kvar som var søppel. Albumet er fylt med referansar til karakterar og liva deira når han etterforskar mordet på ei fjorten år gammal jente.

I intervju sa Bowie at albumet var meint å reflektere over angsten i dei siste fem åra av tusenåret:

« Ambisjonen er å lage ei rekkje album fram mot 1999 for å prøve å fange kjensla av korleis dei siste fem åra av dette tusenåret er. Det er ei dagbok inne i ei dagbok. Forteljinga og sogene er ikkje innhaldet. Innhaldet er rommet mellom dei lineære bitane. Dei kvalmande, merkelege, teksturane...

Åh, eg har eit verkeleg håp for fin de siecle. Eg ser det som eit symbolsk offerrituale. Eg ser det som eit avvik, eit heidensk ønske om å tilfredstille gudar, så me kan kome oss vidare. Det er ein sann spirituell svelt der ute som vert fylt av desse mutasjonane av desse vage minna om seremoniar og ritual. Å fylle tomrommet som er att etter den ikkje-autoritativ kyrkja. Me har denne panikk-knappen som fortel oss at det kjem til å bli ein kolossal galskap mot slutten av dette tusenåret.[7]

 »

Oppfølgjaralbum[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg meinte Bowie å halde fram soga frå Outside med oppfølgjaralbuma Contamination og Afrikaan. Sjølv om det visstnok vart gjort noko arbeid i studio, er lite nemnd frå desse prosjekta sidan 2003.

Mottaking og turne[endre | endre wikiteksten]

I september 1995 byrja Bowie Outside-turneen, med Reeves Gabrels som gitaristen i bandet. Bowie valte Trent Reznor sitt Nine Inch Nails som turnepartnar i USA, noko som vart både hylla og latterleggjort av både tilhengjarar og presse. Nine Inch Nails starta konserten, og spelte alltid like lenge som Bowie. I overgangen mellom dei to artistane, spelte NIN fleire Bowie-songar («Subterraneans», «Hallo Spaceboy» og «Scary Monsters (and Super Creeps)»), etterfølgd av to NIN-songar med Bowie («Reptile» og «Hurt»). Den påfølgjande britiske og europeiske turneen var i lag med Morrissey som oppvarmar.

Trent Reznor har fleire gonger omtalt Davdi Bowie som ei stor inspirasjonskjelde og samarbeidde med Bowie i remixinga av «The Hearts Filthy Lesson» og i 1997 av «I'm Afraid of Americans».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All lyrics written by David Bowie; music compositions listed below. Listed in italics are the characters who are synging in each particular song.

All tekst skriven av David Bowie. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Leon Takes Us Outside» (Leon Blank) Bowie, Brian Eno, Reeves Gabrels, Mike Garson, Erdal Kizilcay, Sterling Campbell 1:25
2. «Outside» (Prologue) Keith Armstrong, Bowie 4:04
3. «The Hearts Filthy Lesson» (Detective Nathan Adler) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay, Campbell 4:57
4. «A Small Plot of Land» (The residents of Oxford Town, New Jersey) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay 6:34
5. «(Segue) Baby Grace (A Horrid Cassette)» (Baby Grace Blue) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay, Campbell 1:39
6. «Hallo Spaceboy» (Paddy) Bowie, Eno 5:14
7. «The Motel» (Leon Blank) Bowie 6:49
8. «I Have Not Been to Oxford Town» (Leon Blank) Bowie, Eno 3:47
9. «No Control» (Detective Nathan Adler) Bowie, Eno 4:33
10. «(Segue) Algeria Touchshriek» (Algeria Touchshriek) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay, Campbell 2:03
11. «The Voyeur of Utter Destruction (as Beauty)» (The Artist/Minotaur) Bowie, Eno, Gabrels 4:21
12. «(Segue) Ramona A. Stone/I Am With Name» (Ramona A. Stone and her acolytes) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay, Campbell 4:01
13. «Wishful Beginnings» (The Artist/Minotaur) Bowie, Eno 5:08
14. «We Prick You» (Members of the Court of Justice) Bowie, Eno 4:33
15. «(Segue) Nathan Adler» (Detective Nathan Adler) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay, Campbell 1:00
16. «I'm Deranged» (The Artist/Minotaur) Bowie, Eno 4:31
17. «Thru' These Architects Eyes» (Leon Blank) Bowie, Gabrels 4:22
18. «(Segue) Nathan Adler» (Detective Nathan Adler) Bowie, Eno, Gabrels, Garson, Kizilcay, Campbell 0:28
19. «Strangers When We Meet» (Leon Blank) Bowie 5:07

«I Am With Name» inneheld ein sample frå «The Brian May Band Live at Brixton Academy».[8]

Alternative versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den japanske utgåva av albumet hadde songen «Get Real» som ein ekstra song. Det same hadde Sony-utgåva frå 2004.

Ei forkorta utgåve kalla Excerpts from Outside vart gjeven ut på vinyl i 1995. I 1996 vart albumet gjeven ut som version 2, men forskjellige versjonar er gjevne ut i Australia, Japan og Europa. I Europa vart versjon 2 gjeven ut av BMG utan «Wishful Beginnings», men med Pet Shop Boys-remixen av «Hallo Spaceboy» som siste sporet. I Australia og Japan vart versjon 2 gjeven ut som eit dobbeltalbum, der den første var urørt og den andre inneheld remixar og konsertversjonar som alt var gjeven ut på singlar i 1995 og 1996. I 2004 vart albumet igjen gjeven ut som ei avgrensa dobbeltutgåve.

Australsk bonusplate – version 2[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «Hallo Spaceboy» (Pet Shop Boys remix) 4:26
2. «Under Pressure» (live version) 4:08
3. «Moonage Daydream» (live version) 5:29
4. «The Man Who Sold the World» (live version) 3:35
5. «Strangers When We Meet» (edit) 4:21
6. «The Hearts Filthy Lesson» (Bowie mix) 4:56

Den japanske utgåve av bonusdisken hadde «Rubber mix» av «The Heart's Filthy Lesson» i staden for «Bowie mix».

2004 avgrensa 2CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Lengd
1. «The Hearts Filthy Lesson» (Trent Reznor Alternative Mix) 5:20
2. «The Hearts Filthy Lesson» (Rubber Mix) 7:41
3. «The Hearts Filthy Lesson» (Simple Test Mix) 6:38
4. «The Hearts Filthy Lesson» (Filthy Mix) 5:51
5. «The Hearts Filthy Lesson» (Good Karma Mix by Tim Simenon) 5:00
6. «A Small Plot of Land» (Basquiat) 2:48
7. «Hallo Spaceboy» (12" Remix) 6:45
8. «Hallo Spaceboy» (Double Click Mix) 7:47
9. «Hallo Spaceboy» (Instrumental) 7:41
10. «Hallo Spaceboy» (Lost in Space Mix) 6:29
11. «I am with Name» (Album Version) 4:01
12. «I'm Deranged» (Jungle Mix) 7:00
13. «Get Real»   2:49
14. «Nothing to be Desired»   2:15

Unytta opptak[endre | endre wikiteksten]

Outside var opphavleg spelt inn i mars 1994, basert på tre og ein halv time med jam-sessions mellom Bowie, Eno og dei andre musikarane som var involvert i prosjektet. Bowie ønskte å gje ut dei rå versjonane av desse jammane som eit dobbeltalbum kalla Leon, men kunne ikkje finne noko plateselskap som var villige til å distribuere noko som var så ukommersielt. Fleire av spora har lekt ut på Internett og vert av tilhengjarane kalla Outside Outtakes.

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Posisjon
1995 Noreg 15
Storbritannia 8
USA 21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Miksing og handsaming:
    • David Richards
    • David Bowie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]